JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Fert av Seifert

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5012
20240614
5012
20240614

Kva er i vegen? Det er dette me skal snakke om i dag. Heng på, dette vert spennande.

I Praha finst det ei gate med namnet Seifertova. Gata er drygt ein kilometer lang og går frå Nové Město over Vinohrady og til arbeidarklassedistriktet Žižkov. Jaroslav Seifert var fødd og oppvaksen i Žižkov, så det gjev meining at denne gata no ber namn etter nobelprisvinnaren i litteratur. Men det tok si tid før me nådde dit.

Frå gammalt av var dette ikkje ei gate, men ein veg som på folkemunne hadde namnet Daudmannsvegen (Umrlcí cesta), av di vegen førte fram til den største kyrkjegarden i Praha, Olšany. I 1875 vart det bestemt at no skulle strekninga ha namn etter kongen av Böhmen i åra 1346–78, nemleg Karl IV. Slik fekk vegen namnet Karlova, heilt fram til protektoratet til Hitler tok over i Tsjekkoslovakia. Då var det Martin Luther (– ikkje King jr.) som skulle ærast, og plutseleg heitte det som no hadde vorte ei gate, for Lutherova.

Då andre verdskrigen var slutt, klødde Stalin seg lenge i mustasjen for å kjenne etter kva for nytt namn dei skulle gje denne gata. Då einkvan føreslo å kalle ho opp etter svinepelsen Mikhail Kalinin, (sjå Katyn-massakren), nikka Stalin nøgd. Slik vart Kalininova til ein kvardagsleg absurditet i Praha fram til 1990. Då fekk Václav Havel og fløyelsrevolusjonen endeleg fjerna eit av dei mange motbydelege avtrykka frå Sovjetunionen. Og samstundes heidra ein nasjonal litterær helt. Rekk opp handa om du ikkje vart klokare av å lese spalta her i dag.

Marta Kløve Juuhl skriv: «Denne gongen slår du til med ei diktsamling.

Det er kjekt. Diktsamlinga heiter Pestsøylen og andre dikt, og er skriven av Jaroslav Seifert (1901–86) frå Tsjekkia. Titteldiktet ’Pestsøylen’ er ganske dramatisk. Det fortel om svartedauden eller byllepesten som han heiter i Tsjekkia. Men det er skrive i slike poetiske vendingar at det verkar ikkje berre trist likevel. Siste diktet heiter ’Og nå farvel!’ Det er vel den tittelen du spør etter. Det sluttar så fint med ei oppmoding til oss, til alle folk:

’Å lete etter skjønne ord/ er bedre/ enn drap og mord.’ Slik kan ein poet og nobelsprisvinnar uttrykkja seg.»

Gunder Runde skriv: «Denne gongen gjekk eg direkte til Litteraturåret 1984, og det var ikkje så dumt. Første forfattarnamnet på lista for 1984 var nemleg Jaroslav Seifert. Det er berre to av bøkene til Seifert som er omsette til norsk, nemleg Pestsøylen , omsett av Michael Konupek og Tore Stubberud, i tillegg til den nydelege barneboka Songen om epletreet, gjendikta av sjølvaste Arnljot Eggen. Merkeleg nok er det ikkje fleire av bøkene hans som er komne i norsk utgåve. Han var ein viktig forfattar i Tsjekkia, starta som journalist i ei kommunistisk avis, men vart etter kvart tvilande til kommunismen, og var mellom anna ein av underskrivarane til Charta 77. Dermed fekk han problem med utgjevingane i heimlandet og hadde trykkeforbod i fleire år. Seinare kom han inn i varmen igjen, og bøkene hans vart utgjevne som samla verk etter at han var død.»

Jorunn Øxnevad Lie skriv: «Dette var et interessant nytt bekjentskap.»

Desse fekk ferten av Seifert og fann fram til rett svar på oppgåve 1629: Paul Henrik Hage, John Olav Johnsen, Ingebjørg Sogge, Olav B. Larsen, Magnhild Reisæter, Tiril Bonnevie, Skeisebibliotekaren i LASK, Jorunn Øxnevad Lie, Signar Myrvang, Ingerid Skarstein, Ragnhild Eggen, Vigdis Hegna Myrvang, Eli Winjum, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Erik Aamlid, Bjørn Myrvang, Gunnar Bæra, Inger Anne Hammervoll, Inger Merete, Kirsti og Grete, Gunder Runde, Eirik Holten, Laurits Killingbergtrø, Christopher Messelt, Fritjof Lampe, Per Trygve Karstensen, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Nils Farstad, Olav Holten, Ole Husby, Irene og Tore på Tranby, Folke Kjelleberg, Mari og Marianne, Lise Haaland, Brita Lundeland, Erik Steineger, Kjell Helge Moe, Anne Berit Skaarer, Audun Gjengedal, Sissel Gunnarshaug, Inge Strand, Reidar Birkeland, Sigrun Gjengedal Ruud, Inger Margrethe Berge, Nina Korbu, Marta Kløve Juuhl, Aning og Dreis, Jorunn Kleppe, John Dag Hutchison, Thana Rongen, Gunnar Eide, Solrun Haukedalen, Torleik Stegane og Robert Øfsti. Bokvinnaren i dag heiter Olav Holten. Gratulerer!

Klok på bok 1631

Jeg tillot meg å stirre på ham. Jeg stirret på ham, og mens jeg stirret på ham så jeg klart at det eneste denne mannen konsentrerte seg om, var å ha et tilforlatelig utseende. Jeg trakk den logiske slutning at han var forkledd, eller ihvertfall en annen enn den han utga seg for. Det var et formildende trekk.

Sitatet er frå s. 93 i boklækjarutgåva (1995). Fyrste utgåva av romanen kom i 1994. Forfattaren er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på engelsk. Om leitinga ikkje fører rett til målet, er du likevel inne på noko. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på ein dansk forfattar som er omtalt i romanen. Send namn på dansk forfattar som er nemnd i boka, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 23. juni.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis