JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Hans var varast

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4683
20240607
4683
20240607

Katten sit ikkje lenger i tunet når eg kjem. Førre fredag døydde Hans, katten som trufast sat i godstolen og følgde meg med augo når eg skreiv ei ny utgåve av spalta du les no. Hans, som med tolmod lytta når eg las høgt frå noko eg var nøgd med. Katten kunne kikke litt skeptisk på meg når eg humra for godt over noko eg hadde skrive, men som regel var Hans nøgd, han òg. Slikt vert det varmt venskap av. Du lyt ha vore der for å kunne forstå.

Ein kort karakteristikk av Hans kunne vere at han frå naturen hadde korte kvite strømper på frampotane og lange kvite sokkar på bakpotane. Andletet minte litt om Jens von Bustenskjold, vêrhåra var ofselege. Som boklækjaren sette katten Hans pris på musikk av Bach og av tidleg Tom Waits, men han var ikkje glad i hardrock. Kom det heavy metal på radioen, var Hans fyrstemann ut av rommet. Han var sin eigen herre på alle område, personlegdom goes a long way.

Sorg er jo ikkje ein konkurranse, men her i bokstova har me gråte så skrekkeleg etter at Hans gjekk ifrå oss, at dei lyt ha fått det med seg i kattehimmelen. Kan hende godtek dei ei lita omskriving av Olav H. Hauge der oppe: Det var Hans som var varast i garden.

Med kattemjuke rørsler smyg me oss over til løysinga denne veka. Eli Hegna skriv: «Ikke så sjelden trekker du fram forfattere som nylig har vært omtalt i pressen. Enten har de eksempelvis mottatt en litterær pris, eller nylig avgått ved døden. Alice Munro (1931–13. mai 2024) er et eksempel på begge deler, med flere litterære priser, inkl. Nobelprisen i litteratur 2013. Det sies om henne at hun har revolusjonert måten å strukturere novelle-sjangeren på. Ukas sitat stammer fra En god kvinnes kjærlighet. Her finner jeg Delia som spiller piano.»

Eli Seim skriv: «Eg meiner me skal til nyleg avdøde Alice Munro, fødd i 1931, same året som svensken Erik Axel Karlfeldt fekk prisen. I min nesten 40 år lange bibliotekar-karriere har eg aldri høyrt om han, men Alice Munro sine bøker står på hyllene og er svært så velbrukte. Akkurat no er dei forresten utlånte.»

Inger Anne Hammervoll skriv: «Bokdokteren vel vekas forfattar med aktuell omhu. Det er lenge sidan eg har lese noko av denne forfattaren, så dette var ein fin sjanse til å fornye kjennskapen til Munro sine alltid aktuelle noveller.»

Folke Kjelleberg skriv: «Sitatet er frå novella ’Jakarta’ som er med i samlinga En god kvinnes kjærlighet, utgjeven på Gyldendal i 2000 og omsett av Kia Halling. Originalen The Love of a Good Lady kom ut i 1998. Forfattar er Alice Munro, født i Canada i 1931. Alice Munro levde i Ontario, og ho døydde 92 år gamal 13. mai i år. I 2013 vart ho heidra med Nobelprisen i litteratur. I novella ’Jakarta’ er det mor til Cottar, gift med Sonje (oppattkalla etter Sonja Henie) som vert omtala som svigermora som spela piano. Namnet hennar er Delia.»

Ragnhild Eggen skriv: «En canadisk novelleforfatter i særklasse!»

Ein god innsendar sitt svar på oppgåve 1628 fekk me ifrå: Eli Winjum, Fritjof Lampe, Eli Hegna, Skeisebibliotekaren i LASK, Ingebjørg Sogge, Tone Styrmoe, Ingerid Skarstein, Vigdis Hegna Myrvang, Jorunn Øxnevad Lie, Ragnhild Eggen, Inger Anne Hammervoll, Nils Farstad, Inge Strand, Erik Aamlid, Eli Seim, Lise Haaland, Brita Lundeland, Else Gjesdahl Sørensen, Laurits Killingbergtrø, Bjørn Myrvang, Gunnar Bæra, Inger Merete, Kirsti og Grete, Jan Alfred Sørensen, Kjell Helge Moe, Audun Gjengedal, Reidar Birkeland, Folke Kjelleberg, Erik Steineger, Sigrun Gjengedal Ruud, John Dag Hutchison, Anne Berit Skaarer, Olav Holten, Irene og Tore på Tranby, John Olav Johnsen, Robert Øfsti, Sissel Gunnarshaug, Eirik Holten, Magnhild Reisæter, Marta Kløve Juuhl, Ole Husby, Gunnar Eide, Inger Margrethe Berge, Ole G. Evensen, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Olav B. Larsen, Nina Korbu, Torleik Stegane, Per Trygve Karstensen og Olaug Denstadli. I Matteus 20,16 står det: «Soleis skal dei siste vera dei fyrste». Siste innsendar denne gongen var Olaug Denstadli, og ho får ein bokpremie i posten. Gratulerer!

Klok på bok 1630

Du fartar i kring fraa dans til dans,

og sviv og svirar i sus og dus;

du hev drukke deg mest ifraa vit og sans,

hev gløymt burt kona, og barn, og hus.

Sitatet er frå s. 109 i boklækjarutgåva (1903). I dag skal me fram til eit av dei skodespela som har vore spelt flest gonger ved same teater i Noreg. Forfattaren døydde i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på engelsk. I sitatet vert kona til hovudpersonen i stykket nemnt, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete førenamnet på denne dama. Send førenamn på kona til hovudpersonen, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 15. juni.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis