Strid om dialektar i NRK
– I utgangspunktet treng ikkje reportarar å få unntak frå offisielt språk. Dei har rett til å bruke dialekten sin i formidlinga, seier språksjef Karoline Riise Kristiansen.
Nina Owing (t.v.) og Ingerid Stenvold er programleiarar i NRK. Ingerid Stenvold var den første som fekk nytte dialekt i Dagsrevyen.
Foto: Heiko Junge / NTB
SAMTALEN
Karoline Riise Kristiansen
Språksjef i NRK
AKTUELT
NRK har gjeve endå ein journalist unntak frå den munnlege språknorma.

christiane@dagogtid.no
Eit nytt unntak frå språknorma i NRKs nyhendeavdeling og spørjeord på østerdalsdialekt i Dagsrevyens nyhendereportasjar har ført til debatt i Aftenposten, der både Noregs Mållag og riksmålorganisasjonen Det Norske Akademi for språk og litteratur har vore kritiske til utviklinga.
Karoline Riise Kristiansen er språksjef i NRK.
– Nyleg vart det kjent at nyhendeanker i Dagsrevyen Eline Buvarp Aardal får leie sendingane på trøndersk. Kva er grunnen til at ho ikkje skal normere språket?
– Det er viktig å presisere at ho ikkje er ein av dei faste programleiarane i Dagsrevyen, men jobbar i direktelina i NRK. Det er berre ein av dei faste tilsette i Dagsrevyen som har fått unntak frå å snakke normert, og det er Ingerid Stenvold, som fekk unntak i 2009. Aardal jobbar stort sett utan manus time etter time, sak etter sak, på kontinuerleg oppdatering. Men ja, ho høyrer til i NRK nyhende og har fått unntak frå normering no. Ho ligg midt mellom bokmål og nynorsk og har hatt ein prøveperiode, der ho snakka meir dialekt som nyhendeformidlar i direktelina. Vedtaket seier at ho har unntak frå normert språk i det munnlege, medan ho har nynorsk som skriftleg arbeidsspråk. Mange trur at det vert fleire dialektbrukarar i Dagsrevyen, men slik er det ikkje. Ho er der innimellom.
– Er det slik at alle som ber om å få snakke sin eigen dialekt, får ja?
– Nei. Den siste tida har enkelte kanskje fått inntrykk av at det har vore ein dialektrevolusjon i NRK, men det har det ikkje. NRK skal spegle mangfaldet og ha rom for dialektane, og det har stått i språkreglane sidan 1981. I Dagsrevyen har hovudprinsippet vore normert bokmål og nynorsk, men fra 2007 har det vore opna for at redaktørane kan gjere enkelte unntak. Det har ikkje skjedd noko meir etter det. Det har vore vedteke eitt unntak i 2009 og så eitt i oktober 2020.
– Lars Os går i sommar inn som fast korrespondent i Washington. Han insisterer på å bruke østerdalsdialekt og dialektord som kessen, kesst og keffer. Kva vurderingar ligg til grunn for at han kan gjere det?
– I utgangspunktet treng korkje Os eller andre reporterar å få unntak frå offisielt språk. Dei har rett til å bruke dialekten sin i formidlinga. Det har lege fast sidan oppdateringa av språkreglane i 2007. Når det gjeld enkeltord, vert bruken av dei ei redaktøravgjerd, men hovudprinsippet er at alle skal forstå det som vert sagt. Sjølv om ein er dialektbrukar, skal ein normere ord og jobbe med dialektord slik at alle forstår. Då er spørjeord ekstra viktige. Om ein ikkje vert forstått, må ein gjere noko med det.
– Noreg har ei samansett befolkning. Innvandrarar og eldre skal forstå kva som vert sagt i nyhendesendingane. Tek de nok ansvar for slike grupper når ein kan få trønderdialekt og østerdalsdialekt i éi og same sending?
– Ja, det meiner eg, og vi har sikkert også fleire dialektar i same sending. Vi har ti store distriktskontor som leverer reportasjar. Vi jobbar med språket heile tida, og publikumsforståing er det absolutt viktigaste. I Noreg har éin million menneske nedsett høyrsle, og derfor er det viktig å normere ord. Andre grupper vi tek omsyn til, er nye nordmenn og dei som har utfordringar som gjer at vi må passe ekstra godt på å verte forstått. For dialektbrukarar er det derfor også ekstra viktig å tenkje på tempo, pauseord og formuleringar som kan vere ukjende.
– Ingvild Bryn frå Voss er for tida den einaste som snakkar normert nynorsk i Dagsrevyen. Kva om ho spør om å leie programmet på vossamål?
– Det er klart at det er inga avgrensing på kven som kan søkje, men på kven som kan få. Så må eg innrømme at eg håper ho ikkje søkjer, for som du peikar på, er ho den einaste som snakkar normert nynorsk. Ideelt sett skulle halvparten ha gjort det.
– Kven skal ta ansvar for å formidle normert munnleg språk om ikkje Dagsrevyen gjer det?
– Normert språk vil alltid vere ein del av Dagsrevyen. Normert nynorsk er lite synleg i samfunnet elles, derfor er det klart at NRK har eit spesielt ansvar for det. Men mange reporterar som snakkar dialekt, som Os, ville normert mot bokmål. Vi har også eit oppdrag å spegle heile landet og vise mangfaldet, der dialekt har ein plass, men sjølvsagt er hovudprinsippet i Dagsrevyen normert nynorsk eller bokmål. Det har ikkje endra seg sidan 2007.
– Er det ein smule latskap involvert når journalistar og leiarar ikkje tek den tida som skal til for å ha kontroll på normert bokmål eller nynorsk?
– Nei, eg vil nesten seie det motsette, for vi jobbar konstant med språket, med både det å normere og å tilpasse dialektar. Eg bruker å seie at som dialektbrukar må du jobbe endå meir med språket enn med bruk av normert bokmål eller nynorsk, for då har du ikkje eit rammeverk å støtte deg til. Det veit eg at dei som har fått unntak, gjer kvar einaste dag, så dette er ikkje latskap.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Om ein ikkje vert forstått, må ein gjere noko med det.
Fleire artiklar
Endre Ruset er poet og tidlegare kunstnarisk leiar ved Norsk litteraturfestival.
Foto: Heidi Furre
«Dikta til Endre Ruset er ridde av tap og sorg, og med hesten som sentralt motiv.»
Dette er ein bar, men er det ein sjokoladebar til laurdagskvelden eller ein proteinbar til treningsøkta?
Foto via Wikimedia Commons
«Det er høgt trykk på proteinbarfronten for tida.»
Teikning: May Linn Clement
«Det er ikkje for inkje me seier at noko 'dampar av erotikk' eller er 'dampande heitt'.»
Nye rekruttar til 24. mekaniserte brigade i dei ukrainske styrkane driv taktisk øving i Donetsk 14. oktober.
Foto: Ukrainsk forsvar
Ein ukrainsk-nordkoreansk krig på russisk territorium. Ingen forfattar av dystopisk fiksjon kunne ha klekt ut eit slikt scenario, skriv Andrej Kurkov.
Reinsdyr kan fint serverast utan purear, men med reine smakar. Her med brekkbønner, eg brukte grøne erter.
Foto via Wikimedia Commons