Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

– Det vakraste eg veit, er austlendingar som freistar høgtlesing på nynorsk, seier barnebokforfattar Maria Parr.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hadde det ikkje vore for den munnlege forteljingsformidlinga, hadde ikkje bøkene mine eksistert, fortel Maria Parr.

Foto: Agnete Brun / Samlaget

5640
20170811

Bakgrunn:

Maria Parr

Fødd på Fiskå i Vanylven kommune i 1981.

Debuterte med Vaffelhjarte. Lena og eg i Knert-Mathilde i 2005.

Vann Brageprisen, Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Kulturdepartementets pris for beste barne- og ungdomsbok. Fekk Teskjekjerringprisen 2009 og blei kåra til Årets nynorskbrukar i 2010.

Bur på Fiskå med mann og born.

Litteratur

mone@dagogtid.no

Det tok tid å rettferdiggjere for meg sjølv at eg kan drive med dette. Eg har vener som står på for at verda skal gå rundt, og då er det stas for meg å kunne seie at dette òg er ein ordentleg jobb. Bøkene mine er ikkje overskotsarbeid slik som då eg studerte, seier barnebokforfattar Maria Parr frå Fiskå på Sunnmøre.

Det passar å treffe Vaffelhjarte-forfattaren på Kaffistova. Ho har nett nytta to dagar på Lydkjøkkenet hos Øystein Vesaas i Moss, for å lese inn lydboka om Lena Lid og Trille i bygda Knert-Mathilde.

– Eg legg mykje av forfattaridentiteten min i formidlinga. Eg trur du kan stille deg opp med ei bok i kva som helst slags klasserom, og at det vil gå deg vel. Men du må forstå at din måte er god nok. Noko av det vakraste som finst, er austlendingar som les nynorsk. Og det er først no, når eg har lese inn boka, at eg kjenner ho er ferdig, seier Parr.

Det var nemleg med den munnlege forteljinga at dei to vaffelsvoltne venane vart til.

– Eg fortalde om Trille og Lena til småsøskena mine på sengekanten. Dei har vore der så lenge at eg ikkje hugsar når eg kom på dei. Og då eg lærte meg å skrive, skreiv eg dei ned.

Attersyn

– Kva handlar den nye boka om for deg?

– Havet og døden og kjærleiken, ispedd litt humor, seier Parr.

Så ler ho høgt.

– Er det ikkje det det meste handlar om? Nei, boka handlar om at livet endrar seg, og det må vi berre hanskast med. «Vi födds och vi dör», som Lovis seier i Ronja Røvardotter.

Keeperen og havet er ein frittståande oppfølgjar etter suksessboka Vaffelhjarte. Lena og eg i Knert-Mathilde. Parr vart nominert til Brageprisen for boka, og fekk seinare prisen for boka Tonje Glimmerdal. I den nye boka om Lena og Trille har det gått to år sidan sist, og sterke, høgrøysta Lena Lid er komen att frå ferie på Kreta. Ho og meir varsame Trille, eller Theobald Rodrik Danielsen Yttergård, som han eigentleg heiter, vert sende på blåbærtur. Dei oppdagar nye menneske på garden til gamle Oppoverbakke-Jon, som no bur på aldersheimen. Lena er ikkje imponert: «Fy flate, desse turistane, freste ho. – Tenk å køyre så inn i drithaugen feil at du endar langt her oppe på fjellet. Dei burde vore merkte med varseltrekantar heile gjengen.»

– Dette er ikkje Vaffelhjarte II. Eg ville gjere noko nytt, og gjekk motviljug inn i denne. Så fann eg ut at eg ikkje måtte forlate dette universet for å få endringa eg trong. Det var godt å kome attende til Knert-Mathilde. Trille og Lena har så mange absolutte sanningar, og no byrjar dei å forstå at verda er så mykje større. Trille får smake surdeigsbrød med kantarellar på for fyrste gong, og farfar er ikkje lenger berre farfar, men har hatt eit heilt eige liv. I det ligg det såre og komiske, og det såraste er å ikkje verte sett for den ein er, seier forfattaren.

– Du har ikkje tenkt å prøve deg på vaksenlitteratur?

– Nei. Hittil har eg vore kategorisk oppteken av barnelitteratur. Det er utruleg viktig. Barn fortener det beste, og leseopplevingane ein har som barn, er gjerne dei sterkaste ein får. Men der er mykje masseprodusert barnelitteratur, og ein må leite litt. Det har vore ei leiestjerne for meg å få lov til å lage små krypinn som borna kan gøyme seg og finne glede i.

– Din eigen barndom då, var du ein Trille eller ei Lena?

– Eg er frå ein heilt vanleg heim med fire søsken og to foreldre som er lærarar. Sjølv om eg ofte opplever at borna trur eg er som Lena Lid og Tonje Glimmerdal, var eg meir som Trille. Men eg er glad i Lena og kan heile historia hennar. Der ligg noko sårbart i henne som ein ikkje ser ved første augekast. Ho verkar jo så sterk.

Verdskjend

Parr er ikkje den einaste suksessforfattaren frå Fiskå. Øystein Vidnes og Hilde Myklebust er gode kollegaer. Far til Vidnes, Reidar, var læraren hennar på barneskulen, og pådrivar for forteljargleda hennar.

– Han såg at eg var glad i å fortelje, og lét meg gjere det. Det var han som oppmuntra meg til å skrive ned forteljingane mine.

Arbeidsdagen hennar held gjerne fram i redaksjonen til lokalavisa Synste Møre. Faren,Vidar Parr, er redaktør, og ho får låne møterom.

– Du er omtala som den nye Astrid Lindgren, bøkene dine er omsette til fleire språk og du har vunne ein haug prisar. Skulle du verte forfattar?

– Eg hadde ein draum, og eit publikum som fortalde meg at eg kunne klare det. Men det var ei aha-oppleving at det gjekk an å skrive om mitt vesle, vanlege liv. Sjokket har lagt seg no, og prisane fekk eg før eg forstod kor stort det var. Brageprisen er svært fin, men med alle ungane som spring ut og inn, er eg litt redd nokon skal få han i hovudet, seier forfattaren og ler.

– Til slutt: Korleis får du med deg lesaren inn i Knert-Mathilde, har du eit tips?

– Du kan skildre ein orkan utan at lesaren kjenner kor kaldt det er. Men med ein gong du skildrar ein liten bit sjokolade, kjenner lesaren på å verte svolten. Mat er det mest sanselege du kan skrive om. Der kan du nå gjennom. Eg er så heldig at eg får ause opp av miljøet eg er vaksen opp i, med naturen og måten å snakke til kvarandre på. Det er ein rikdom å få strekkje språket så langt mot dialekten min og jamvel vere innanfor norma.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.

Foto: Michal Walusza / Fide

KommentarSamfunn

Ingen vaksne heime

Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.

Atle Grønn

Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.

Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Astrid Sverresdotter Dypvik

Å møte seg sjølv i døra

Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.

President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.

Foto: Andrew Harnik / AP / NTB

Ordskifte
SølveSelstø

Dufta av kvantekaffi

«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»

2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

MiljøSamfunn
Per Anders Todal

Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.

Eit militærkøyretøy passerer Pokvrosk- skiltet under eit russisk åtak på byen, nær frontlina i Donetsk 19. desember 2024.

Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Himmel på jord

Også ukrainarane har feira jul og nyttår, med songar, pynt og god mat. Men det nye året byr på nye vanskar.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis