10 gode grilltips
I sumartida fyrer me ofte opp grillen. Mykje god kan få ein omgang med skikkeleg varme. Eigentleg er det berre kreativiteten som set grenser for gode saker på open varme i denne årstida. Innsida har ei enkel liste til inspirasjon:
1. Sumarkål smakar nydeleg grilla, gjerne med godt smør og nokre grilla skiver spekeskinke.
2. Makrell er sunn og god sumarmat. Sesongen er her no. Makrellen har som kjent kome.
3. Gode pølser. Innsida oppmodar pølseelskarar om å velja ekte pølser frå gode pølsemakarar. Då kan pølser verta eit festmåltid. Gode lomper høyrer til.
4. Svinenakke er utruleg smakfullt. Det kan vera kjekt å variera frå filetar. Svinenakke har fin marmorering og smakar meir.
5. Blåskjel kan ein fint grilla, enten i folie eller rett på grillen. Då får dei ein fin røyksmak òg.
6. Rå reker. Dersom du får tak i rå reker, kan du grilla dei på ei rist, slik at dei ikkje dett ned i grillkola.
7. Gamalt brød som er pensla med olivenolje og strødd med hakka kvitlauk. Berekraftige god saker.
8. Svineribbe er godt om sumaren òg. Men det kan kanskje vera godt med litt anna marinering enn i jola. Prøve gjerne med anis, chili og koriander. Grilla svor er godt heile året.
9. Sitron som er grilla, er nydeleg til grilla fisk.
10. Kongekrabbe, helst rå. Litt dyrt, men du kan legga beina rett på grillen utan noko meir arbeid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
I sumartida fyrer me ofte opp grillen. Mykje god kan få ein omgang med skikkeleg varme. Eigentleg er det berre kreativiteten som set grenser for gode saker på open varme i denne årstida. Innsida har ei enkel liste til inspirasjon:
1. Sumarkål smakar nydeleg grilla, gjerne med godt smør og nokre grilla skiver spekeskinke.
2. Makrell er sunn og god sumarmat. Sesongen er her no. Makrellen har som kjent kome.
3. Gode pølser. Innsida oppmodar pølseelskarar om å velja ekte pølser frå gode pølsemakarar. Då kan pølser verta eit festmåltid. Gode lomper høyrer til.
4. Svinenakke er utruleg smakfullt. Det kan vera kjekt å variera frå filetar. Svinenakke har fin marmorering og smakar meir.
5. Blåskjel kan ein fint grilla, enten i folie eller rett på grillen. Då får dei ein fin røyksmak òg.
6. Rå reker. Dersom du får tak i rå reker, kan du grilla dei på ei rist, slik at dei ikkje dett ned i grillkola.
7. Gamalt brød som er pensla med olivenolje og strødd med hakka kvitlauk. Berekraftige god saker.
8. Svineribbe er godt om sumaren òg. Men det kan kanskje vera godt med litt anna marinering enn i jola. Prøve gjerne med anis, chili og koriander. Grilla svor er godt heile året.
9. Sitron som er grilla, er nydeleg til grilla fisk.
10. Kongekrabbe, helst rå. Litt dyrt, men du kan legga beina rett på grillen utan noko meir arbeid.
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida