JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Metaverset

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Metaverset skal bli eit audiovisuelt rom der den fysiske og den digitale verda smeltar saman.

Foto: Pixabay

5384
20220325
5384
20220325

Etter middagsluren tek du på deg ei maske med innebygd skjerm og lyd, ei såkalla virtuell røynd- eller VR-maske. Du er i eit hus som liknar ditt eige, men når du går ut, er Vinmonopolet vegg i vegg. Du går inn og vert møtt av ein digital figur, ein avatar, som spør om kva du ønskjer. Du vil gjerne ha ein god raudvin til lammesteika og får gode råd om det. Nokre vener er der òg og de diskuterer erfaringar med vin til lam. Så går du til kassa og betaler. Når du tek av deg VR-maska, er vinen alt på veg med ekspressleveranse.

Om Mark Zuckerberg får det som han vil, kan dette vere røynd om nokre år. I vinter kunngjorde Facebook-sjefen at selskapet skiftar namn til Meta. Han forklarte at selskapet har som mål å byggje ein ny versjon av internett som dei kallar «metaverset».

Metaverset skal ifølge Silicon Valley verte etterfølgjaren til det mobile internettet som vi har brukt på smarttelefonen sidan midten av 2000-åra. Metaverset skal bli eit audiovisuelt rom der den fysiske og digitale verda smeltar saman, og brukaren kan oppleve allslags interessante tenester ved hjelp av VR-masker og avansert tredimensjonal interaksjon.

Alle som deltek i metaverset vert representerte av digitale avatarar. I det digitale rommet handlar desse på dine vegner, dei ser ut som deg og snakkar som deg. Ved hjelp av avataren sit du i møte med kollegaer, går på konsert med venner eller kjøper vin og anna i den virtuelle butikken. Metaverset vert som eit gigantisk sosialt medium, berre at du har langt sterkare kjensle av å vere saman med andre. «Vi kan føle oss til stades, som om vi er der saman med folk, uansett kor langt vekke frå kvarandre vi faktisk er», sa Zuckerberg.

Tanken om metaverset vert møtt med ein del skepsis og fnysing, men koronatida har vist oss potensialet i sosial interaksjon på nett. Videomøte og andre meir avanserte former for virtuelt samvær er ofte både billigare og meir fleksibelt enn å møtast i den fysiske røynda.

Den tekniske kvaliteten på opplevinga i online-møte er ofte ikkje så god. Metaverset er derimot basert på ein premiss om at kvaliteten skal vere nærast uendeleg god. VR-maska må vere så komfortabel at folk kan ha henne på seg lenge kvar dag. Tenestene må vere varierte og kunne tilfredsstille allslags behov frå brukarane.

Det viktigaste er difor å ha stor bandbreidde i internettet. Metaverset vil krevje bandbreidde både i optiske kablar og trådlaust som langt overgår det vi har kapasitet til i dag. Teknologioptimistane meiner at dette vil løyse seg av seg sjølv med betalingsvillige kundar og stadig meir avansert kommunikasjonsteknologi. Andre meiner at vi byrjar å nærme oss ei fysisk grense for kor mykje digital informasjon som kan gå gjennom internettet utan kraftig prisauke.

Metaverset er altså meint å verta ein virtuell versjon av internettet. Brukaren kan velja fritt mellom allslags tenester frå Facebook eller frå tusenvis av lokale, regionale og nasjonale selskap. YouTube vil kunne ha «konsertar» som tusenvis eller kanskje millionar av menneske opplever som om dei var på ein konsertarena saman med dei andre.

Selskapet Meta posisjonerer seg for å verte ein sentral aktør i denne nye marknaden. I 2014 kjøpte dei Oculus, eit selskap som lagar trådlause VR-masker som er kopla til internett. Tenåringen kan no kjøpe seg ei råkul Oculus Quest-maske for omtrent same pris som Xbox eller Playstation. Alle som bruker Oculus Quest, må rett nok registrere seg på Facebook med ekte namn og ID. Slettar du Facebook eller bruker ein falsk konto, mistar du tilgang til alle spel og applikasjonar du har kjøpt. Slik vil Meta sikre seg at dei dominerer marknaden for sosial kommunikasjon også i framtida.

Det er naturlegvis ein del problem med metaverset, og risikoen for dårleg datatryggleik og svakt personvern er truleg det viktigaste. Annonsørar vil i tillegg til dagens informasjon få tilgang til kroppsspråket ditt, fysiologiske responsar, blikkretningar, handrørsler og mykje meir. Dei kan analysere kven du samhandlar med, og korleis du gjer det.

Det er uro for at datakriminelle vil angripe folk inni metaverset, til dømes med skremmande åtferd, truslar og skade på virtuell (!) eigedom. Trolling i vanlege sosiale medium vil kunne bli ein mild bris mot den trollinga ein kan sjå for seg i metaverset. For å bøte på dette er det til dømes foreslått å lage minimumsavstand mellom avatarar, slik at ingen skal kunne gå nærare deg enn 1 meter. Er dette nok?

Det er mykje hype rundt metaverset. Og det er uklart kva slags tenester som vil fungere teknisk og appellere kommersielt. Det gjev rom for mangfaldige idear.

Nyhendebrevet til bilfirmaet Hyundai frå januar 2022 skildrar eit luftig scenario dei kallar «metamobilitet». Målsetjinga er å skape «et metaversesystem for smarte enheter som vil utvide mobilitetens rolle til virtuell virkelighet (VR). Dette vil i tur gjøre at mennesker kan overvinne de fysiske begrensninger som ligger i forflytning i tid og rom». Kva dette inneber, er uklart. Skal vi køyre til bestemors virtuelle hus med den virtuelle Hyundaien? Men då får vi ikkje opplevinga av bestemors velsmakande kake. For å få den må vi legge frå oss VR-maska og dra på reelt besøk med den ekte bilen. Det finst enno grenser for kva som kan vere virtuelt.

Lars Nyre og Bjørnar Tessem

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Trolling i vanlege sosiale medium vil kunne bli ein mild bris mot den trollinga ein kan sjå for seg i metaverset.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis