Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

🎧 Ein arkitekturpris utan appell

I Noreg er Straumen kåra til den mest attraktive staden, men norske aviser nemner det knapt. Kvifor? Fordi vi ikkje har eit arkitekturspråk som appellerer til folk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Straumen på Inderøy har fått Attraktiv by-prisen.

Foto: Johan Arnt Nesgård / Kommunaldepartementet

6041
20201016
6041
20201016

Lytt til artikkelen:

I slutten av august vart Winsum kåra til den vakraste staden i Nederland av turist- og bilistorganisasjonen ANWB. I grunngjevinga for prisutdelinga kryr det av adjektiv og superlativ som talar direkte til folk. Vi kan unne oss nokre gloser på nederlandsk: Levendig, charmant, prachtig, heerlijk – een prachtdorp! («ein praktlandsby!»), var konklusjonen til juryen.

Avisene, både lokal- og riksaviser, fylgde etter. Volkskrant skriv «You Winsum, you lose some». «Som å koma til Amsterdams travlaste handelsgate», skriv NRC Handelsblad, som besøkte landsbyen.

Og turiststraumen lèt seg ikkje stogge. «Det finst ikkje parkeringsplassar, sykkelstativ og offentleg toalett nok», står det i Dagblad van het Noorden. Ikkje berre nederlendarar syner interesse for byen. Den amerikanske ambassadøren i Nederland har vore innom. «No kjem kinesarane», heiter det i avisene.

«Proaktiv tettstad»

Om lag ein månad seinare, 21. september, skjer ei liknande prisutdeling i Noreg: Straumen i Trøndelag får Attraktiv by-prisen, ein pris som Kommunal- og moderniseringsdepartementet deler ut. Prisen går til ein stad med berekraftig by- og stadutvikling.

Og kva ord nyttar den norske juryen? «Visjonsarbeid», «proaktiv bidragsyter», «gode tilbud», «attraktive destinasjoner». Vel, «visjon» og «attraktiv» lovar for så vidt godt, men «proaktiv»? Kjære jury, kvifor så forsiktig og teknisk. Klarer de ikkje uttrykkje rein entusiasme? Kvar blir det av adjektiva?

Reaksjonane i norsk presse er like nedslåande som dei er overveldane i nederlandske aviser. Det er oppslag i Adresseavisen og lokalaviser som Inderøyningen om prisen. «Gratulerer og takk for laget», heiter det i sistnemnde. Elles er det dørgande stilt i norsk media. Klassekampen hadde ein notis om Straumen i juli, før prisen vart delt ut. Ja, og så hadde Per Egil Hegge ein fin artikkel om Straumen i Dag og Tid i førre veke.

Dette er ikkje nok til å lokke den amerikanske ambassadøren til Straumen. Ja, heller ikkje kinesarane.

Snu ei negativ utvikling

No vil kanskje nokon koma med innvendingar. Det handlar om to vidt ulike prisar og stader. Ein pris som ein turistorganisasjon gjev til ein turistattraksjon, og ein pris som ein seriøs, statleg aktør gjev til ein stad som lukkast med infrastruktur og stadutvikling.

Sant nok har Nederland ein eldre bykultur enn Noreg, og i Winsum finst det bygningar frå 1600-talet, men det finst det i nesten alle nederlandske stader. Men det er likevel mange likskapar. Winsum får prisen fordi landsbyen har makta snu ei negativ utvikling. For berre fire år sidan stod 35 prosent av alle butikklokala tomme, og det lukta kloakk av kanalen som går gjennom landsbyen.

Winsum har lukkast med nett det som Straumen blir rosa for: «Et langsiktig arbeid med lokal merkevarebygging som har skapt grobunn for vekst og utvikling», som det heiter i den norske grunngjevinga.

ANWB er dessutan ein ikkje-profitt-organisasjon som er ansvarleg for skilting av nederlandske vegar og for bilberging, altså jamførleg med norske NAF. Elles er det òg andre likskapar. Om Winsum har 8000 innbyggjarar, er denne staden rekna for «landsby» i nederlandsk målestokk, slik Straumen med 1800 innbyggjarar gjeld som ein norsk tettstad.  

Språket som ikkje finst

Det interessante er ikkje likskapane, men skilnadene. Juryen i Attraktiv by-prisen er samansett berre av fagfolk. Det er utan tvil dugande fagfolk, men folk som ikkje ser fagspråket sitt utanfrå. Juryen i ANWB er samansett av ein kabaretforfattar, ein arkitekturhistorikar og ein representant frå ANWB. Den statlege norske juryen ville hatt godt av å ha ein kabaretforfattar i lag med seg, til å skjerpe og utfordre språkbruken.

Men problemet stikk djupare. Kikar du på ein annan norsk pris, Vakre vegers pris, som Statens vegvesen deler ut, finst det ingen motførestellingar mot å bruke eit engasjerande språk. Og juryen til denne prisen er akkurat like fagleg som i Attraktiv by-prisen.

Feilen ligg ein annan stad. Arkitekt og byplanleggjar Peter Butenschøn sette fingeren på det for over ti år sidan. Språket til mange norske arkitektar er det motsette av estetikk – det er an-estetikk, altså anestesi, bedøving. På gresk tyder estetikk kjensle, anestesi tyder ikkje-kjensle. For folk i arkitektur- og byggjebransjen er det tabu å nytte ord som vakker og stygg. Kvifor? Fordi ideala frå 1960- og 70-åra enno dominerer, idealet er ny og modernistisk arkitektur som hevar seg over kjenslene.

Ironisk nok får vi akkurat i desse tidene ei stadfesting av Butenschøns kritikk. Den 4. oktober hadde Stefan Heggelund frå Høgre ein kronikk på trykk i Aftenposten med tittelen «Hvorfor må all ny arkitektur se så lik ut?» Han meiner det er på tide å snakke «om stygt og pent igjen». Ikkje lenge etter kom svaret frå fagmiljøa, 6. oktober i same avis. «Hva er stygg og pen arkitektur?» Slike tomme ord varierer jo frå person til person, seier arkitektar, forskarar og jamvel folk frå Selvaag Bolig. Dessutan må vi vente 30–40 år før folk opplever eit nybygg som vakkert, seier ein ekspert. Det geniale arkitektar skjønar tvert, må vi døyelege menneske bruke 30–40 år for å forstå.

Vel, vel. Nederlendarar har funne fram til eit sams språk som gjer at vanlege folk, journalistar og fagfolk kan einast om ei berekraftig og vakker stadutvikling. I Noreg driv fagfolk enno med gamaldags relativisering av arkitekturdebatten, dei bedøver debatten. Eg meiner ikkje at det finst eit standardskjema for kva som er vakkert og stygt, men vi må kunne bruke slike omgrep i offentlege diskusjonar om arkitektur.

I mellomtida gnid kyniske utbyggjarar seg i hendene. Dei slepp unna med billige, lettvinte byggjeprosjekt som gjer Noreg stadig styggare.

Ronny Spaans er fyrsteamanuensis ved Nord universitet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

For folk i arkitektur- og byggjebransjen er det tabu å nytte ord som vakker og stygg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis