Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Vil skubbe verda i rett retning

Sofia Haugan portretterer forholdet til den rus­avhengige, kriminelle faren i debutfilmen Røverdatter.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Røverdatter («My Heart Belongs to Daddy» på engelsk) er debutfilmen til Sofia Haugan. Ho fekk kontakt med far sin att i vaksen alder, etter å ha flytta på hemmeleg adresse saman med mor si som tiåring.

Foto: Mone Celin Skrede

6932
20180323

Bakgrunn

Sofia Haugan er fødd i 1988 i Oslo

Har vore radiojournalist for Radio riks og LO media

Opphavleg utdanna i journalistikk ved Arbeiderbevegelsens Folkehøgskole og i dokumentarregi ved Nordisk Institutt for Scene og Studio

Dokumentarfilm

mone@dagogtid.no

Den 29 år gamle Sofia Haugan sit klar ved eit bord på ein kafé på Oslo S. Ho skal rekke eit fly. Etter fem års arbeid går filmen Røverdatter på kino, og han var nominert og fekk heiderleg omtale på filmfestivalen i Göteborg. Haugan er utdanna i dokumentarregi ved Nordisk Institutt for Scene og Studio, og oslomeister i slampoesi i 2014. Nett no, som i filmen Røverdatter, har ho det brune håret samla i ein uryddig topp på hovudet og skjerf i fleire lag utanpå tjukk genser og boblejakke.

– Eg har laga ein film om mitt perspektiv som pårørande. Om far min og vår relasjon. Men eg skulle ikkje verte ein så stor del av filmen som eg vart.

Viktig rolle

Pårørande vart ho nemleg ikkje før filmprosjektet starta. Det skulle handle om far, Kjell Magne Haugan, rusavhengig og kriminell. Men rolla hennar vart viktig. På lerretet spring ho frå eiga bursdagsfeiring for å ta seg av ein hund som faren i ruspåverka tilstand seier han har fått tak i. Hunden viser seg å tilhøyre kjærasten hans. Dottera må hjelpe han å finne att husnøklar når han har stole hotellhanddukar og låst seg ute, og når ho skal køyre han til avrusing, står han på kjøkenet i underbuksa og hoppar tau.

– Det var viktig å sjå det absurde i situasjonen. Men det er ein grunn til at eg har plassert dei der, og pappa ler av slike ting, han òg. Ein treng å le når ein skal vere med på noko tungt, seier ho.

– Kjenner du deg ansvarleg for far din? For å hjelpe han ut av rusen?

– Eg ber ikkje på skuld, eg er heldig sånn. Eg kjenner ikkje at eg har ansvar, men samstundes ser eg eit problem i at ansvaret berre skal liggje på han.

– Du måtte bu på hemmeleg adresse då du var ti år?

– Ja. Eg hugsar pappa som ein ressurssterk snikkar og ein leiken far, men på det tidspunktet var han valdeleg. Eg var ikkje redd for meg sjølv, men eg hugsar eg var redd for mamma. Eg visste kva eg skulle gjere dersom han dukka opp. Eg visste kvar den store kjøkenkniven låg. Det såre var at eg ikkje hadde den same referanseramma og historia som andre barn på min alder. Der har Blå Kors og Barn av rus vore god hjelp.

Haugan ler litt.

– Og eg hugsar at eg ikkje kunne delta på teiknekonkurransar i barne-TV. Som kunstnarbarn var det litt sårt.

– Det ordnar seg

I ei av dei siste scenene i filmen sit Sofia i telefonen med Nav. Ho har greidd å få faren og kjærasten hans inn til rehabilitering. Men dei får ikkje ha med seg hunden, som rehabiliteringsinstitusjonen har reklamert med. Saksbehandlaren frå Nav støttar og råder henne til å leve sitt eige liv. Då renn det over for Haugan. Tårene trillar. Nav-kvinna lovar så å prøve å sjå på saka, og Sofia får leggje på.

– No ordna det seg! seier ho.

– Er du så optimistisk alltid?

– Eg var så optimistisk då. For meg er den scena ambivalent: På ein måte viser kvinna frå Nav omsorg for meg, mens ho eigentleg skal passe på pappa. Det kjennest som ansvarsfråskriving frå hennar side. Personen ho eigentleg skal hjelpe, har ho ikkje tru på. Men eg har grunn til å vere positiv der. Det har ordna seg.

– Kvar hentar du motivasjonen din?

– Eg hadde Margreth Olin som lærar, og ho sa at det handla om å skubbe verda eit steg i rett retning. Eg stolar på magekjensla, og når eg tek eit val, er det ikkje vanskeleg for meg å stå i det.

– Og styrken din? Du er sta?

– Sta er ein knagg mor mi har hengt meg på, og det er bra. Men eg er eigentleg keisam; glad i naturen og i kulturtilbod. Då eg var barn, hadde mor mi – ho er gammal hippie og rideinstruktør – hestar. Eg sov, åt og las på hest. Men eg kjenner meg ikkje som noko «supermensch». Eg veit ikkje kvar den styrken kjem frå. Eg såg dokumentaren Alt om min far av Even Benestad, som er konsulent for filmen min, og tenkte at dette hadde eg aldri tort. Men så tenkjer eg at «jau, dette må eg jo tore». Det vart eg erta med då eg var liten. Det var lett å få meg med på ting: røykje eller klatre i tre. «Å ja, du er feig, du», var det som skulle til.

– Du seier du ikkje vert redd når far din utagerer, men når han sit i sofaen og fiklar med ein kniv og er høg og sint, kva kjenner du på då?

– Provokasjon. Eg vert sint. Eg føler eg har verka meir sint i filmen enn eg er til vanleg. Ein vert ofte redd for å arve slike trekk, men i min familie er det fight, ikkje flight. Sinne er den kjensla som er lettast å identifisere, og sjølv om ein er redd, er det sinne som kjem ut.

Ruspolitikk

– Korleis har far din det no?

– Det går bra. Eg prøver å ha like stor tru på pappa som han har på meg. Han er i Oslo i høve premieren, men har busett seg i Rogaland saman med kjærasten. Men sjølv om det går bra, sit dei berre heime og prøver å halde seg utanfor trøbbel. Dei får ikkje fylt rommet som rusen hadde i livet med noko anna, og det skulle eg ønskje dei kunne fått støtte til.

– Kva meiner du om endringa i ruspolitikken? At personar som vert narkotikadømde, skal få behandling i staden for straff?

– Eg er ambivalent til det. Eg har ikkje kjempetru på straff, men eg trur at soninga kan vere eit betre behandlingstilbod. Dei får noko å fylle dagane med. Medan pappa sat i Halden fengsel, fekk han fotokurs der, og for fengsla som ikkje har slike tilbod, finst paragraf 12. Den kan gje høve til å sone på institusjon. Det rusvedtaket har å seie for samfunnet er bra, men rehabiliteringskøane er lange. Frå pappa og kjærasten fekk plass på institusjon til dei kom inn, tok det eit år. Det kostar over 100.000 kroner for ein person i månaden.

– Var du budd på å leggje livet ditt ut i det offentlege, og var far din det?

– Nei. Eg var ikkje budd på at filmen skulle få så mykje merksemd. Han har tydelegvis treft ein nerve. Å lage filmen har eg hatt god kontroll på, men det sårbare ligg i alle dei ulike jobbane eg har hatt samstundes. Eg har hatt sjukdom og dødsfall i familien. Men eg har hatt eit godt filmteam i ryggen, Magnus Tombre Bøhn, kjærasten min, som fotograf, produksjonsselskapet Indiefilm, og menneske som har støtta opp rundt meg. Det har vore eit viktig prosjekt for pappa, sjølv om enkelte scener er vonde for han å sjå. Gjennom desse åra har han mista husværet, han har mista alt han eig og har. Men kameraet han nyttar i filmen, har han aldri mista.

– Til slutt: Har filmen fått namnet sitt fordi du er lik Astrid Lindgrens Ronja Rövardotter?

– Det er noko av grunnen, mor mi meiner at eg var lik Ronja som liten. Eg vil ikkje gje inntrykk av at dette er ein barnefilm, men Ronja Rövardotter var ein av filmane eg identifiserte meg med, seier Haugan.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg prøver å ha like stor tru på pappa
som han har på meg.

Sofia Haugan, filmskapar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis