🎧 Ei kjærleikshistorie
KJÆRLEIK VED FØRSTE TRÅKK: Kalkhoff, you complete me.
Foto: Randi Fuglehaug
Lytt til artikkelen:
Han var min fyrste, og ingen av dei som kom etter, kunne måle seg med han.
Han var lyserosa.
Eg hugsar den kriblande kjensla av å hente han ut frå garasjen om våren, men eg hugsar også kjensla av å ha vakse frå han.
I mange år etterpå levde eg i platoniske sykkelforhold. Eg elska ingen av dei høgt nok. Eg behandla dei ikkje slik dei fortente å bli behandla. Eg mista interessa, eg smurde ikkje kjeda. Det gjekk slik det måtte. Dei rusta framfor auga mine, ein etter ein.
Då me for åtte år sidan kjøpte hus langt aust i hovudstaden, parkerte eg sykkelen min utanfor. Der blei han ståande sommar og vinter, utan å bli stolen – og utan å bli brukt.
Det var ei mil til kontoret. Det var for bratte bakkar og for få gir.
Ein dag hadde mannen min fått nok av misleghaldet og kasta heile sykkelen.
Så begynte dei mørke åra då eg var sykkelsingel og bunden til kollektivlivet.
Køyre bil i hovudstaden torde eg ikkje, fordi eg knapt nok hadde køyrt nokon andre stader enn på Voss, og dersom du ikkje er lokalkjent: Det er berre éi rundkøyring på Voss.
Litt etter litt begynte eg å prøvekøyre fram og tilbake til butikken i lag med mannen min. Snart gjorde eg det åleine. Og så oppdaga eg det fantastiske faktum at det faktisk ikkje er mogleg å køyre seg vill med GPS. Det endra alt – og gav meg smaken på livet på fire hjul.
Då me fekk vårt andre barn, kjøpte eg den første bilen min. Ein elbil.
Eg hadde aldri trudd eg skulle leve i eit hushald med to bilar, men når ein er busett ei mil aust for hovudstaden, har ein faktisk råd til sånt.
Det var kjærleik ved første tur. Snart eigde me Oslo, elbilen min og eg. Han var så liten og fin, fann sin plass overalt utan å gjere noko ut av seg. Eg elska han.
Men det var ikkje den typen kjærleik som fekk det til å bruse i blodet. Han gav meg fridom, men klarte ikkje å tilfredsstille meg på alle område.
Når sola skein varmt om våren, gav det meg inga gledekjensle å sitje bak rattet. Eg kjente på klaustrofobien.
Eg sakna vind i håret. Eg begynte å fantasere om ein annan.
I fleire år blei det med fantasiane, fordi eg ikkje klarte å bestemme meg for kven eg ville ha, og fordi eg var usikker på om det var sosialt akseptert med eit slikt dobbeltliv.
I vår hoppa eg i det. Eg kjøpte meg elsykkel.
Forholdet vårt er framleis ferskt, men forelskinga er utan sidestykke.
Han er slank, men sterk, og eg vil gå så langt som å seie at eg er eit lukkelegare menneske når me er saman.
No luktar eg på syrinane, smiler til medsyklistar og ler av dei som sit innestengde i bil.
På godvêrsdagar, vel å merke.
Når det regnar, kryp eg tilbake til han trygge med tak og mjuke sete.
Eg trur faktisk dette polyamorøse forholdet – trekanten, om du vil – kan vare livet ut.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida