Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

På jakt etter ei landsmoder

Birgitte Huitfeldt meiner Midtaustens kvinner må få kjenne på eigarskap til sitt eige land. Ho har fått kvinner frå ti land i tale i boka Usensurert.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Birgitte Huitfeldt brukte tre år på å reise rundt i Midtausten og møte tidlegare fengsla kvinner. Her framfor klagemuren i Jerusalem.

Foto: Privat

6740
20170707

Bakgrunn:

Birgitte C. Huitfeldt

Frå Oslo, fødd i 1959

Utdanna litteraturvitar frå Universitetet i Oslo

Debuterte med boka Women’s Journey – Meetings With Ten Feminist Thinkers of The World» (Humanist, 2008)

Usensurert er den fjerde boka hennar

Litteratur

mone@dagogtid.no

Litteraturvitar og sakprosaforfattar Birgitte C. Huitfeldt har gjort det til sin eigen sjanger å skrive om ti kvinner i slengen. Tidlegare har ho skrive om kvinnelege forfattarar, filosofar og litterære personlegdomar i Skandinavia, Europa og USA. Sommaren 2014 tok ho fatt på ny. Ho flaug til Kairo og tok til med psykoanalytikaren, forfattaren og kvinneaktivisten Nawal El Saadawi, som ho kallar «selve Egypts ’mor’». Så følgde sterke kvinner i Syria, Tyrkia, Palestina, Jemen, Libya, Irak, Jordan, Iran og Saudi-Arabia.

– Mitt utgangspunkt som feminist er at vi må gjere landet til hennar. Og vi treng dei kvinnene som kan gå framom og inspirere landssystrene sine til å tru på eigne moglegheiter, seier Huitfeldt.

Libya i eiga stove

– Du har besøkt mange av desse kvinnene i heimlanda deira, og i Paris møtte du ei saudiarabisk kvinne i eksil. Kva gjorde sterkast inntrykk på deg?

– Då eg reiste frå Oslo og inn på Vestbreidda til møte på PLO-senteret med Hanan Ashrawi frå Palestina, tenkte eg at no sit eg i eit historisk område. Men det som verkeleg rørte meg, var juss-student i Noreg og fredsaktivist Hajer Sharief frå Libya. Ho vann studentens fredspris i år. Ho kunne fortelje meg heile livet sitt. Eg kunne ikkje skrive i boka kvar vi møttest av omsyn til familien i Libya, men ho kom heim til meg, kippa av seg sandalane og gjekk berrføtt inn døra. Det var pinleg å ha ei libysk kvinne i Noreg, som har vorte skoten på med norske bomber. Det gjekk opp for meg at eg snakka med Libya heime i mi eiga stove. Eg har fått møte ti ulike nasjonar, og det er fantastisk. Alle har møtt meg med tillit og mot.

Utan ismar

– Til Utrop sa du at du ikkje kunne gå inn i dette med feminismen først. Men boka er tufta på kvinnespørsmål?

– Eg ville ikkje at vi skulle snakke om ismar. Orientalismen finst enno, og eg trur mange av vestens feministar har eit ønske om å få alle verdas kvinner til å likne seg sjølv, fordi vi er komne så langt. Men feminismen måtte kome inn som ein naturleg del av samtalen. I intervjua mine fann eg svært interessante likskapar mellom kvinnene; plutseleg dreia samtalen inn på religion, kjensler og kjønn, og då var vi svært ulike. Men dei fleste ville ikkje snakke om islam. Det verka som det låg eit tabu over å drage religion inn i virket.

– Hos familiejurist Canan Arin i Tyrkia kjem spørsmålet «Har Islam skylden for urett mot kvinner?». Er det verkeleg så enkelt?

– Nei. Eg skal vere varsam, men det er ikkje så enkelt. Eg vil heller seie at patriarkatet har skulda. Ein har mykje patriarkat i islam. Det kan vere vel så undertrykkjande å vere oppvaksen i ein patriarkalsk familie som i ein religiøs familie. I islamske land i dag er kvinna berre verdt helvta av mannen. Islam sørgjer for at kvinner ikkje kan velje sine eigne liv, og dette tek eg avstand frå. Ein skal kunne ha ei tru, men eg meiner at dersom Islam skal fungere, må religionen og dei religiøse vere villige til å gå gjennom ei opplysningstid.

Nawal El Saadawi seier at «Når den tiden kommer at kvinner blir sett på som naturlige eiere av verdens nasjoner, kan man begynne å tenke seg en verden uten krig, vold, nød, fattigdom, tortur og korrupsjon». Meiner ho at kvinna er løysinga på verdas problem?

– I dag har mannen eit sjølvsagt forhold til å eige land, og kvinner eig berre 12 prosent av verdas landareal åleine. Saadawi seier at ein må gå mot ei tid der det er naturleg at kvinner tek desse posisjonane på linje med menn. No er det ikkje sjølvsagt at ein kan forvente det. Men kvinna åleine er ikkje svaret, kvinna i lag med mannen er svaret. Det er så mange kvinner som berre sit heime med øydelagd kropp og ventar på mannen sin, så mange ressursar som går tapt. Kjønnslemlesting av små jenter skjer enno, barneekteskap og barnefødslar hos born under 15 år skjer, seier Huitfeldt.

«Så sa de at det skulle være 12 (år), men at man kunne dele opp skolegangen i fire pluss fire pluss fire år. (...) Så dette er et knep for å fortsette å tvangsgifte jenter i skolepliktig alder», seier tyrkiske Canan Arin i boka.

– Å jobbe for kvinnas framtid er det viktigaste ein gjer i desse landa. I Egypt er kjønnslemlesting forbode, men det vert gjort meir enn nokon gong. Dei vedtek lover som reinvaskar dei, og får positiv merksemd, men i røynda vert verda lurt. Men kvinnene talar sanninga. Dei har ikkje noko å vinne på eit korrupt system. Dei tener ikkje noko på å halde fram ein krig.

«Her nation»

– Korleis gjekk du fram med prosjektet?

– Eg valde ut ti kvinner; alle er trua i virket sitt og skriftene sine, dei er forsøkt knebla, og dei er straffa. Den yngste er 24 år, og den eldste 84. Eg ville ha med dokterar og psykiatrar, nokon som kunne sjå inn i mennesket, og dermed inn i nasjonen. Men eg har òg fått med politiske talskvinner og juristar som jobbar med familiepolitikk. Alle kvinnene arbeider for menneskerettar og kvinnerettar, og for å nytte det frie ordet. Det er snakk om å leggje ned nyheitskanalen Al Jazeera i Qatar, og det er ekstra viktig å trekkje fram dei sensurerte. Eg ville finne ut kva som er fridom for ei kvinne.

Den amerikanske feministiske forfattaren Camille Paglia har skrive opningsessayet i Sensurert, om kvinna i kulturen i Midtausten gjennom historia. Huitfeldt har skrive bok om Paglia tidlegare.

– Det set Midtausten i eit interessant lys, for nyhenda vi får servert, sjokkerer oss. Vi gløymer kulturen som ligg bak. Det må eg seie: Eg har lese mykje undervegs, og framstillinga av kvinner i Midtausten går ofte hand i hand med undertrykkinga. «Kvinner og andre minoritetar» seier mange maktpersonar, og det er offertenking. Ein kan ikkje sjå vekk frå at det finst unge kvinner i Egypt som ønskjer å gifte seg tidleg, og som ønskjer å verte verna og betalt for av mannen. Men eg er oppteken av å forstå dei som vil ut av eit øydeleggjande mønster. Dei kan klare det.

– Til slutt: Finst det håp for kvinnene i desse landa?

– Ja. Det finst mykje håp i Midtausten, og det kjem ikkje fram i media. Håpet ligg i dialogen mellom kvinner, og at media kan skrive om det positive som skjer, som ein workshop for imamar i Syria om kjønnsroller, tilstelt av Rafa Nached. Det handlar ikkje om vårt vestlege håp, men om deira håp.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Mitt utgangspunkt som feminist er at vi må gjere landet til hennar.

Birgitte C. Huitfeldt, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis