Storebrør på Stovner
Her i bokstova har julestemninga smått om senn byrja setja seg. Knut Hamsun har fått på seg nissehuva. Dei fyrste to kilo klementinar er etne, og frå høgtalarane strøymer Bachs juleoratorium på endelaus repetisjon. På overflata er alt såre godt, men under golvteppet ligg det ei misnøye og ulmar. Diverre er ikkje boklækjaren heilt uskuldig i at eit medlem i Klok-redaksjonen går omkring og er fåmælt og mutt. Sist veke skreiv eg nemleg ut resept på uavgrensa mengder gløgg, og det vart teke bokstavleg på julebordet til spalta du les no. Som alle veit, kan mykje gløgg få folk til å byrja ri kjepphestar, og plutseleg sat me i ein høglydt diskusjon om kva for gode romanar som òg vart vellukka som film. Yngstemann i laget hadde vore tyrst og tagal tidlegare på kvelden, men no ville han markere seg. Han reiste seg opp og vifta med peikefingeren, og i fullt alvor og med sterk røyst kom det: «Eg veit det, eg veit det. Den beste filmen som har vorte laga etter ein roman, er sjølvsagt da Alfred Hitchcock filmatiserte Fuglane av Tarjei Vesaas!»
Det er ikkje noko triveleg på ein arbeidsplass der ein tilsett vert mobba av kollegaene. Hånfliren må halde opp, og kan hende er det desse rosande orda frå Kari Vevatne som snur stemninga: «Jeg gleder meg til Dag og Tid hver uke, mye på grunn av ’Klok på bok’. Langt fra alltid klarer jeg å finne fram til løsningen, men denne gangen var jeg ikke i tvil – dette antageligvis fordi jeg nettopp hadde avsluttet lesingen av denne gode og tankevekkende boken: Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar. Takk for en flott spalte uke etter uke!»
Odd Storsæter skriv: «Boka er Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar (f. 7.9.1982). Sitatet er fra Mohammed etter at det ble slutt med kjæresten Maria. Bokas rammehistorie er at forskeren Lars Bakken ved NOVA skal lage et forskningsprosjekt på Stovner. Og han får respons fra Mohammed som er skoleflink og skriver, og fra Jamal som elsker rapp og leser inn på kassetter på kebabnorsk. De er begge interessert i en premie på 10.000 kroner. Zeshan Shakar vokste selv opp i en av blokkene i Tante Ulrikkes vei, og dette er hans debutbok. Han fikk Tarjei Vesaas’ debutantpris for boka. Boka starter like før 11. september 2011 og slutter i 2006 etter karikaturstriden. Boka er godt skrevet og spennende. Forfatteren er ikke bare født i 1982, han er født i Jomfruens tegn og på selveste Buddy Hollys fødselsdag. Men det er vel langt å trekke å si at Buddy Holly fant rytmen på 50-tallet og at Zeshan Shakar finner rytmen og språket på Stovner på begynnelsen av 2010-tallet? Men ’Not Fade Away’ hadde faktisk passet bra som soundtrack over bildene fra blokkene i Tante Ulrikkes vei – i tillegg til Outcast og andre rappegrupper. Og ved avskjeden med Maria kunne ’Crying, Waiting, Hoping’ vært en fin avslutningssang over sluttvignettene og bildet av Mohammed. Jeg begynte på boka i vår, men kom ikke inn i den. Men husket sitatet om trist kjærlighet. På grunn av Dag og Tid er nå hele boka lest!»
Desse fann vegen til løysinga på oppgåve 1365: Skeisebibliotekaren i LASK, Laurits Killingbergtrø, Kjell Helge Moe, Nils Farstad, Per Skjæveland, Birte Næsheim, Jorunn Øxnevad Lie, Jorunn Røyset, Ståle Ritland, Gunder Runde, Janneken Øverland, Ingvar Engen, Asbjørg Apalset, Laura Killingbergtrø, Inger Anne Hammervoll, Eli Winjum, Torleiv Kløve, Ragnhild Eggen, Per Trygve Karstensen, Eli Hegna, Gunnar Bæra, Folke Kjelleberg, Ingebjørg Sogge, Arnulf Kolstad, Christopher Messelt, Magnhild Reisæter, Olav Larsen, Kari Vevatne, Berit Horsberg, Ove Bjørkhaug, Rannveig Nordhagen, Olav Holten, Turid Tirevold, John Erik Bertelsen, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Sjur Joakim Fretheim, Anne Berit Skaarer, Tor Inge Myren, Audun Gjengedal, Tormod Østensvik, Truls Johan Horsberg Hoff, Øyvin Østensvik, Truls Songstad, Olav Molven, Odd Storsæter, Robert Øfsti, Fritjof Lampe, Marit Lindberg, Petter Kristensen og Eirik Holten. I dag er Janneken Øverland bokvinnar. Gratulerer!
Klok på bok 1367
Det er oktober no, og naturen kler seg i oker. Han blir vill og dryg her nede om hausten, alle seier det, du må like litt vêr for å halde ut her. Eg veit ikkje det, for meg er det vel slik at dette er plassen min og ferdig med den saka, her er eg fødd, her skal eg leve, og her skal eg virke, alt saman på den måten eg best klarer det, har eg tenkt, og så får vi sjå litt av verda og menneska som finst i henne, mens vi er på denne reisa.
I dag skal me fram til ein roman som kom ut i 2016, og i boklækjarutgåva står sitatet på side 265. Me finn eit tal i både føre- og etternamnet på forfattaren som dessutan er fødd i rotta sitt år. I boka opptrer det ein tannlækjar, og før eg godkjenner svaret, vil eg ha førenamnet på denne odontologen. Send namn på tannlækjar, forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 22. desember.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida