– Uinteressant som litteratur
Bloggarane har innteke bokbransjen og bestseljarlistene, men er det eigentleg noko å lese om?
Unge bloggarar inntek bestseljarlistene, men har dei noko i bokformatet å gjere? Tja, seier Maria Horvei, redaktør i litteraturtidsskriftet Vinduet.
Foto: André Løyning
Bakgrunn
Bloggarbøker:
Bøker skrivne av bloggarar får stadig meir merksemd i media.
Dei figurerer stadig på bestseljarlistene.

Litteratur/underhaldning
andre@dagogtid.no
Bloggarar som snakkar om bøkene sine, meldarar som slaktar dei, og fans som går i harnisk, er teikn i tida. Skal dei rekruttere nye lesarar og berge økonomien til forlaga? Maria Horvei, kunsthistorikar og redaktør i litteraturtidsskriftet Vinduet, held fast på at bloggarbøker er eit ganske smalt segment i det store biletet.
– Men ein kan sjå på det som ein strategi for å nå ut til ei bestemt målgruppe, som er unge kvinner, og få dei til å lese meir. Sjølv om eg berre vil trykke ei Jane Austen-bok i hendene på kvar tenåringsjente eg ser, forstår eg jo at forlaga ønsker å nå dei som les desse bloggane. Men det er ikkje berre gjennom bloggarane ein kan nå yngre lesarar.
– Er bloggarbøker god litteratur?
– Ut frå det eg har lese, og måten desse bøkene blir marknadsførte på, er det ganske uinteressant å diskutere dei som litteratur. Det er bøker som, til liks med krim, blir skrivne for å underhalde. Og det er heilt greitt. Det er ikkje sånn at noko automatisk får kunstnarleg verdi ved å hamne mellom stive permar.
– Kven er desse bloggarane?
– Om me ser på dei som gir ut bøker i år, er det stort sett unge kvinner, vanleg norsk ungdom, som altså har opparbeidd seg eit stort publikum via bloggmediet.
– Kva handlar bøkene om?
– Blant bloggbøkene som kjem ut i år, er psykisk helse den store fellesnemnaren – sjølvsagt med utgangspunkt i eigne opplevingar. Det er faktisk heilt slåande kor tydeleg denne tendensen er. Utan å ha lese alle bøkene vil eg ikkje uttale meg om kor vellykka dei er, men det ville jo vere interessant å diskutere korleis desse bøkene forvaltar temaet. For det er ikkje småtteri.
– Bloggbøkene får ofte hard medfart frå meldarar. Er det fortent?
– Det er i alle fall uinteressant å lese meldingar som verken viser evne eller vilje til å sjå bøkene i ein større samanheng. Ingenting er enklare enn å latterleggjere unge kvinner som lever av å snakke om ting som er veldig nære, eller å klandre dei for å vere dårlege førebilete. Eg er meir interessert i dei mekanismane som gjer at me er så utruleg urolege for unge kvinner som gruppe. Ingen er meir sårbare og lettpåverkelege enn dei, tydelegvis. Sjå på ramaskrika som kom kring Fifty Shades of Gray, ei bok som liksom var så skadeleg for alle dei tandre jentene. Kvifor har me ikkje hatt den same samtalen om all krimmen som blir pumpa ut, med det eine drapet meir sadistisk enn det andre? Jau, fordi målgruppa der er sterke, staute menn. Så dei unge bloggarane som gir ut desse bøkene, stiller seg lagleg til for hogg, fordi dei går ut i ei offentlegheit som ønsker å ta dei og vise at dei er dumme og skadelege. I mine auge er det veldig lettvint kritikk.
– Kjende personar har skrive bøker om seg sjølv i alle år, er det noko annleis med bloggarar?
– Eigentleg ikkje. Dei skriv ikkje bøker ut frå ein kunstnarleg ambisjon, men dei er personar som me av ein eller annan grunn bryr oss om, og vi ønsker å høyre det dei har å seie.
Slakt og skandale
– Ein bloggar måtte trekke boka si etter at ekskjærasten kjende seg utlevert. Blir bokprosjekta til bloggarane godt nok forvalta av forlaga?
– Det skal eg ikkje uttale meg generelt om. Men konflikten kring boka til Anniken Jørgensen, som du nemner, var vel lite anna enn tre partar som mjølka den same kua, sjølv om VG kalla det ein skandale. Både forlaget, forfattaren og den fornærma var nok nøgde med måten det enda på. Men det ein kan sjå ein fare ved, er at det er ein annan terskel på nettet enn det tradisjonelt har vore i bokformatet. Ein bloggpost kan slettast og redigerast, medan ei bok er permanent, og eit større apparat er involvert. Det vil overraske meg om det er siste gong det skjer ein slik glipp.
– Eit forlag samanlikna ein bloggar med Karl Ove Knausgård. Knausgård sjølv har vore samanlikna med Goethe. Er det litteraturhistorie me her ser?
– Nei, det er det ikkje. Kjendissjølvbiografien er ikkje ein ny sjanger. Og eg trur ikkje forlaget eigentleg meiner at ein bloggar står i same tradisjon som Knausgård, sjølv om eg forstår at dei prøver seg. Dette med å transformere røynsle til litteratur er vanskeleg, og noko mange dyktige forfattarar mislykkast i. Det vil forundre meg om det er målsettinga og innanfor rekkevidda til desse forfattarane å skape kunst av kvardagen.
– Treng ein å lese desse bøkene?
– Ein skal i alle fall sette seg inn i kva det dreier seg om, før ein uttaler seg. Men ønsker ein å forstå bloggarbøkene i eit samfunnsperspektiv, er bloggane deira ein mykje betre inngang. Bøkene er eit forsøk på å overføre bloggen til eit heilt anna medium og gi han litterær form. Bloggane er meir levande og ei betre kjelde til korleis dei fungerer i samfunnet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er ikkje sånn at noko automatisk
får kunstnarleg verdi ved å hamne
mellom stive permar.
Maria Horvei, kunsthistorikar og redaktør
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.