¡Catalonia!
Når eg finn slike tomatar, trur eg Gud finst. Men berre då.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
Roussillon
Då katalanarane reiste seg mot den spanske krona i 1640 (Det katalanske opprøret), gjekk Louis 13. av Frankrike inn i konflikten på fyrstnemndes side.
Etter ein langvarig krig delte Pyreneane-traktaten (1659) fyrstedømmet Catalonia, sikra Roussillon og ein del av Cerdanya (Cerdagne) til den franske krona og skapte den franske provinsen Roussillon.
Kjelde: Wikipedia

Endeleg har gamle Nordbø kome seg ut på tur att. Heile to år sidan sist no, og denne gongen er eg i Nord-Catalonia, også kjend som Roussillon. Her har det sjølvsagt vore kriga langt og lenger enn langt, med skiftande kongar og lojalitetar i eitt hakkande køyr, men til slutt, i 1659, blei området tilkjent det som i dag heiter Frankrike.
Ein reiser til Barcelona og kjem seg så over Pyreneane, om lag eit par timars tur med bil, tog eller buss. Dei har jo fjell i andre land òg, og desse traktene traska Ernest Hemingway rundt i med fiskestonga si, før han drog til oksefestivalen i Pamplona, San Fermines. Les gjerne Og solen går sin gang, gjennombrotsromanen hans.
Sidan eg ikkje har vitja Barcelona på skammelege førti år, det er altfor lenge, måtte me jo ta ein kveld og ei natt der. Me hadde flaks og fann det perfekte kjøkkenet rett ved der me budde, ein mann- og konerestaurant med menyar på tavle, nokre få bord og, som forventa, heilt eventyrleg mat.
Forretten me valde, var tomatsalat med fersk tunfisk, ein enkel, men velsmakande rett du gjerne kan lage sjølv: Skåld store tomatar ved å leggje dei i kokande vatn i eitt minutt. (Bruk gjerne tomatar som dei på biletet om du får tak på dei, i Noreg vil bifftomatar gjere susen.) Flå av skalet og del tomaten i tjukke skiver, og skjer nokre vårlaukstilkar på langs. Varm fisken og vårlauken forsiktig i jomfruolje og legg han på tomatskivene. Du kan sjølvsagt nytte tunfisk frå boks eller andre ferske fiskeslag, tynne skiver treng ikkje lang varmebehandling, berre til dei er kokt gjennom. Så enkelt og rustikt kan det gjerast.
Hovudretten var grilla torsk, me er jo nordmenn, og torsken, både som fersk fisk, klippfisk og tørrfisk, er jo som kjent sett umåteleg pris på i landa ved Middelhavet. Grilla til perfeksjon og med patatas fritas blei det ein höjdare nok ein gong. Husets crema catalana var ein herleg slutt på måltidet, han minner om crème brûlée og er minst like god.
I huset me låner, åt me nokre gargantuiske reker, som låg der så freistande og lagleg til for kjøp i den eventyrlege lokale supermarknaden. Me tok det heilt jordnært med majones, fersk bagett og sitronbåtar til å klemme over. Skalet laga me kraft av, sjølvsagt.
Om du ikkje vil lage kraft same dag, legg rekeskala i frysen til bruk seinare. Ha dei i ei stor gryte saman med ein grovt skiva lauk, ei oppdelt gulrot, nokre fedd kvitlauk og gjerne bitar av purre eller vårlauk. Hell i ei halv flaske rosé- eller turr kvitvin, og så vatn til det dekkjer. Har du litt tomat, paprika eller fennikel som syng på nest siste verset, kan det heller ikkje skade.
Fennikel er genialt i skaldyrkraft. Lat det no småkoke i minst ein halvtime, det skal berre boble så vidt, så skrur du av varmen, legg på lok og lèt det stå og godgjere seg ein halvtime til. Sil krafta og kok ho ned til det halve, eller til du synest skaldyrsmaken kjem godt fram. Salt og pepr etter smak, og lag så suppa ferdig ved å ha i kremfløyte eller crème fraîche. Du kan òg tomatisere suppa med passata eller tomat frå boks, men då misser du mykje av skaldyrsmaken. Server med godt brød og reker.
Og så, då? Kva skal me ete no? Jo, i landet med dei tusen ostane – det er sikkert fleire; president Charles de Gaulle klaga som kjent over at det ikkje er mogleg å regjere eit land med så mange forskjellige ostar – finn du alltid eit godt stykke blåmuggost.
Me fann ein Bleu D’Auvergne (Blue Castello, norske ostar som Selbu Blå og sjølvsagt Roquefort er alle framifrå), og så laga me ein enkel pastamiddag: Legg osten i steikepanna, er det eit lite stykke, kan du supplere med annan ost, til dømes kvitost. Det beste er sjølvsagt ein velvaksen blåmuggost. Smelt ostane på låg til middels varme mens du rører.
Når alt er smelta, sper du med kremfløyte til du får ein tjukk sauskonsistens. Ikkje salt før sausen er klar, blåmuggosten er gjerne så salt at det rekk i lange banar, men nykverna pepar er godt i denne sausen. Mens du lagar sausen, kokar du den pastaen du likar, til al dente. Ha i pastaen i panna med ei klype, litt etter litt, så ørlite av pastavatnet kjem med. Det er rikt på stivelse og også godt salta, om du har kokt han rett, så som eg sa: Ikkje bruk saltbøssa i utrengsmål.
Kva no? No er det berre å seie bon appétit!
Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.
post@nordbo.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trump meiner alvor med Grønland
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.
Jimmy Carter døydde 29. desember i fjor, 100 år gammal.
Foto: David Goldman / Ap / NTB
Ein inspirerande arv
Jimmy Carter fekk eit etterliv som menneskerettsaktivist og siviliserande moralpolitikar som ingen annan president i USA.
Regissør Robert Eggers har nytolka legenda om Dracula.
Foto: United International Pictures
Goth nyttår, folkens!
Kor skummelt kan det eigentleg bli når ein ikkje lenger trur på det overnaturlege?