Sportsdrikk
Craig Anderson i Ottawa Senators lurer hjernen opp nokre energinivå ved å gurgle litt Gatorade.
Foto: Matt Slocum / AP / NTB scanpix
Sport før og no
Sport før og no
Det var stor stas. A-laget på Øyna hadde fått sponsa ei heil korg med XL-1 flasker. Flaskene var svære, tuten var lang og det var viktig å brette han ned etter bruk. Innhaldet kom i pulver og vart nøye blanda ut av oppmannen – eit stort ansvar. Spelarane pøste på så ofte dei kunne, før, under og etter kamp. Nokre gonger spytta dei han berre ut igjen, så effektiv var faktisk denne drikken.
XL-1 kom til Noreg på 1970-talet, og kombinasjonen av magnesium, kalium og natrium skulle «makse» yteevna di. Vidare kom Isostar, Lexir, Gatorade og Powerade med fleire, den eine meir lovande enn den andre.
Når ein trener, treng ein å fylle på energilagera. Mykje og hard trening kan gjere det vanskeleg å få i seg nok næring, og det er då ein sportsdrikk kan hjelpe deg. På Idrettshøgskolen lærte me at kosttilskot og diverse sportsdrikker var dyr urin. Med eit normalt kosthald vil kroppen kvitte seg med dei overflødige næringsstoffa ein får i seg via ein sportsdrikk. Ny forsking støtter dette: ein vanleg mosjonist treng verken XL-1 eller Powerade. Trener du på eit profesjonelt nivå, kan nytta vere der.
Og spyttinga ser vi forresten ennå. Dersom magen er full, kan truleg skyljing av sportsdrikk i munnen lure hjernen, og du får deg ein liten oppkvikkar.
Maren Bø
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det var stor stas. A-laget på Øyna hadde fått sponsa ei heil korg med XL-1 flasker. Flaskene var svære, tuten var lang og det var viktig å brette han ned etter bruk. Innhaldet kom i pulver og vart nøye blanda ut av oppmannen – eit stort ansvar. Spelarane pøste på så ofte dei kunne, før, under og etter kamp. Nokre gonger spytta dei han berre ut igjen, så effektiv var faktisk denne drikken.
XL-1 kom til Noreg på 1970-talet, og kombinasjonen av magnesium, kalium og natrium skulle «makse» yteevna di. Vidare kom Isostar, Lexir, Gatorade og Powerade med fleire, den eine meir lovande enn den andre.
Når ein trener, treng ein å fylle på energilagera. Mykje og hard trening kan gjere det vanskeleg å få i seg nok næring, og det er då ein sportsdrikk kan hjelpe deg. På Idrettshøgskolen lærte me at kosttilskot og diverse sportsdrikker var dyr urin. Med eit normalt kosthald vil kroppen kvitte seg med dei overflødige næringsstoffa ein får i seg via ein sportsdrikk. Ny forsking støtter dette: ein vanleg mosjonist treng verken XL-1 eller Powerade. Trener du på eit profesjonelt nivå, kan nytta vere der.
Og spyttinga ser vi forresten ennå. Dersom magen er full, kan truleg skyljing av sportsdrikk i munnen lure hjernen, og du får deg ein liten oppkvikkar.
Maren Bø
Fleire artiklar
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.
Foto: Anne-Line Aaslund
«Moren» og søstrene hennar
Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.
Metodeskuggespel med filter
Yanyas tredje album er innovervendt og lite oppsiktsvekkjande.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.