JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Sommartider

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4456
20240712
4456
20240712

Sommartider, hej hej, sommartider! Ja, slik seier dei det i Sverige. Det er ein sjarmerande entusiasme for sommaren hos vårt svenske broderfolk, men utan å forkleine teksten til Per Gessle, kjem han ifylgje Klok-redaksjonen inn som nummer to i konkurranse med Aslaug Låstad Lygre og Vi skal ikkje sova bort sumarnatta.

Det er noko vakkert lågmælt over orda til Lygre: «Då skal vi vandra i saman ute under dei lauvtunge tre.» Medan Gessle og bandet Gyllene Tider kaukar: «Läppar mot läppar, två hjärtan i brand». Her treng me ikkje VAR, det er krystallklår heimesiger.

No tek me straks velfortent ferie her i bokstova, me er attende fyrst 2. august. To tips på tampen: 1. Poesifestivalen i Ulvik går føre seg 13.–15. september, og sjølv om boklækjaren ikkje er på programmet i år, vil eg varmt tilrå lesarane å planleggje ein tur til fruktbygda på seinsommaren. 2. Ei fin lita bok du kan lese i sommar, er Polakken av John Maxwell Coetzee. Han er 84 år og i toppform. Det er diverre ikkje alle på hans alder som kan seie det same.

Med ynske om ljose sommarnetter for lesarane vil me under lauvtunge tre vandre vidare til løysinga me skulle fram til i dag. Eiliv Olsen skriv: «Denne gongen hadde medikusen gjort det rimeleg lett for oss. Sitatet måtte vera frå (ny)norsk litteratur og skrivestilen frå nærare 1900. Etter litt leiting kom namnet Kristofer Uppdal (1878–1961) fram. Han er kanskje mest kjend for den store romansyklusen frå rallarmiljøet: Dansen gjennom skuggeheimen, men dette var eit dikt, og det viste seg at Uppdal også hadde gitt ut mange diktsamlingar. Diktet i oppgåva heiter «Forlis», og er frå diktsamlinga Altarelden frå 1920, i bolken «Haaløygske sonetter». Stilen er svært ekspresjonistisk. Vigdis Ystad skriv at Uppdal som diktar stod i ’slagfeltet mellom sola og det totale mørket’, noko oppgåvesitatet kan vera eit døme på. Jan Erik Vold meiner at Uppdal sine dikt er ’en av de best bevarte hemmeligheter i moderne skandinavisk lyrikk’. Etter å ha lese denne diktsamlinga er eg einig. Sonetten med tittel etter ein nobelprisvinnar er «Knut Hamsun». I 1961 fekk Ivo Andrić, frå det som då heitte Jugoslavia, nobelprisen i litteratur for boka Broen over Drina (ei særs god bok).»

Kari Vevatne skriv: «Jeg har ikke lest mye av Kristofer Uppdal – og måtte til biblioteket, som fant fram diktsamlingen fra magasinet i kjelleren – men nå har jeg boken hjemme – og skal forsøke å bruke litt tid på å bli kjent med Kristofer Uppdals lyrikk. Igjen må jeg takke for nye horisonter som Medikus gir – jeg er imponert over bokkunnskapen!»

Desse klokingane gjekk gjennom eld og vatn og fann rett svar på oppgåve 1633: John Olav Johnsen, Eli Winjum, Fritjof Lampe, John Dag Hutchison, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Jan Alfred Sørensen, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Else Gjesdahl Sørensen, Paul Henrik Hage, Bjørn Myrvang, Erik Aamlid, Vigdis Hegna Myrvang, Per Skjæveland, Laurits Killingbergtrø, Inger Anne Hammervoll, Ragnhild Eggen, Nils Farstad, Eli Hegna, Gunder Runde, Gunnar Bæra, Inger Merete, Kirsti og Grete, Robert Øfsti, Eirik Holten, Ole G. Evensen, Ole Tom Røed, Ingerid Skarstein, Joar Stegane, Liv Sundheim, Kjell Håve, Kjetil Kvalvik, Irene og Tore på Tranby, Mari og Marianne, Marit Knappskog, Jorunn Kleppe, Sissel Gunnarshaug, Magnhild Reisæter, Siren Steen, Audun Gjengedal, Thana Rongen, Folke Kjelleberg, Kari Vevatne, Kjell Helge Moe, Eiliv Olsen, Solrun Haukedalen, Inge Strand, Marta Kløve Juuhl, Arve Kjøstvedt, Olav B. Larsen, Tiril Bonnevie, Sigrun Gjengedal Ruud, Bjarne Strøm, Øyvind Fenne, Marit Skytterholm, Per Trygve Karstensen, Inger Margrethe Berge, Gunnar Eide, Anne Berit Skaarer, Ole Husby, Nina Korbu, Reidar Birkeland og Torleik Stegane. Siste bokvinnar før ferien heiter Solrun Haukedalen. Gratulerer!

Klok på bok 1635

Nesleblada kvite høge

Over steinen kvite høge

Døde strie vakre kantar

Innved låven raude vegg

Innved raude låven kantar

Tynne mørke kvite høge

Strie grove vakre døde

Sitatet er siste diktet i ei omsett diktsamling frå 2017. På originalspråket kom samlinga ut i 1994. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då nobelprisen i litteratur gjekk til ein nordisk forfattar. I boka nemner forfattaren fleire drøvtyggarar, og du lyt ha med minst to av desse før eg godkjenner svaret.

Send inn nemninga på minst to drøvtyggarar i boka, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 27. juli.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar

Det andre blikket

Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.

Håkon Tveit

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar
Brit Aksnes

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Raudkolibrien veg 3,5 gram og må dagleg ete halvannan til tre gonger si eiga vekt under vanlege kår. Han hekkar i Alaska og overvintrar i Mexico. Trekkruta strekkjer seg over 6000 kilometer.

KunnskapFeature

«Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta?»

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis