Sekstiåttarkryptonitten
SAN ANTONIO: Unge ikkje-vestlege vert lett konservative.
Dei kjem frå tradisjonstru kulturar som ikkje dreg på vestleg skuld.
Moses i bokhandelen ved San Antonio University der han arbeider når han ikkje studerer psykologi.
Alle foto: Håvard Rem
Sør–nord-møtet: USA. Del 2
Frå muren mellom Israel og Palestina drog Håvard Rem til muren mellom USA og Mexico.

USA
Håvard Rem
havard@dagogtid.no
I lufthamna i Austin i Texas står store gitarar som ei markering av musikk som merkevare for byen, men han er no kjend som antiwoke-hovudstaden òg. Det nye universitetet i Austin er noko så sjeldan som sjølverklært konservativt. I september fekk dei nyimmatikulerte høyra: «Her vender me attende til røtene i vestleg tenkjemåte og tradisjon.»
Under pandemien flytta mange hit frå California, av di nedstengingstiltaka i Texas var mindre strenge. Ikkje berre guruar i næringsliv og sosiale medium kom frå vestkysten, men drosjesjåførar òg, av di drivstoffprisane og klimamedvitet her berre er det halve.
Den siste sekstiåttaren
Var det sekstiåttarane som generasjon som abdiserte då Joe Biden trekte seg i sumar? Og var det difor det sat så langt inne? Som Lyndon B. Johnson i valåret 1968 kunne han ha vore ryddig og trekt seg i mars, men drygde heilt til bjøllesauen New York Times på leiarplass kravde eit byte. Brått var det ikkje lenger konspiratorisk å ytra ynsket.
Førebels eller for godt er president Biden den siste i ein mannsalder av amerikanske sekstiåttarpresidentar. I meir enn tretti år har dei alle, sett bort frå Obama, vore fødde i boomer-åra: Bill Clinton (fødd 1946), George W. Bush (fødd 1946), Donald Trump (fødd 1946) og Joe Biden (fødd 1942). Kamala Harris (fødd 1964) er berre i 50-åra, i ti dagar til.
Er sekstiåttarepoken over? Ikkje om Trump vinn valet. Rett nok er han ikkje sekstiåttar slik me nytta nemninga på norsk, men ikkje alle som vart unge i 1960-åra, vart kulturradikale. I lagnadsåret 1968 vart han 22 år gamal tilsett i eigedomsselskapet til far sin. Dei konservative sekstiåttarane er nok ikkje færre enn dei radikale, men som ein del av den ålmenne polariseringa skil dei seg no meir ut.
San Antonio: Texas-flagget, Alamo-fortet og Davy Crockett-statuen.
Foto: Håvard Rem
Gladys Hardy
Eg er på veg til grenseelva Rio Grande heilt i sør, men gjev meg god tid her i Texas Heartland. Sørvestlendingen i meg kjenner seg heime. På vegen mot grensa kjem eg til San Antonio. Byen er ei blanding av nord og sør i delstaten, av westernstilen i Dallas og Fort Worth og det meksikanske preget heilt i sør, i Eagle Pass, Uvalde og Del Rio.
Som 88-åring vart elles ukjende Gladys Hardy kjend i heile USA då ho på telefon frå Austin fortalde på riksfjernsyn: «Eg elskar Jesus, men eg tek meg eit glas.» Her i Texas har utsegna fått omgrepsstatus, som hustavle og veggbroderi, tatovering og tekst på ølbokskjølarar. I butikkvindauge i San Antonio heng T-skjorter med Hardys positive variant av det sørvestlandske: «Jau, me veit at han gjorde vin av vatn, men me ligar det ikkje.»
Davy Crockett
Her vert Texas meir tospråkleg òg. Konservatismen og religiøsiteten til dei kvite blandar seg med konservatismen og religiøsiteten til hispaniarane.
Kan det gå greitt? For 200 år sidan var dei meir som eld og vatn. I San Antonio sentrum ligg eit amerikansk traume og Masada, Alamo-fortet, kringsett av meksikanarar som drap kvar einaste amerikanar, mellom dei Davy Crockett, gutehelten eg las om og leikte at eg var.
Området var spanskspråkleg før det vart amerikansk. Slik ein ser fortida på Alamo-museet, ser ein framtida på lokalbussen. Der sit eg i lag med ei ung mor og dei tre småborna hennar. Dei er here to stay, nett som Moses Salas.
Moses i bokhandelen ved San Antonio University der han arbeider når han ikkje studerer psykologi.
Alle foto: Håvard Rem
Moses
Eg forlèt lokalbussen ved San Antonio University. Der studerer Moses når han ikkje arbeider i bokhandelen i kjellaren.
Besteforeldra til 27-åringen utvandra i si tid frå Mexico for å freista eit nytt liv i Texas. Men dottera deira fekk det vanskeleg, og då Moses voks opp, var ho opiatavhengig, slik ein var det i 1990-åra, med heroin og sprøyter. Moses fekk ho same år som OxyContin kom på marknaden.
Barnevernet tok over. I Texas bur kring 30.000 born i fosterheimar. Når Moses rømde frå éin fosterheim, vart han funnen og send til ein ny. Han voks opp i kriminelle gjengar i forstader til San Antonio. Han hadde spansktalande besteforeldre og mor, men snakkar ikkje spansk sjølv.
– Har du spansktalande far?
– Det veit eg ikkje. Eg veit ikkje kven han er, eller var. Veit ikkje om mor mi visste det heller.
Til dagleg studerer han psykologi. Det gjer kjærasten òg.
– Kva vart vendepunktet?
Kva var det han svara? Eg skreiv det ikkje i notatboka, av di eg lytta så engasjert, men før eg rekk å spola i bandopptaket, hugsar eg svaret. Eitt ord.
– Redsle.
Oliveira
Moses ser meg rakt i augo:
– Som tenåring var eg redd gjengleiarane. Men eg var meir redd for kva livet på gata ville gjera med meg. Eg fekk hjelp med ein hybel. Isolerte meg. Fann læremeistrar og livskunnskap hjå youtubarar.
– Som?
– Som Tyler Oliveira.
Tyler kven? Ein finn han ikkje i leksikon, men 24-åringen frå California har fleire fylgjarar enn det bur menneske i Noreg.
– Eg lytta til Jordan Peterson òg. Las bøkene hans. Eg likar han. Han er ein klok psykolog og har nok påverka yrkesvalet mitt.
Moses og kjærasten har prata om å flytta til eit rolegare land. Han vil høyra om Noreg. Han veit ikkje om Texas er staden å stifta familie.
– Her trur eg det vert borgarkrig, seier han.
– Konfliktlinene går ikkje lenger aust–vest i delstaten, men sør–nord, legg han til.
Ikkje alle som vart unge i 1960-åra, vart kulturradikale.
Patriotisme
Kvar fjerde texanar ynskjer lausriving. Overalt ser ein flagg som ikkje har 52 stjerner, men éi – eit minne frå åra då Texas ikkje berre var eigen stat, men eigen nasjon, kring 1840, i ein historisk parentes mellom tida som meksikansk og amerikansk delstat. Det handlar om geografi òg. Di lenger frå makta, di fleire separatistar. Medan 25 prosent er for lausriving i Texas, er talet i Alaska over 30 prosent.
Ein texanar kan vera både patriotisk amerikanar, hispaniar og føderasjonsskeptikar. Moses er ikkje spansktalande, men i demografitala tel det etniske tungt. Han er verdikonservativ og familieorientert, som hispaniarar flest, og då ikkje vestleg nok?
Når Texas år for år vert meir hispanisk, vert då det hispaniske i Moses meir texansk? Som patriotismen er han samansett. Lojalitetsband går til delstaten, til det gamle heimlandet, til det nye. Kva har det å seia for den unge trebarnsmora på lokalbussen? For Moses og kjærasten?
Eit telefondeksel med Trump som Supermann, formgjeve av Teo Alfonso.
Sekstiåttarkryptonitt
Moses er trippel u – ung, urban og utdanna, men lyttar likevel til verdikonservative vaksne, somme av dei radikalt konservative. Kva er bodskapen som fengjer?
Ver sterk og stolt (att). Gjer Amerika stort (att). Eller heime: Austerrike (att). Att-parentesen peikar på oppgjeret med verdiradikale og -liberale sekstiåttarar.
Gjerdet er lægre for Moses enn for unge vestlege. Han har røter i ein kultur som er verdikonservativ, og som heller ikkje er tyngd av eit kollektivt sjølvbilete som overgripar. Han kjenner seg sterk som ein superhelt.
– Eg vil leva til eg vert 90 år. Få barneborn. Ta vare på kroppen, fortel han bestemt.
Som ikkje-vestleg slepp han å finna ein meir radikal veg vekk frå kryptonitten av vestleg skam og postkolonial skuld.
For femten år sidan diskuterte eg med ein idéhistorikar heime kor lenge holocaust-traumet vil prega oss. Alltid, meinte han. Eg tvila – dels av di eg har born, og no barneborn, dels av di ikkje-vestlege i heimbyen min vil avvikla det, av di dei ikkje tok del i det, og av di det, slik dei ser det, ikkje har produsert anna enn staten Israel.
Legg til slavehandel og kolonitid. Kva er halveringstida til kryptonitt? Når set ein punktum? Som nytilsett president gjorde Barack Obama det, i same år som eg diskuterte med idéhistorikaren: «Til afrikanskamerikanarane og den muslimske verda seier eg: Set strek over fortida!»
Dette var i 2009 ein bodskap til folk i eller frå sør frå ein med opphav i sør. Skulda er sona. I 2024 kjem bodskapen til folk i nord òg, og no frå politikarar i nord. Når sekstiåttarkryptonitten no er svekt, tek vestlege leiarar på seg supermanntrikoten (att), helst utan høgrearmen utstrekt.
Ei viktig veljargruppe, i USA som i Latin-Amerika, er dei evangelikale. I deira livssyn er alt tilgjeve. Dogme om religiøs arvesynd og imperialismeskuld har aldri råka dei, ikkje i 1968 og ikkje i dag.
Sørlandsk sekstiåttar
I sumar døydde ein sørlandsk-amerikansk sekstiåttar, lyrikaren Kurt Narvesen, fødd i 1948, men – som han skriv i eit dikt – «i noen av oss står konservatismen som grunnvann». Krybba stod på Sørlandet, hjartet låg i USA, med amerikanarane Whitman og Thoreau, Pound og Dylan som litterære leiestjerner. Frå oppvekst på bygda, mellom arbeidarar og sjøfolk, høyrde Narvesen i 1960-åra til ein småbykrins av intellektuelle som gav ut tidsskriftet Feinschmecker, der dei forsvarte Lyndon B. Johnson og krigføringa i Vietnam. Ikkje Karl Marx, men Rudolf Steiner fylte hòlet etter barnetrua.
Ein lækjarson i same generasjon og småby vart ein meir typisk sekstiåttar, som dei fleste skuleflinke frå øvre middelklasse. Sist eg prata med han, på ein Bob Dylan-konsert, var han kring 80 år gamal og innhenta av konservatismen frå barndomsheimen. Han undra seg no: «Kvifor vart eg så radikalisert den gongen?»
Radikalisert? Han nytta nemninga i den meir negative tydinga ho har fått i seinare år.
«Ikkje set meg i bås»
Det seier ein del om vandringa til Bob Dylan at han har vore ein samnemnar for både den konservative og radikale sørlandssekstiåttaren.
Eg har gjerne høyrt Dylan når eg har vore i USA, i New York under nedstenginga, og i sørstatane no i år, der han var meir avslappa enn på Manhattan, med mindre å prova.
Nyleg, nær 60 år etter albumdebuten, fekk han omsider ein fyrsteplass på den amerikanske Billboard-lista, med ein sytten minutt lang song om drapet på president John F. Kennedy i 1963, «Murder Most Foul» (2020).
Men ei heilt fersk Dylan-innspeling er Cole Porter-songen «Don’t Fence Me In» som han bidreg med til Reagan (2024), ein biografisk dramafilm om den republikanske presidenten Ronald Reagan, lansert her for ein månad sidan, slakta i liberale aviser og hylla i konservative. Ronald Reagan vert spela av Dennis Quaid, som i motsetnad til Taylor Swift har gjeve si valstøtte til Trump.
Sørvestlendingen kjenner seg heime i Texas Heartland.
Dylan og Trump
Kva med Dylan? Reagan-bidraget kan ein tolka som ein vil: Don’t fence me in. Set meg ikkje i bås. Dylan, fødd i 1941, er ursekstiåttaren ingen har klart å setja i bås, ikkje eingong i 1960-åra. I 1963 drog han hit til sørstatane for å få svarte til å registrera seg og røysta, og opptredde i lag med Martin Luther King jr. I 1966 protesterte han i Paris mot dei antiamerikanske stemningane i byen. Kring 1980 var han evangelikal kristen og verdikonservativ og gav ut songar som støtta høge tollmurar kring USA og Israels bombing av Iraks atomanlegg.
Dette er lenge sidan, men av dei få gamle songane han spelar no, er to frå den evangelikale tida.
Reagan, ja vel, men ikkje Trump òg? Vel, «Bringing It All Back Home to the Heartland: Dylan for President (Trump)» var tittelen på eit Prio-føredrag Tor Egil Førland heldt i 2019, der han peika på «store likhetstrekk mellom Bob Dylans politiske tenkning og Donald Trump». Ved sida av å vera historieprofessor ved Universitetet i Oslo er Førland sjølvsagt sørvestlending.
Hønemorhandlekraft
Kven møter eg på Dylan-konserten no i sørstatane? Salen speglar USA. Svarte og hispaniarar kjem på jobb, som dørvakter og kelnerar, som i lufthamna og restauranten, medan kvite kjem på fritida, som betalande. Men politisk speglar ikkje salen USA. Alle eg pratar med før, under og etter konserten, fortel at dei skal røysta republikansk i november.
Elena er sekstiåttar, fødd i 1949, med ungarsk bakgrunn. I opphavslandet støttar ho Orbán. Og i heimlandet?
– På 90-talet møtte eg Trump på ein forretningsmiddag i New Jersey. Ein god mann med eit hjarta. Høfleg. Kva kan eg gjera for deg? spurde han. Eg likte han.
Den irsk-amerikanske forretningsmannen hennar nikkar.
Irsk øl vert det etter konserten, på meg og ein amerikansk storfamilie. Mater familias er 50 år, tidlegare Playboy-jente, som ekskona til Dylan, og ven som ho, men nådelaus politisk. Trump forsvarer ho som sitt eige revir, kontant og bastant, full av hønemorhandlekraft. Eksmannen nikkar forskremd.
Musikarsonen – som heller vil prata om Oslo, som fan av Oslo-diskoen frå tidleg 2000-tal og DJ-ar som Todd Terje, Lindstrøm, og Prins Thomas – opnar varsamt for tvil: «Men har han gode intensjonar?»
Hispanisk familie på lokalbussen i San Antonio.
Vidare mot sør
Frå San Antonio er det 25 mil sørover til Eagle Pass, Rio Grande og grensa. Eg fer i ein sliten, men grei Greyhound-buss. Mange vert frakta motsett veg i trailerar. Kring San Antonio har ein kome over parkerte tilhengjarar, fylte av kvelte menneske frå sør.
Andre fer nordover i betre bussar enn den eg sit i, og dei skal langt, heilt til New York eller ein annan by med liberale leiarar som har ynskt migrantar velkomne.
– Det er nordover dei vil. Dei vil vidare frå Texas, fortel ein drosjesjåfør som har flytta hit frå California. Ein søreuropeisk kollega kunne ha sagt noko liknande om dei som vil til Tyskland.
Folkevandringa frå sør har mykje sams her og heime. Bussideen til Texas-guvernøren har ikkje berre redusert talet på amerikanske asylbyar, men har truleg inspirert statsminister Viktor Orbán. Etter at Ungarn fekk ei EU-bot på 2,5 milliardar kroner for restriktiv migrasjonspolitikk, har han i haust lufta tanken om å bussa migrantar frå Budapest til Brussel.
Neste veke er eg framme i Eagle Pass.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ikkje alle som vart unge i 1960-åra,
vart kulturradikale.
Sørvestlendingen kjenner seg heime i Texas Heartland.
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida