På innsida av byråkratiet
Filmskapar Ellen Ugelstad utfordrar byråkratiet i eit dokumentarprosjekt om makt og avmakt i psykiatrien. Litt av prosjektet Making Sense Together vart klipt saman til kortfilmen Møterommet.
Bakgrunn
Ellen Ugelstad
Fødd i 1973, bur i Oslo
Utdanna ved Academy of Art University i San Francisco
Har studert sosialantropologi ved Universitetet i Oslo
Har vore nominert til Gullruten to gonger, og har vore jury i Amandaprisen
Dokumentarprosjektet Making Sense Together handlar om medmennesket, språket, tilliten, håpet og rollene i psykiatrien

Kortfilm
mone@dagogtid.no
– Bror min har vore ut og inn av psykiatrien i 20 år. Om eg hadde ei scene, skulle eg plassert alle menneska som skulle vere støttepersonar i livet hans, der. Alle papira vi har skrive, alle klagane, alle brev mor mi har skrive om handsaminga han har fått, om bydelen, om fylkeslegen og spesialisthelsetenesta. Dersom eg la alt på ein stad, tablettane og medisinane, alle menneska som har fått gjeste livet hans, hadde det vorte eit svært fragmentert og kontinuitetslaust bilete, seier filmskapar Ellen Ugelstad.
Gode intensjonar
Ugelstad fekk ferten av filmskaping då ho var fotostudent i San Francisco, og attende i Noreg ville ho lage eit portrett av mennesket i den psykisk sjuke broren. Ho laga filmen Indian Summer, om kvardagen hans med ei schizofren liding, i 2011. No arbeidar ho med dokumentarprosjektet Making Sense Together i lag med manusforfattar og lærarkollega Einar Sverdrup. Prosjektet har fått 600.000 kroner i støtte frå Ekstrastiftelsen gjennom Rådet for psykisk helse.
Making Sense Together tek føre seg makt og avmakt, og er delt opp i ulike perspektiv. Det handlar om å vere medmenneske, og om forholdet mellom pasienten og dei som skal ta vare på han, som stendig får beskjed av dei overordna om å halde avstand. Det handlar om å få lov til å bere håpet som pårørande, og om det som skjer når ei personleg historie vert formulert om til fagterminologi.
– Du har laga film om eit mangelfullt system. Trur du ikkje dei som jobbar i psykiatrien, vil det beste for pasientane sine?
– Eg trur der er gode intensjonar. Dei vil hjelpe, og det er ikkje éi side mot ei anna. Men helsevesenet er prega av effektivisering og ei marknadsliberalistisk haldning. Ho kom i kjølvatnet av Bjarne Håkon Hanssens tid som helseminister. Alt skal teljast, vegast og målast. Sjølv om ein har idealistiske idear når ein kjem inn i systemet, vert det vanskeleg å halde på dei. Det er dårleg kommunikasjon, og psykologane har press på seg på å få ut pasientar, slik at dei kan ta inn nye, for fleire pasientar betyr meir pengar. Ein snakkar om pasientomsetjing og om at pasienten må på anbod. Ein brukar eit språk som framandgjer, seier Ugelstad.
– Som pårørande vert du ståande åleine. Det er vanskeleg å snakke med andre om det som går gale, fordi systemet er så komplekst. Psykiatritemaet blir tabu. I podkasten Det filosofiska rummet refererer dei til den tyske økonomen og sosiologen Max Weber som seier at byråkratiet er til for å hjelpe folk å organisere samfunnet. Men når menneske ikkje lenger blir tekne vare på, har det gått for langt.
– Har du opplevd dette sjølv?
– Ja. Vi har tenkt at «no treng han ei innlegging». Vi ringjer sjukehuset, og vert bedne om å reise på legevakta. Men legevakta har ikkje tilgang på journalen, og ser berre eit oppegåande menneske, fordi bror min har det bra der og då. Då kan han ikkje leggast inn, og vi står att med ansvaret. Viss han sjølv bed om å verte innlagd, kan han skrive seg ut dagen etterpå. Og det gjer pasientane ofte, for i ein psykose kan du oppleve at du er frisk. Når han då vert endå dårlegare, får han ikkje dra attende. Når dei skriv ut pasienten for tidleg, får han ikkje ro til å bli knytt til staden og få nytte av opphaldet. Han vert ein såkalla svingdørspasient, seier Ugelstad.
– Kva betyr det å leggje ein pasient ut på anbod?
– Når han skal skrivast ut frå sjukehuset, må han ha ein stad å bu og eit aktivitetstilbod som må følgjast opp. Då legg ein han ut på anbod. Ulike aktørar kjem med tilbod, og økonomien deira er avgjerande, seier Ugelstad.
Vasstette skott
Møterommet handlar om Kjetil, ein pasient som slit med psykose, og som no skal skrivast ut. Mor til Kjetil, psykologen, fagsjefen i bydelen, to miljøarbeidarar og ein psykiater har derfor eit møte – ikkje i eit møterom, men på ei teaterscene. I eit sminkerom intervjuar Ugelstad dei involverte, blant andre Trine Wiggen og Hilde Olaussen. Filmen er ein hybrid mellom fiksjon og dokumentar, og handlar om det som skjer når behovet til pasienten forsvinn i byråkrati og effektivisering. Ingen vil ha Kjetil. Mora og søstera kjempar for at han skal få tilbodet han har krav på.
– Skulle eg laga anten ein dokumentar- eller ein fiksjonsfilm, hadde eg ikkje fått skildra dei ulike nivåa godt nok, seier Ugelstad.
– Kva gjorde at du ville utforske psykiatrien som tema på nytt?
– Sidan eg har personleg erfaring, sit eg på mykje innsideinformasjon. Eg ønskjer ikkje å svartmåle psykiatrien, men botnlinja er at dei tilsette ikkje eigentleg tek vare på pasienten, sjølv om dei gjer jobben sin. Menneske som treng hjelp, må vente i månader og år før dei får ei utgreiing. Dette er noko eg har stått oppi sjølv.
– Til slutt: Kva skulle vi gjort utan eit system? Treng vi det ikkje?
– Eg har konkrete framlegg, seier ho og ler.
– Det er for lite framdrift. Pårørande og pasientar får ikkje konkrete tidsfristar. Prosessane må vere tidsavgrensa. Når ein ikkje held fristen, må ein få bot, som i andre yrke. For det handlar om liv. Vi treng systema, men dei må kunne forenklast, seier Ugelstad.
«Det er akkurat som om det er vanntette skott mellom instansene», seier mor til Kjetil i filmen. Mot slutten sit ho åleine på scena, i ein tom sal, og i bakgrunnen syng Solveig Slettahjell «Crazy».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Sjølv om ein har idealistiske
idear når ein kjem inn i
systemet, vert det vanskeleg
å halde på dei.
Ellen Ugelstad, filmskapar
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida