Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Ein arv i stein vert reist igjen

I stroka mellom Bergen og Sognefjorden har gråstein ein svær plass i alt som vart bygt før det moderne endra alt. Ingen annan stad i vårt land fell stein som er til nytte, så tydeleg i augo i gardslandskapet. I stigande grad vil eigarane no restaurere denne arven frå andre tider.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Magni Skrede bur i nytt hus bak vernemurane etter ei gammal løe med fjøs i, på Hjertås i Meland.

6336
20181005

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Spennet er stort i denne praktiske utnyttinga av steinen, frå låge bakkemurar til vernemurar, høge som mønet på store hus. Når dei ramlar, er det nesten alltid fundamentet som har svikta, eller press frå jord og slikt bak muren. All varig vøling må difor starte med grunnen. Store byggverk av stein står på fjell eller fastmark, og det gjeld å få vekk vatn som kan gjere balansen utrygg. Arbeidet før bygginga startar, avgjer om muren vert ståande lenge. Steinane i botnen bør ha store flater ned mot jorda.

Varige murar har band på langs, og på tvers dersom muren er høg og har to vangar, to lad. Band er at ein stein ligg over på to eller fleire steinar under. Då held steinane kvarandre på plass. På tvers vert det band dersom nokre steinar dekkjer heile breidda av muren og hindrar at vangane sig frå kvarandre. Holrommet mellom dei er normalt fylt av stein og grus – eller jord dersom muren skal isolere. Då må han stå tørt, under tak. Kjem det vatn i mold, sprengjer frost vangane ut. På nokre hus endar ufsa (rafta) på taket midt i veggen. Då må vatnet kunne renne ned gjennom og ut av muren.

Det er god praksis å leggje flatene med litt fall utover og med retta på steinen ut. Retta er ut når steinen har skrå sideflater som stikk lenger ut nede enn oppe på utsida av muren, og omvendt på innsida. Vatn som då kjem til på innsida, vil sige ned på steinen under og renne utover i veggen. Dette er ikkje alltid lett å få til, og kanskje ikkje alltid like viktig. Men det er slikt dei lærer, dei som murar med gråstein.

Forma stein

Å få steinane til å passe godt i hop, krev at muraren kan tilpasse forma på nye til dei som alt er på plass. Han må øve auget for korleis steinane kan passe i hop, snu dei og heile tida leite etter gode kombinasjonar. Å mure er 90 prosent hjernearbeid, seier tradisjonsdyrkaren Haakon Aase. Ofte må likevel noko på steinen vekk. Det kan vere nok å slå av eit stykke som stikk ut, eller å fjerne ein bulk som gjer at steinen vaglar. Reiskapen er ein hammar eller fleire med ulik tyngde, kanskje ei sleggje – og ein sett, ein meisel med skarp kant til å setje der slaget skal råke. Nokre av dei har ei egg, om lag som på ei tjukk øks, til å kløyve stein eller slå vekk det som stikk ut med. Andre endar i ein pigg, laga til å fjerne bulkar på ei flate. Ein holsett har to egger, ei på kvar side av ein innhol runding. Nokre settar er til å halde i handa, for tyngre arbeid har dei treskaft, slik at éin held setten og ein annan slår.

Å dele ein stor stein i to er godt mogeleg for den som ser gangen i steinen, kvar han har lettast for å sprekke. Dette varierer med bergarten. Oppskrifta kjem til den som prøver. For å dele ei stor helle er metoden å slå – ikkje hardt – på ein sett langs ein strek over steinen. Etter kvart kan slaga bli hardare, men faren med tunge slag er at steinen klovnar i ei anna retning enn tenkt. For å kløyve store steinar er den tradisjonelle metoden å bore hol til ein kile, eller fleire, som trykkjer mot to blekk (stålstykke), eitt på kvar side. Vi kan finne halvmetertjukke steinar som dei har kløyvd med kile i eitt kort hol. Andre gonger trengst det fleire hol og slag vekselvis på kilane.

Eigna til alt

Stein har folk bygt med over heile landet. Men ingen stad kan rikdommen av steinarkitektur måle seg med det som er å finne i bygdene nord for Bergen, skriv Eva Røyrane i boka Av stein. Husa vart til av det som var for hand, nær byggjeplassen, og stein brukte dei til nesten alt dei bygde – steingardar, bakkemurar, kistegrøfter, gardflorar (sommarfjøs mellom innmark og utmark), naust, torvhus og kvernhus er nokre døme. Her er høge løer av mura vegger, og med skifer på taket. Inne kan stå ein lafta flor, eller veggene er tetta med mørtel, slik at dyra stod lunt. Om det er grindverk som ber taket over løa, har mange av dei vernemurar som vegger på dei mest vêrutsette sidene. Slik er det òg med nokre stovehus, der doble murar dekkjer dei lafta veggene i staden for at dei har spikra opp bordkledning. Dei fleste av vernemurane er frå andre halvdelen av 1800-talet og eit stykke ut på 1900-talet. Å byggje i stein er eldgammalt, men husa var mindre før bygdene tok dei første stega inn i pengejordbruket på den tida vi fekk vår eiga grunnlov.

Når dei skulle tette dei doble tørrmurane, var det med å dytte mørtel av leire og sand, eller leska kalk og sand, inn i fugene. Leska kalk er brend kalkstein blanda ut i vatn. Mørtelen av sand og leska kalk stivnar når vatnet tørkar vekk og CO2 frå lufta fester seg til kalken. Det som var kalkstein før brenninga, vert igjen kalkstein. Kalkmørtel held romma tørrare enn dei som har betongmørtel i fugene. Sementbetong herdar ved å trekkje til seg vatn. Han vert tett og alltid fuktig. Med kalkmørtel, nokre gonger med dyrehår og anna tilsetning i, bygde dei store katedralar i Europa.

Mektige minnesmerke

Sjølv om mange av steinbygningane i Nordhordland ikkje lenger er i bruk til dyr og fôr, står dei der som mektige minnesmerke om levekår som neppe var romslege, men med overskot til å reise byggverk som i dag er ein arv på alder med den norske staten, i nokre tilfelle langt eldre. Somme har teke husa i bruk på nye måtar. Magni Skrede på Hjertås i Meland fekk bygt eit nytt hus innanfor murane etter det som ein gong var ei løe med flor. På Holmeknappen driv Leif Johnsen eit galleri i eit liknande hus, no med eit tilbygg i moderne stil, men med form som løa. Andre har restaurert steinbygningane som dei er, og fleire står for tur. Ein flokk i distriktet har lært seg å gjere arbeidet på rett måte, ein tradisjon som Haakon Aase tidsnok fekk tak i og har ført vidare til fleire. Tilskot frå ulike kjelder gjer restaureringa økonomisk overkommeleg.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Å mure er 90 prosent hjernearbeid, seier
tradisjonsdyrkaren
Haakon Aase.

Emneknaggar

Fleire artiklar

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis