JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MatFeature

Der storbåra bryt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stranda er vakker, men pass deg.

Stranda er vakker, men pass deg.

Alle foto: Dagfinn Nordbø

Stranda er vakker, men pass deg.

Stranda er vakker, men pass deg.

Alle foto: Dagfinn Nordbø

4813
20210716

Nazaré

I 1379 bygde kong Ferdinand I ei ny kyrkje til ære for den heilage madonnaa, og i det 16. og 17. hundreåret blei kyrkja kraftig utvida og gitt ein romsleg barokkstil.

Undervasscanyonen er 4300 meter djup, og det er litt av årsaka til dei ekstreme bølgjehøgdene. Det er ganske komplisert å forklare for ein enkel tekstforfattar med høgdeskrekk, men googlar du «Nazaré Canyon», får du heile historia.

Surfing er veldig populært i Portugal, og det finst tusenvis av surfeskular.

Dei sju skjørta er forsøkt forklart på mange vis: Somme seier dei symboliserer dei sju dagane i veka, andre held på at det er fargane i regnbogen. Sannsynlegvis handlar det om at fiskarkonene trong varme klede mens dei venta på ektemennene på stranda.

Kjelder: Wikipedia, Travel-in-portugal.com

Dei fleste har høyrt om den spanske solkysten. Costa del Sol er gjennomkommersialisert og ikkje ein stad eg oppheld meg meir enn ein dag eller to, men så fekk eg sjansen til å prøve noko heilt anna, nemleg Sølvkysten, Costa de Prata. Han ligg vest i Portugal, om lag midtveges mellom Lisboa og Porto.

Byen eg besøkte på Sølvkysten, heiter Nazaré, som naturlegvis viser til Jesu fødeby, Nasaret. Dette var lenge ein enkel fiskarlandsby, men dei siste åra har turismen vakse monaleg, ikkje minst fordi ein kan oppleve verdas høgaste bølgjer i Nazaré.

Ein undervasscanyon sørgjer for at ein set verdsrekordar i surfing her. Brasilianaren Rodrigo Koxa skreiv seg nyleg inn i historia her ved å surfe på den største bølgja nokon har våga seg opp på hittil, tjuefire og ein halv meter høg, ifølgje Guinness’ rekordbok.

Sjølv får eg høgdeskrekk av å stige opp på det andre trinnet på ei gardintrapp, så eg droppa surfinga. Dessutan skreiv vi februar, og då eg kom fram, hamna eg midt oppi det årlege karnevalet, som sjølvsagt var ein fest og ein halloi utan like.

Opptoget var overdådig og fortalde mykje om kva forskjellige folk synest er eksotisk: Ein del av dei hadde nemleg kledd seg ut som tyrolarar og paraderte bak ein gigantisk tyrolarhatt. Det seier litt om EU at befolkninga i eitt medlemsland synest eit anna medlemsland er så framandarta at dei passar i karnevalstoget.

Rett etter kom ei stor gruppe kvinner som hadde kledd seg ut som... indarar! Dei nekta seg heller ikkje kannibalar i blackface med digre bein gjennom nasen, så vi kan kanskje konkludere med at den tøffaste identitetspolitikken ikkje har fått veldig sterkt fotfeste her.

I Nazaré kan ein framleis støyte på eldre fiskarkoner som kler seg i den tradisjonelle klesdrakta, med svart hovudsjal og brodert forkle over sju forskjelligfarga flanellskjørt. Til dette bruker dei tresko. Sju skjørt – ein kan tenkje seg at den drakta blir noko heit om sommaren, sjølv om den atlantiske vinden svalar godt.

I gata der eg bur, er det berre nokre få meter ned til stranda. Utanfor kvar einaste dør står ein liten bordgrill parkert rett på brulegginga. Det er sjølvsagt fisk som vanlegvis står på grillmenyen, og vil du gjere det sjølv, kan du kjøpe fisk på fiskemarknaden, eller av ein lokal herre som liknar ganske mykje på Robert De Niro.

Menyane på restaurantane ber òg preg av nærleiken til havet, og folk her har som andre kystbuarar forstått det geniale i det enkle: Fisken blir grilla og servert med poteter, lauk og sitron. Reiser du hit, bør du vere varsam med å tinge kjøtt. På meg verkar det som portugisarane nokre stader behandlar kjøt som fisk, altså at dei gjennomsteiker det. Totalt. Og det er ikkje å føretrekke.

Restaurantane på strandsida må ta omsyn til dei ekstreme bølgjeforholda, mange av dei har fått fasadar, vindauge og dører regelrett smadra av bølgjer. Så om kvelden etter stengetid set dei opp kraftige trelemmar som skal hindre eventuelle skadar. Stranda og vindstyrken er nøye overvakt, og ofte er det forbode å gå der. Gjer du det likevel, er det 100 prosent på eige ansvar.

Området på strandsida blir kalla Praia, og på klippa over finn du Sitio, der det er hundre meter stupbratt rett ned. Sitio var den tryggaste staden å opphalde seg dersom ein ville unngå å bli plyndra av vikingar, seinare kom piratar av andre nasjonalitetar.

Segna fortel at ein riddar på hjortejakt her blei redda av sjølvaste jomfru Maria, via eit heilagt ikon som den gongen var plassert i ei lita grotte. Det vart tåkete under jakta, og riddaren påkalla Maria, som redda han og hesten frå å falle utfor klippa.

Han sette derfor opp eit kapell for å heidre det som kanskje er det eldste kristne ikonet vi kjenner til, ein liten trestatue av Maria. Etter tradisjonen blei det laga av tømmerhoggaren Josef, Jesu stefar, og seinare måla svart av evangelisten Lukas i det 4. hundreåret. Somme refererer til statuen som «Black Madonna», på norsk vil han heite «Vår Frue av Nazaré».

Dagfinn Nordbø

Dagfinn Nordbø er satirikar og tekstforfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis