Prest for fattig og rik
I soknet hans finn du både Exit-meklarar og ekstremistar, Barcode og Wenches Bar.
Sokneprest Lars Martin Dahl i sofakroken på kontoret, med snippen i skjortelomma og ei pakke Kleenex på bordet.
Foto: Håvard Rem
Kva trur prestane? Del 6
Dag og Tid har samtala med prestar i Den norske kyrkja om dei sentrale trusspørsmåla slik dei kjem til uttrykk i liturgien og truvedkjenninga.
20. september: Folkekyrkja ved eit trusskifte. Presentasjon av serien.
27. september: Knut Rygh frå Halden, sokneprest i Sagene og Iladalen kyrkjelyd.
4. oktober: Marte Holm Simonsen frå Ottestad ved Hamar, teologistudent og prestevikar i Hamar domprosti dei siste fire sumrane.
11. oktober: Eirik Pedersen-Mong frå Egersund, prest i Mer, ein kyrkjelyd for unge vaksne i Oslo.
Førre veke: Elisabeth Thorsen frå Borre i Vestfold, leiande prest i Oslo domkyrkje.
Denne veka: Lars Martin Dahl, oppvaksen i London, sokneprest i Gamlebyen og Grønland kyrkjelyd i Oslo.
Neste veke: Ole Andreas Holen frå Trondheim, fungerande sokneprest i Sinsen kyrkjelyd i Oslo.

havard@dagogtid.no
Han er prest for dei rikaste – og dei fattigaste. Soknet rommar finans og fornedring, hushaiar og heimlause, Exit-meklarar og ekstremistar, Barcode og Wenches Bar, milliardærar og minaretar, Bjørvika og Grønland, Fjordbyen og Gamlebyen.
Der nauda har djupare røter enn menneska, fann presten, med oppvekst i London, heimen sin. Han femner samtida – og fortida: som eldsjel i nyskipa Enerhaugen, Grønland og Tøyen historielag, som medredaktør i ei fersk bok om 150 år gamle Grønland kyrkje. Eit lokalt førebilete er kollegaen Honoratus Halling, som midt på 1800-talet skipa ei kristen arbeidarrørsle som gav grorbotn for bymisjon, arbeidarsparebank og samvirkelag.
– Er du som politisk prest heva over æva?
– Svara på dei ævelege spørsmåla er fundament for ein kritikk av samtida. For eit par dagar sidan kom ein familie med eit spedbarn til meg. Dei fann ikkje arbeid i Noreg. Eg måtte hjelpa dei med husly og heimreise. Når me og Fattighuset kvar onsdag og fredag gjev mat til dei matlause, er det ikkje kronikkstoff, men like fullt ein kritikk av Noreg i 2019. Men i gudstenesta held eg ikkje politiske talar. Der er det primære korleis den einskilde kan røyna Gud.
Arvesynda
På grunn av arvesynda høyrde den nyfødde ikkje til Gud, men vart omvend i dåpen. Eit slikt syn er svekt i den nye dåpsliturgien. Før 2017 heitte det: «Dei er fødde med menneskeslekta si synd og skuld.» Etter 2017 heiter det: «I dåpen tek Gud imot oss.»
– Trur du på arvesynda?
– Dogmet om arvesynda er i stor grad tufta på kyrkjelæraren Augustin (354–430), og med han var me i ei tid i kristen tenking prega av stridar som laut vinnast. Augustin sette Pelagius sjakkmatt med arvesynda. Bibelen har heilt klårt passasjar med ei slags arvesynd, men dei er ulike arvesynda hjå Augustin og dei folkelege førestillingane våre. Men om eg trur at synd er grunnleggjande i tilværet? Kvar veke ser eg menneske misbruka andre på eit vis som kan prega ætteledd. Kan ein ikkje då kalla det arvesynd?
Himmelferda
Truvedkjenninga: «fór opp til himmelen». Himmelferda har frå gamalt av vore sett på som ei fysisk ferd.
– Trur på himmelferda?
– Eg likar «Kristi himmelferd» av Salvador Dalí, men finn lite fruktbar teologi om førestillinga. Ho er eit kulturprodukt, og ved å snakka om henne, gjev ein førestillinga rett. Viktigast ved himmelferda er ikkje det fysiske, men orda til Jesus i avskilstalen: «No er det opp til dykk! Gjer som eg har lært dykk!»
Atterkoma
Truvedkjenninga: «skal koma att derifrå». Jesu atterkome frå himmelen til jorda i dei siste tider har vore ei sentral førestilling i kristendomen og i delar av islam.
– Trur på atterkoma?
– Atterkoma er ein endeleg siger over dauden – ikkje berre dauden din og min, men over hatet, uretten og det som skil folk frå folk.
Domen
Truvedkjenninga: «og døma levande og døde». Førestillinga om domedag finst i det dennesidige og det hisidige, i ytre og indre versjonar, frå Guds trone til Ibsens «å holde dommedag over seg selv».
– Trur på domen?
– Somme trur domen skil mellom menneske. Eg trur domen skil godt og vondt i mennesket. Dom kjem av greske kritikos –?å skilja. Skriv du ei bok, ynskjer du kritikk. Likesæle er verre. I kristen samanheng er det sentralt at domaren er han som gav livet sitt for oss.
Oppstoda
Truvedkjenninga: «oppstoda av lekamen». Den kroppslege oppstoda til Kristus og dei truande heng saman i tradisjonell lære.
– Trur du på oppstoda?
– Somme meiner at teologien i 1950-åra var kristendomen i reinaste form, og at me sidan berre har rota det til. Eg trur på oppstoda, men vonar intenst at det ikkje er med kroppen eg har no. Den mystiske dimensjonen i kyrkja har vore mangelvare i Noreg. Paulus skriv om ein himmelsk kropp, ein forbetra kropp.?Det høver godt for meg, som ikkje er ein senesterk skilaupar, men sjukdomsmerkt.
Etterlivet
Truvedkjenninga: «og evig liv». Førestillinga om eit æveleg liv for det einskilde mennesket kom seint i jødedomen, men har vorte dess viktigare i kristendomen og islam.
– Gjev du etterlatne von om å få sjå att ein bortkomen?
– Eg freistar å gje dei von om at me vert tekne mot av kjelda til livet, av grunnleggjande kjærleik. Eg likar diktet «Hentet» av Johan Grip, der han samanliknar ein som døyr, med eit barn som vert «henta» i barnehagen.
– Marx meinte at ideen om etterlivet verka lammande som opium?
– Å ja, viss etterlivet handlar om meg. Men det handlar ikkje om meg. Eg er mellom dei heldigaste som nokon gong har levd. Eg er ein kvit, heterofil, velutdanna mann med god økonomi.
– Kva seier du i minnetalen over ein som trudde på Gud, men ikkje på eit individuelt etterliv?
– I ein minnetale nyttar eg aldri ord som frelse og oppstode.
– Trur du på himmelen?
– Eg har ein barnsleg tanke om ein himmel, om alle tings atterreising, at nasjonar vert atterreiste, at borna mine får springa fritt ikring utan den kroniske sjukdomen eg har bringa dei. Det bibelske biletet på etterlivet er festen, som når me møtest over bordet andlet til andlet på dei beste dagane våre.
Helvetet
– Trur du på helvetet?
– Det er ei kristen plikt å tru at helvetet ikkje finst, at kjærleiken som gav oss alle livet, vil taka imot oss alle. Dei tidlege kristne, som kyrkjelæraren Origenes (185–254), diskuterte om jamvel djevelen kom til himmelen.
Liturgisk fridom
Han er prest for Ola og Kari òg. Det synte seg at fleire av dei tilsette her i bladstova kjende soknepresten, frå privatlivet, frå dåp, vigsel og gravferd. Personleg tru er sjeldan tema i lunsjen, men Lars Martin Dahl – nei, han er dei glade i, og nyttar ved vendepunkt i livet. Ein av dei fortel:
– Før samtalen med presten vurderte me borgarleg vigsel av di me mislikte liturgiske formuleringar som: «Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk!» Men på kontoret hans synte det seg at han alt hadde stroke over desse passasjane. Truleg var ikkje vigsla vår liturgisk korrekt, men i dag er formuleringane i alle høve borte.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg trur på oppstoda, men vonar intenst at det ikkje
er med kroppen eg har no.
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida