JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Me – dei heldige – fekk høyre han

Hauk Buen, den eldste i syskenflokken, døydde 1. mars i år, 87 år gamal, og kviler sine bein ved Jondalen kyrkje, nokre kilometer frå Kongsberg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hauk Buen spelar ein av sine siste slåttar for publikum under lanseringa av Førnesbrunen, der Hallvard T. Bjørgum, i bakgrunnen, var medspelar på utgjevinga han gav ut på Sylvartun Folkemusikk, plateforlaget hans. Staden er Nordgarden, etter meisterspelemannen Torkjell Haugerud, og høvet var Landskappleiken i 2011.

Foto: Frode Inge Helland

14236
20210702

Buen-dynastiet

I tre, fire slektsleder har Buen-dynastiet, runne frå ættene Tjønn i Tuddal, Buen i Jondalen og Venås i Gransherad, spela ei leiarrolle i Folkekunst-Noreg.

Essayet til Hallvard T. Bjørgum, første del i dag, fortel om samarbeid og splid, om høge tankar og brotne voner i Folkemusikk-Noreg. Men mest om inntrykk no avlidne Hauk Buen var kjelda til, slik spelemannsvenen og kollegaen hans, Hallvard T. Bjørgum frå Setesdal, lèt oss få innsyn i her.

Livet har gjeve oss innsyn i ei gåte, ei openberring. Knut sa det i gravferda etter den blinde organisten i Tinn, Per Spilling. «Det er så reint at me kan lauge oss i musikken til Hauk.»

Sjølv har eg lauga meg i spelet no i eit par veker, og eg er enno ikkje ferdig. Det lauget ein aldri vil stige opp av. Som Anne Hytta au skreiv, slik at komen inn i den sfæren, ville ein berre bli der, ikkje forlate tilstanden.

Å finne løyndomen i spelet er ei nådegåve. Til grunn for det ligg både arv, miljø og ikkje minst ein brennande hug til å sjølv gje det nedfelte ein sjanse, vokstervilkår med bløming, til blømings brus, som diktaren seier.

Lavan Daliot, den israelske radiomannen, fekk nokre viktige utsegner på ein konsert med Hauk i Queen Elisabeth Hall i London. Habile personar der høyrde at musikken hans var seriøs, djup og ekte. Han var ein einar, med ein integritet som gjekk utanpå det meste.

Du ser det på YouTube frå Landskapp­leiken i 1987, der han spelar tre slåttar. Du høyrer det på innspelingane hans. I lag med Knut, bror sin, ikkje sjeldan i lag med systera Agnes Buen Garnås. Ja, til og med saman med den yngre generasjonen i familien, så var dei saman dynamitt, ja, ei heil salve.

Men kvar for seg har dei også stor sprengkraft. Me vil bli verande i denne musikken, la det bryte alle stengsel, me gløymer oss sjølve, og me gløymde at me nokon gong har teke i ei fele. Opplevinga var opphøgd, sublim og heilag. Med slik servering gløymer ein at ein nettopp «åt nista si», og tek for seg av det framborne spelet med enorm appetitt.

Apropos nettopp det, så kjem eg i hug eit hende då Arve Tellefsen skulle få tilbake Steintjønndal-fela frå felemakar og «trollmann» Olav Viken med kona Mary, som hadde vølt henne. Det var i heimen til Marianne Bergs foreldre på Ullern i Oslo, der me sat samla nokre av dei med sans for musikk, som me kjende.

Syskenbarn til Marianne, Ragnhild Plesner, musikkmeldar i Aftenposten, Lilleba Lund og Johan Kvandal, ho koloratursopran, han, seriøs klassisk komponist og organist, Tone, kona til Hauk og dei før nemnde. Hauk skulle demonstrere fela til Tellefsen for å prove at ho var i orden, for å seie det varsamt.

Etter nokre slåttar seier Johan Kvandal. «Jeg kom i skade av å ta et eple, men det knaste så vulgært i munnen, at jeg måtte stoppe å tygge.» Han var ein elskar av godt slåttespel, Kvandal. I Aftenposten, der han var spaltist på den tida, skreiv han etter ein setesdalskappleik at: «En slått er rett og slett et fullstendig kunstverk.» Ikkje berre som mange frå seriøst, klassisk hald hevda før, eit grunnlag for vidare omarbeiding. «Problemet i Norge m.h.t. klassiske musikere er ikke at de har en negativ holdning til folkemusikk, men at der ikke er noen holdning i det hele tatt.»

For relativt kort tid sidan opplevde eg at to ekspeditørar eg kom i prat med i ein konfeksjonsbutikk i Oslo, ikkje hadde høyrt ordet hardingfele. Kva gjekk gale, spør me oss som med glød og innsats har arbeidd heile livet for nettopp norsk folkemusikk, i skuleverket, i utdanningsinstitusjonar, i lag og samskipnader, i det offentlege rom i det heile.

I si tid, og det er snart førti år sidan, var det mange av oss som såg at ei heilt anna satsing måtte til for å nå ut. Tenkte – ut i «heile verda». Så naiv var eg! Eg trudde at om slike som Hauk Buen vart gjeve høve, gjennom oppdrag og framsyningar, og innspelingane på høgaste plan, for i sin tur å kunne bli lånt øyra til, så ville dei med innsyn og kjærleik, ja, dette store ordet… Så ville «alle» skjøne stordomen, slik at det ville vekke oppsikt og gjeve musikken «opprop». I tråd med det Ole Bull i si tid la opp til. Men etter Ole Bull har folkemusikken måtta klare seg sjølv. Det har ingen frå den kanten fylt hans skor og promotert folkemusikken der Ole Bull slapp. Ikkje i nærleiken eingong av det han gjorde.

I rettferda sitt namn lyt me nemne dei spreidde samarbeida som har vorte gjennomførte med folkemusikarar og klassiske utøvarar opp gjennom åra. Det er då gjerne med ei sambinding til «Op. 72» av Edvard Grieg at dette har vakse fram, der Knut Buen har hatt ein leiande funksjon og ei rolle fram til i dag. Men også andre hardingfelespelarar og folkesongarar har vorte slikt ærefullt oppdrag til del, slik underteikna har hatt, men berre ved eit par–tre høve.

Teatertanken til Ole Bull, med folkloreprega framsyningar, har poppa opp med ujamne mellomrom. Det mest å tenkje på er Dans ropte fela, tidleg på 1960-talet, der Barthold Halle saman med Edith Roger og ein tropp frå Den Norske Opera, gjorde ei framsyning der Sigbjørn Bernhoft Osa, Kjetil Løndal med fleire deltok. Dei tok «Amerika med storm», heitte det, og hadde meir og mindre faste framsyningar i Oslo au.

Den ideen greip Hallvard Kvåle på midten av 1980-talet, og saman med eit knippe blant dei mest framtredande i kategorien folkemusikk og -dans, der Hauk var omtrent ein kategori for seg sjølv, så etablerte me formelt Norsk Folkemusikkensemble som aksjeselskap. Med der var, forutan Hauk Buen og underteikna, Kirsten Bråten Berg, Maria Høgetveit Berg, Hallgrim Berg, Tone Hulbækmo, Hans Fredrik Jacobsen, Steinar Ofsdal, Borghild Hardang og Kristian Ihle Hanto. Eg er litt usikker på om Agnes Buen Garnås også var med. Knut Buen vart spurd, men takka nei.

Etter søknadsrundar vart det tilslag frå Kassettavgiftsfondet og Fond for utøvende kunstnere, men Norsk Kulturråd sende søknaden vår til uttale til det rådgjevande organet deira. Herifrå vart ein hemmeleg uttale gjeven, som gjekk ut på at faren for elitisme var overhengande, og ein måtte i framtida vere nøye med at ekspertisen vart «smurt utover» heile folkemusikkområdet, og ytt geografisk rettferd i høve tilskot i framtida. Det vart kroken på døra, med avslag frå Kulturrådet.

Sidan har konseptet med multimedieframsyning saman med liveprogram og gjennom samarbeid med avantgardegrupper vorte «gjenoppfunne» av Hallgrim Hansegård og hans folk, og det særs vellykka prosjektet. Også den gong var tanken å kunne knyte til oss eksterne folkemusikkutøvarar, som tillegg til det faste ensemblet, der det var teneleg og berikande. Sjølvsagt også profesjonelle fagfolk til instruksjon, eventuell programleiing om turvande og nytting av tekniske hjelperåder.

I åra før dette vart NFD, Norsk Folkemusikk- og Danselag skipa i Porsgrunn i 1987. Her var Hauk Buen «patriarken», den som folk kjende og såg uhyre opp til. Opptakten var først og fremst frå Bernt Balchen. Men eit opprop underskrive av Kjetil Løndal, Kjell Midttun, Odd Bakkerud og meg i Oslo to år før, i 1985, vart eit formelt startskot som eit par år seinare resulterte i det «alternative, nye landslaget», NFD.

Om årsmøtet i Landslaget for spelemenn på Lysebu i mars 1986 hadde imøtekome opposisjonen frå «dei med LfS sine grunnverdiar i framsetet», så hadde ikkje dette laget vore naudsynt. Men slik stoda vart, med så pressa tilhøve for det genuine, solistprega, på landsomfattande tilstellingar, vart det resultatet.

Eg rydda mange resepsjonar på hotella for at Hauk og hans folk skulle få la seg høyre, i von om at dette var eit viktig bidrag til tevlingane og konsertane på Landskappleikane. «Dei eldste formene», som det vart nemnt, dei som NFD særskilt ville ta seg av i føremåls- og definisjonsparagrafen i vedtektene, vart missmætte og skuva til sides, til fordel for meir dominerande former som den gong var særleg i vinden.

I ein evalueringsrapport av Georg Arnestad omtalar han NFD som «folkemusikkens Bellona», og det må me vere byrge av. NFD vart ein vaktar og påpassar på mange nivå, slik at Landslaget for spelemenn vart meir varsame og såg seg tente med å korrigere kursen opp mot retninga som NFD hadde staka opp.

Resultatet av dette vart som kjent Riksscenen i Oslo, som etter kvart vart eit samarbeidsprosjekt. Men han kom for seint til at Hauk fekk entre den scenen, anna enn som mottakar av Folkelarmprisen for utgjevinga Myllarslåttar.

Derimot hadde Gunnar Stubseid og eg ein «reunion»-konsert i eit lokale i regi av Riksscenen, ved Jan Lothe Eriksen, den gong. Første konsert, ei preopning av Riksscenen, tilfall Knut Buen og meg, og til tiårshøgtida sist haust spela me jubileumskonsert der igjen.

Så må eg tilbake til draumen, intensjonen min med å spreie god felemusikk verda over. I 1988 gav far og eg ut Genuine Folk Music from Norway: Dolkaren – The Best of Hallvard T. & Torleiv H. Bjørgum, som vart sett høgast av hundre etniske utgjevingar distribuerte av Tokyo Music det året.

Nokon hadde «skjøna lunta», som ein sa. Med Buen Kulturverkstads utgjevingar, der Hauk ved fleire høve er eineartist og til liks er i lag med yngste bror sin Knut og seinare Sylvartun Folkemusikk med fem utgjevingar, ved tre av dei saman med underteikna, så var vona, i alle høve i byrjinga, stor på å slå gjennom på breiare basis, ut i verda.

Konsertane til Hauk, frå Jerusalem, Europa og Amerika, indikerte at teknikken, både reisemessig og mediamessig, kunne hjelpe dette fram, og bryte gjennom.

Det gjekk ikkje slik. Musikken synte seg for kompleks til at mange nok der ute hadde føresetnader for å ta han til sitt bryst. Det er ikkje fordøming eller utestenging, men rett og slett det ibuande i denne musikken som er for krevjande.

Det breiare lag knekte ikkje koden. Derimot i alle musikk- og danserelaterte leirar, også i «vokal» forstand, har folkemusikarane i dei siste fire–fem tiåra nytt stor vyrdnad. Ja, så stor at nokre av våre største musikarar ikkje torer ense han av rein respekt, slik Terje Rypdal ein gong sa.

Heldigvis har andre tatt det spranget. Ikkje noko musikkmiljø her i landet kan vise til så stor kontaktflate som nettopp Norsk Folkemusikks utøvarar. Me har oppnådd ein del, respekt blant dei som er kapable til å ta inn musikkforma, og det er gjerne lydarar og utøvarar med brei bakgrunn, eller med folkemusikalsk ankerfeste, frå nær sagt kva landområde som finst.

Me kan så konkludere med at broren, meisterspelemannen Knut Buen, som no er professor ved Noregs musikkhøgskule i Oslo, i høve bror sin, Hauk, har vore ein like stor utøvar på sitt beste på klassisk slåttespel, og som tradisjonsberar, formidlar, formskapar og artist i brei forstand, jamvel vore endå større. Det var det klassiske slåttespelet Hauk dyrka for det aller meste. Det var der han var uslåeleg.

Derimot har Knut vore mykje meir allsidig, både med å leggje seg etter spelestilar og tonalitetar og ikkje minst dekka omtrent alle dei uttrykksformer som tenkjast kan innanfor den meir tradisjonelle hardingfelemusikken sitt rike. Men han har også vore ein produktiv og høgvyrd slåttekomponist, som ein av dei få i landet, aktiv og skapande tonediktar, tekstskrivar og melodiskapar, snart i to mannsaldrar. Ikkje minst med kulturverkstaden med eit hundretals utgjevingar av tradisjonsstoff, eigne komposisjonar, tradisjonelle slåttar, frå «kassettida» og seinare på CD-ar, dokumentarisk bokforfattar, lyrikar og forleggjar av bøker.

Med Tonehall for salsutstilling av målarstykke i bilete og rosemåling av seg og kona Tone Haugan Buen, Buen Amfi med høgtståande konsertprogram, også med klassiske musikarar. Sist men ikkje minst, alle institusjonskonsertar og store som små konsertar i inn- og utland, gjerne saman med Hauk og systera Agnes Buen Garnås, så har Knut sitt hopehav med dei eldre syskena, Hauk og Agnes, og ikkje å gløyme biletskaparen Kari og innovatøren av Buen hytter & hus, Asbjørn, med svogeren Per Garnås, vore kvarandre sine viktigaste ankerfeste, som kollega og støttespelar.

Bygt på ætterøtene har dette blitt Noregs mest framståande folkekunstslekt, og då har eg ikkje nemnt dei yngre arvtakarane frå notida, meisterkvedaren Ingvill Buen Garnås, meisterspelemannen Per Anders og broren, den altfor tidleg avlidne munnharpevirtuosen Jon Elling Buen Garnås.

Som det imøtekomande mennesket Hauk Buen var, så var sinnelaget hans ope for dei fleste. Men det er nok ikkje til å kome framom, slik eg kjenner til, at «veslebroren», Knut, hadde ei særstilling hjå han, som utøvar av same tradisjonen, men også som kjelde for gamle og nye slåttar.

Mine opptak med Hauk starta hausten 1987 på Henie Onstad Kunstsenter. Det er det beste innspelingsstudioet/konsertlokalet for hardingfeleopptak eg kjenner til. Det var likevel ein nokså stor hake ved staden. DC 9–10, ja, jumbojetar, letta frå nabolaget Fornebu lufthamn, periodevis alt i eitt. Det var som eit stalinorgel, ein kanonade i krig ein ikkje visste når og korleis kom og utvikla seg. Difor leigde eg heile kunstsenteret med Securitas-vakt nattetid. Så natta mellom 11. og 12. november spela Hauk inn slått på slått, utan eit einaste misstak, og storveges på alle vis.

Det var som skrive på stivt dansk om legenda Lars Fykerud frå Sauherad i Telemark: «Der andre anså seg ferdig, hadde Lars alltid et ekstra ærend.» Det fløymde ein stendig harmonistraum utan trot, då ein kom i hug Bibelens ord i Alexander Seippels omsetjing frå 1921: «Men når det fullkomne kjem, då skal det som er stykkjevis få ende. (...) Men no vert dei verande desse tri: Tru, von, kjærleik, og størst av deim er kjærleiken.»

Hallvard T. Bjørgum

Hallvard T. Bjørgum er statsstipendiat
som spelemann og kulturarbeidar.

Framhald av essay del 2 i neste Dag og Tid der Hallvard T. Bjørgum fortel frå eit liv i samvær med Noregs kanskje viktigaste folkekunstætt: Buen/Tjønn/Venås frå Jondalen, Tuddal og Gransherad, alle i eldre tid
heime­høyrande
i Telemark.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kva gjekk gale, spør me oss som med glød og innsats har arbeidd heile livet for norsk folkemusikk.

Det er ikkje fordøming eller utestenging, men rett og slett det ibuande i denne musikken som er for krevjande. Det breiare lag knekte ikkje koden.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Håvard Rem

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.

Foto: Warner Bros. Discovery

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Dyster dobbeldose

Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.

I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature
Hallgeir Opedal

Om Gud og lausriving

Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis