Dag og Tid auka opplaget for fjortande året på rad.
Svein Gjerdåker er redaktør i Dag og Tid.
KULTUR
ottar@dagogtid.no
I 2016 kunne Dag og Tid for første gong registrera over 11.000 abonnentar. Opplaget auka med 262, til 11.211. Medan mange norske aviser har hatt nedgang, har Dag og Tid registrert ein auke kvart år dei siste fjorten åra.
– Det er både gledeleg og viktig at veksten held fram. Det skaper ein eigen driv i bladstova, både for marknadsførarane, journalistane, desken og dei eksterne skribentane.
Trass i veksten meiner me at avisa er så god at ho kan nå ut til langt fleire. Det kortsiktige målet er eit opplag på 15.000. Me får mange gode tilbakemeldingar og trur at folk ønskjer seg ei god papiravis ein gong i veka, seier redaktør Svein Gjerdåker. Han peikar på at ei vekeavis ikkje kan følgja den den daglege nyhendestraumen.
– Difor krevst det gode journalistar og kommentatorar, og me opplever no at mange skribentar vender seg til Dag og Tid – òg bokmålskribentar. Mange av dei faste skribentane våre nyttar bokmål til dagleg. Det er krevjande i starten for bokmålingar å skriva nynorsk, men mange seier dei likar det.
Denne veka tek Dag og Tid i bruk eit nytt produksjonssystem.
– Det gjer det lettare for oss å distribuera avisa på alle plattformer – både på papir og elektronisk. Det er eit stort framsteg og gjer det mogleg for å auka opplaget ytterlegare. Med gode folk og gode tekstar skal vi klare det.
Han er oppteken av at Dag og Tid skal vera open for ulike synspunkt.
– Sjølv synest eg det er keisamt å lesa det same som eg meiner sjølv. Eg vil bli utfordra. redaktøren.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
KULTUR
ottar@dagogtid.no
I 2016 kunne Dag og Tid for første gong registrera over 11.000 abonnentar. Opplaget auka med 262, til 11.211. Medan mange norske aviser har hatt nedgang, har Dag og Tid registrert ein auke kvart år dei siste fjorten åra.
– Det er både gledeleg og viktig at veksten held fram. Det skaper ein eigen driv i bladstova, både for marknadsførarane, journalistane, desken og dei eksterne skribentane.
Trass i veksten meiner me at avisa er så god at ho kan nå ut til langt fleire. Det kortsiktige målet er eit opplag på 15.000. Me får mange gode tilbakemeldingar og trur at folk ønskjer seg ei god papiravis ein gong i veka, seier redaktør Svein Gjerdåker. Han peikar på at ei vekeavis ikkje kan følgja den den daglege nyhendestraumen.
– Difor krevst det gode journalistar og kommentatorar, og me opplever no at mange skribentar vender seg til Dag og Tid – òg bokmålskribentar. Mange av dei faste skribentane våre nyttar bokmål til dagleg. Det er krevjande i starten for bokmålingar å skriva nynorsk, men mange seier dei likar det.
Denne veka tek Dag og Tid i bruk eit nytt produksjonssystem.
– Det gjer det lettare for oss å distribuera avisa på alle plattformer – både på papir og elektronisk. Det er eit stort framsteg og gjer det mogleg for å auka opplaget ytterlegare. Med gode folk og gode tekstar skal vi klare det.
Han er oppteken av at Dag og Tid skal vera open for ulike synspunkt.
– Sjølv synest eg det er keisamt å lesa det same som eg meiner sjølv. Eg vil bli utfordra. redaktøren.
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida