Eikemo og Ibsen
Marit Eikemo lèt seg inspirere av Henrik Ibsens samtidssyn i romanen Gratis og uforpliktande verdivurdering.
Forfattar Marit Eikemo meiner den nye romanen hennar er den mørkaste ho har skrive til no.
Foto: Mone Celin Skrede
Bakgrunn
Marit Eikemo er fødd i Odda i 1971.
Utdanna cand.mag. frå Universitetet i Bergen, gift og har fire born.
Tidlegare journalist, redaktør for Syn og Segn og informasjonssjef for Festspela i Bergen.
Dagleg leiar for Cornerteateret i Bergen og festspeldiktar for Dei nynorske festspela 2018.
Debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2006 og fekk Amalie Skram-prisen i 2017.

Litteratur
mona@dagogtid.no
Marit Eikemo er årets festspeldiktar for Dei nynorske festspela, og ho vann Amalie Skram-prisen for 2017. «Som Amalie Skram er Marit Eikemo ein sanningssøkande forfattar», melde NPK–NTB. Samstundes lever ho eit hektisk liv i Bergen med mann, fire born og to kattar. Det er heller ikkje Amalie Skram som står øvst på inspirasjonslista for den nye romanen hennar. Gratis og uforpliktande verdivurdering vert nummer fem i rekkja, og det er første gong ho for alvor går tett på og tek tak i samlivet mellom mann og kvinne i ein familierelasjon med born.
Det uløyselege
– Eg har alltid vore oppteken av Ibsen og det han skreiv om sanning og løgn. I arbeidet med denne romanen har eg vore særskilt oppteken av Et dukkehjem. Stykket verkar kanskje ikkje så relevant for vår tid, men eg ville finne ut kva som er det verste ein kan gjere mot den andre i eit samliv. Kva ville skake oss i dag, med moglegheitene og vala denne tida gjev oss? Kva er det uløyselege?
– Du har sjølv mann, born og hus. Kva er det uløyselege for deg?
– Det ... Nei. Det er ikkje så relevant her, seier Eikemo.
– Kvifor har du sett eit så kritisk spørsmål som kva det uløyselege i eit samliv er, inn i ei forteljing om bustadkjøp?
– Eg likar å skrive tett opp mot tida eg lever i, og eg er over gjennomsnittet interessert i bustadmarknaden. Eg tykkjer ikkje det finst noko i tida vi lever i, som ikkje òg kan ha litterær verdi. Alle romanane mine har starta med eit einskilt bilete som eg ikkje vert kvitt, og eg må inn og finne ut av kva som ligg der. Som regel byrjar boka med det same biletet. I denne romanen er det ei kvinne som sit rundt eit grisete kjøkenbord med eit porselenshjarte dinglande under lampa med påskrifta «Mobilfri sone». Handlinga startar når mobilen hennar varslar eit nytt resultat i Finn-søket «Draumehuset». Det er mykje som står på spel når du skal kjøpe nytt hus, du må kaste deg ut i noko. Og denne korleis skal det gå med oss-kjensla ønskte eg å utforske. Karakterane i romanen har sterke ideal om å vere i eit fellesskap – ein familie, og samstundes eit ideal om å leve i sanning. Paradokset er at det romantiske fellesskapet ikkje alltid toler sanninga så godt, og då kjem skilsmissestatistikken med i reknestykket.
– Trur du verkeleg samtidsmenneska skil seg frå kvarandre fordi dei ikkje toler å handtere sanninga?
– For samtidsmenneska er ideal og røynd på kollisjonskurs. Idealet om å leve saman i sanning står framleis sterkt samanlikna med kor mykje vi held skjult for kvarandre.
Romanen startar med hovudpersonen Hanne, som sit i det altfor tronge husværet ho eig i lag med sambuaren Andreas i Bergen. Ho er på jakt etter draumehuset i draumebydelen, slik at framtida vert slik dei hadde tenkt seg. Brått heng heile livet til Hanne på dette eine huset, og ho må velje om ho skal handle sjølv eller vente på Andreas. Det som i utgangspunktet er ei forteljing om bodrundar, verdivurderingar og meklarsamtalar, vert ei vurdering av menneska Hanne og Andreas, samlivet og verdiane deira.
Galskapen
– Du seier du er over gjennomsnittet oppteken av bustadmarknaden. Har du sjølv stått i den usikre situasjonen til rollefigurane dine, der draumehuset er i ferd med å falle gjennom fingrane dine?
– Eg har vore på bustadmarknaden i ulike fasar, som dei fleste på min alder. Då vi fekk barn nummer fire, måtte vi ha eit større og dyrare hus. Det kjennest pressande. Og har ein vore på bustadjakt i fleire år og sett alt mogleg «ræl», kjennest det som ein sjanse ein ikkje kan late gå frå deg når det relevante huset endeleg dukkar opp. Spørsmålet er heile tida kor langt du kan strekkje økonomien.
– Bustadmarknaden i Noreg skal ifølgje media vere robust?
– Bustadmarknaden er kanskje robust, men det er ikkje livet. Har du eigedom i Noreg, skal det noko til for at det skal gå heilt gale. Men mange har store lån. Då skal det lite til før dei står i ein heilt annan situasjon. Og det å kome inn på bustadmarknaden har vorte vanskelegare og vanskelegare. Slik som livet er lagt opp, er vindauget der ein kan etablere seg og få barn, svært avgrensa. Det er eksistensielt, og i dette vindauget kan ein ikkje prioritere feil, då kan løpet fort vere køyrt. Det er eit stort press. Eg har sjølv nytta mykje tid på bustadmarknaden og kasta bort tid på Finn.no. Eg har hjelpt vener med bodrundar og kjøp. Då må eg nytte det til noko, for eg har så dårleg tid. Det var eigentleg galskap å skrive denne romanen.
– Kvifor det?
– Eg hadde nett starta i ny jobb, som dagleg leiar for Cornerteateret i Bergen. Eg har alltid hatt interessante jobbar i tillegg til å vere forfattar, men det var sjølvsagt krevjande å skrive ferdig ein roman og setje meg inn i ein ny jobb på same tid. Eg hadde alt byrja på romanen, og kunne ikkje late han vente. Då hadde eg mista stoffet.
– Du likar å drive vekselbruk?
– Ja, svært godt. Forfattarskapen og arbeidet gjev energi og inspirasjon begge vegar. Når eg no jobbar på teater, gjer eg mykje ulikt, eg har ikkje berre kontakt med kunstnarar. Eg har det daglege, økonomiske og strategiske ansvaret for huset og har òg kontakt med teknikarar, leveransefolk og amfimontørar. Eg står med glede bak kranane og likar å sjaue, og det er viktig for meg å høyre til eit arbeidsfellesskap. I tillegg er eg altså forfattar, og det kjem eg ikkje lenger unna. Eg kjenner meg privilegert som har fått gjere begge delar. Men det var ikkje ideelt å sluttføre romanen på dette tidspunktet. Å skrive ein roman er i seg sjølv forferdeleg, eg måtte nytte tidlege morgonar, seine netter og helger. Datamaskina står alltid på nattbordet.
– Er det så forferdeleg å skrive?
– Ja. Det er strevsamt, ein må gå så tett på. Eg jobbar svært intuitivt, så det er ein tung prosess. Ein skal halde ut seg sjølv òg. Det vert ikkje lettare å skrive med åra, sjølv om eg har skrive fem romanar. Eg skriv ikkje fortare eller enklare no enn før, eg må skrive og skrive til romanen plutseleg ein dag er ferdig.
– Kva vil du med forfattarskapen din?
– Eg har ingen karriereplan, men ei interesse for og ei evne til å utforske eksistensielle tema slik dei utspeler seg i vår tid, seier Eikemo.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Å skrive ein roman er i seg sjølv forferdeleg.
Marit Eikemo, forfattar
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida