JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Elektronisk papir

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
E-bok-appar for ulike plattformer anno 2012.

Illustrasjon: Per Palmkvist Knudsen / Wikimedia Commons

5551
20220408
5551
20220408

I påska er det kriminalromanar som gjeld. Skituristane dreg med seg tjukke romanar om drap og politifolk som slit med ekteskap og alkoholisme. Eller slik er det vel ærleg talt ikkje lenger. Folk les krim i påska, men dei ber ikkje med seg tunge bøker på fysisk papir.

No har nemleg svært mange eit lesebrett. Dette er ei datamaskin som er spesiallaga for å lese digitale bøker, eller e-bøker. Når litteraturinteresserte les om ei ny bok, kan dei kjøpe boka digitalt og laste ho ned, eller dei kan låne ho på det digitale folkebiblioteket, som også låner ut e-bøker.

Lesebrettet er lett, men kan likevel få plass til heile biblioteket ditt. Du får kanskje ikkje den same fysiske kjensla og lukta som frå ei trykt bok, men kva gjer du ikkje for å få plass til ei ekstra flaske raudvin i ryggsekken.

Smarttelefonar og nettbrett har rett nok programvare som gjer det mogleg å lese e-bøker, men det er ikkje heilt komfortabelt å lese bøker på denne måten. Lyset i skjermen kjem frå ledlys som ligg bak skjermen og har ein stor komponent av blått lys. Dette er ikkje så gunstig om kvelden rett før ein skal leggje seg og sove. Blått lys stimulerer nemleg hjernen og gjer at ein vaknar til. Om du les Jo Nesbø på senga, er det ikkje sikkert det er spenninga som held deg vaken, det kan vere det blå lyset som kjem frå leseapplikasjonen.

Lesebrett hermar på mange måtar etter boka. Det nyttar lys frå omgjevnadane for at vi skal kunne sjå kva som står skrive, og då vert blålysproblemet mindre. Lesebrettet har det vi kallar elektronisk blekk, som kan skape svart skrift på kvit bakgrunn. Kontrasten mellom svart og kvitt, i tillegg til at ein ikkje har lys frå bak skjermen, gjer leseopplevinga mindre slitsamt for auga. Godt gammaldags papir har sjølvsagt òg denne eigenskapen, og dette er ein av grunnane til at vi enno ikkje har slutta å bruke det.

Skjermen i eit lesebrett nyttar elektronikk, optikk og kjemi i ei salig blanding. Tre viktige lag sørgjer for ulike delar av verkemåten. Øvst ligg eit trykkskjermlag. Om dette er godt laga, kan det brukast til å teikne med elektronisk blekk. ReMarkable, eit norsk selskap, har laga elektroniske blekkskjermar som er til å ta notat på.

Under dette har vi eit lag som lyser opp skjermen. Dette er strengt teke ikkje naudsynt om ein har lys frå omgjevnaden, men det kan likevel vere kjekt når ein les på senga og partnaren ønskjer å sove.

I underkant av skjermen er det plassert små ledpærer som sender lys inn i dette laget. Det er laga av eit gjennomsiktig materiale der lyset kjem ut gjennom eit slags optisk hòl i materialet. Laget fungerer på same måte som optiske fiberkablar. Lys som kjem inn med spiss vinkel til overflata, vert reflektert inne i materialet heilt til det når nokre små «hòl» i materialet som slepper ut. I dette laget er det tettare med hòl langt frå lyskjelda enn nær lyskjelda, og slik slepp det ut like mykje lys langt frå lyskjeldene som nær. For lesaren ser det ut som lyset er jamt fordelt på skjermen.

Lysstyrken kan regulerast. Om du sit ute i solveggen, treng du ikkje lys på skjermen, men ein vanleg smarttelefonskjerm må ha sterkt baklys for at du skal kunne lese godt. I skumringa framfor peisen vil du kanskje bruke meir lys på lesebrettet. Om kvelden når du les på senga, vil trongen for lys igjen verte mindre. Om det er mørkt i rommet, treng nemleg ikkje synet vårt store svart-kvitt-kontrastar for å kunne sjå ting. Sidan ein treng så lite lys, vert straumforbruket til lesebrett så lite at ein kan bruke det fleire titals gonger meir enn tilsvarande økter med smarttelefonen før batteriet treng lading.

Til slutt kjem laget med elektronisk blekk. Som alle andre skjermtypar er skjermar med elektronisk blekk delt opp i pikslar, små einingar som gjev farge på eit lite punkt på skjermen. I elektronisk blekk er desse pikslane bitte små kapslar med ein olje som inneheld farga mikroskopiske partiklar. Partiklane med kvit farge har svak negativ elektrisk lading, medan partiklane med svart farge har tilsvarande positiv lading. Dette laget med små kapslar ligg mellom to lag med elektrodar. Det øvste laget er gjennomsiktig. Når vi skal farge eit piksel svart for lesaren, vert den øvre elektroden negativt ladd og den under vert positivt ladd. Partiklane flyt gjennom oljen slik at dei svarte samlar seg øvst og dei kvite i botnen. For lesaren ser pikselen svart ut.

Kjemiingeniørane har funne ut at partiklar av titandioksid er spesielt eigna til dette føremålet. Partiklane er rundt ein mikrometer, altså ein tusendels millimeter. Slike partiklar kan gjevast både farge og lading. Oljen dei flyt i, må ha eigenskapar som gjer at partiklane flyttar seg fort opp og ned. Men dei må heller ikkje hekte seg i kvarandre, som det er fare for sidan dei har motsett elektrisk lading. Oljen er derfor tilsett såkalla surfaktantar som sikrar at partiklane flyt lett og ikkje klumpar seg. Den elektrisitetsstyrte partikkelflyten som skjer inni kapslane, vert kalla elektroforese.

Det finst òg skjermar med farga elektronisk blekk. Ein har kapslar med ulike fargar med positiv og negativ lading. Det er enno ganske vanskeleg å få til farga elektronisk blekk med naturtru fargar, så det er ikkje vanleg på mindre lesebrett, men det er i bruk i skilt her og der. Uansett, etter som teknologien vert betre, vil nok dette bli meir vanleg, sidan slike skjermar brukar så lite energi.

Bjørnar Tessem og Lars Nyre

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Om du les Jo Nesbø på senga, er det ikkje sikkert det er spenninga som held deg vaken, det kan vere det blå lyset som kjem frå leseapplikasjonen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis