Ord frå Bergen
DANSKETIDDIKTAREN: Michael Segelcke Sandberg
Det vart skrive songtekstar på dialekt i heile Noreg i hundreåra før nynorsk og bokmål fann si form.
Det fyrste norske skodespelet på dialekt vart skrive i 1811 av den Os-fødde offiseren Michael Segelcke Sandberg (1785–1814), med den lange og tidstypiske tittelen Et Optog i Livet fra forrige Aarhundre på Ousøren i Sundhorlehn, Ous Præstegjeld, Bergens Stift, og undertittelen «Et Drama med Chore i tyve Acter». Spelet –?eit syngjespel med innlagde songar –?er friskt i tonen, ikkje minst i songane, men som professor Agnete Nesse kommenterer: «Humoren er grov, men ikkje seksualisert.» Stykket må ha vore populært, for det vart trykt i fleire opplag. I ein av songane kjem «Synneve» med ei klar melding til «Kleppe»:
Førbeitte skal være dæg slår du mæg
Ein minnelæ dag ska da værta dæg
Du sete å drikke
te vommo de sprikke
Æ fudl so ei alka, ditt svinabeist
istadn før å væra heimatreist
DIALEKTRIMET 1: «Panden / Fanden»
Skriftrim som «hjerte/smerte» vert slitne. Dialektrim er friske. Få har høyrt dei.
Frå diktet Peder Paars (1719–20) av bergensforfattaren (og gudfaren til moderne dansk litteratur) Ludvig Holberg hentar professor Agnete Nesse rimet «Panden/ Fanden» som eit mogeleg døme på dialektrim, paen/ faen (snakkar me alle bergensk når me seier «faen»?). I same dikt rimar han «Stranden / Haanden». Nesse: «Dette er tatt til inntekt for at han sa hand og ikkje hånd. Det stemmer for så vidt med det me veit om eldre bergensk, men i dag er hånd einerådande.» Ho legg til: «Båe rimpara (Panden/ Fanden og Stranden/ Handen) vil i dag uttalast med forlenga vokal og stavingsberande ’n’ på slutten av ordet. Og stum ’d’.»
DIALEKTRIMET 2: «klokken itt/ visitt»
Jan Eggum skal ha vore skulda for naudrim av ein meldar frå Austlandet då han i ei vise rima klokken itt og visitt. Men bysborna tek sjølvsagt bergenskalden i forsvar – i Bergen vert ett uttala itt.
DIALEKTRIMET 3: «naien/ daien»
Doddo: «Naien (nesen) og daien (puppen).»
DIALEKTRIMET 4: «freste/ beste»
Då engasjerte bergensarar vart spurde om lokale rim, byrja fleire å memorera «Fjellveivisen», ein dialektsong frå kring 1900 av skodespelaren Hans Wiers-Jenssen. Frå tredje strofe kom professor Agnete Nesse med «freste/ beste»: «Hon var så storskjøn at eg tenkte: Du får freste.» Verbet er i dag vanlegast i nynorsk: freiste.
DIALEKTRIMET 5: «slya/ kry a’»
I åttande strofa i «Fjellveivisen» rimar «kry a’/ slya». Når eit hokjønnsord dukkar opp i bergensk og attpåtil er rimord, er det kan henda eit naudrim. Frå Sogn er slya kjend som ein likesæl og vyrdlaus person, ei ukjura. I Aasens Norsk Ordbog (1873): «en Omstreifer, omflakkende Krabat; især om Hundre. Bergen Stift».
AASEN-ORDET: «drøle»
I «Norsk Ordbog med dansk Forklaring» (1873) samla Aasen 45.000 oppslagsord.
Agnete Nesse: «Alt på 1600-talet nytta Dorothe Engelbretsdatter drøle –?som tyder å vera litt treg, med vilje.» Norsk Ordbog: «nøle, søle Tiden bort. Nordre Bergenhus».)
SONGTEKSTEN: «La oss ta en idealist»
Frå Doddo-albumet «La oss ta en idealist» (2018) som i mars mottok Spellemannprisen for songtekst.
La oss ta en idealist
La oss ta de som kom hit sist
La oss ta de som ligger nede
La oss ta de som ikke er til stede
La oss ta alle som glor
La oss ta de som mangler ord
La oss ta de med langt hår
Og de som snakker språk vi ikke forstår
La oss ta de deprimerte
La oss ta de prostituerte
La oss ta tjukken og poeten
La oss ta tiggeren og analfabeten
Alle som ikke passer inn
Alle som har gjort et lite feiltrinn
Kom la oss ta alle de sære
Sånn som Mao tok de kontrarevolusjonære
La oss ta kvinner som vil
La oss ta de som dekker seg til
La oss ta hun høye og hun lave
Og hun med det asiatiske opphavet
Og hun med små bryst
La oss ta hun som viser lyst
La oss kalle hun en madrass
Kom la oss sett alle kvinner på plass
La oss ta diplomaten
Og han på den andre siden av gaten
La oss ta de med stor nese
Og de som liker å lese
La oss ta hun med underbitt
Og han som drikker alkoholfritt
La oss være på let
Etter en med en skavank eller en minoritet
La oss ta den minste i klassen
La oss ta hon som jobber i kassen
La oss ta en transvestitt
La oss se verden i svart og hvitt
La oss bli kvitt alle nyanser
La oss ta alle som danser
Og er på feil side av gjerdet
Kom la oss gi makten til de autoritære
Eller la være
Framhald
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Om snuten spør si ingenting, ingenting
om koffor eg har diamant på min lillefing, lillefing»
Kamelen
«Halvannen uke fra du var her
sa eg: Eg esje klar for hjertestikk / Men eg va den
du ville ha her, så eg la hjerte mitt i ordet ditt»
Gabrielle
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida