Dotter av sola
Saksofonist Hanna Paulsberg (31) har spelt seg frå kulturskulen i Østfold til Blue Note i New York, men ho er framleis ikkje flink nok.
Hanna Paulsberg har fått gode meldingar for den fjerde plata med Hanna Paulsberg Concept. No planlegg ho turneen med poptrioen Gurls.
Foto: André Løyning
Bakgrunn
Hanna Paulsberg
Saksofonist, låtskrivar og komponist frå Rygge i Østfold
Skriv låtar og speler i Hanna Paulsberg Concept og Gurls, i tillegg til mellom anna Trondheim Jazzorkester
Den fjerde plata med Hanna Paulsberg Concept har fått gode meldingar

Musikk
andre@dagogtid.no
Ho spør fyrst om me kan møtast ein annan dag. Det er fyrste gong på lenge ho har fri, men ho har ikkje lagt planar for fritida. Kanskje skal ho til Trondheim og prøve ein ny saksofon. Ho har gløymt at ein turné må kunngjerast, ein turné som startar i januar og sluttar i april, frå Oslo via Færøyane og Svalbard, over heile landet frå nord til sør, med ein sveip innom Sverige og Finland. Ikkje småtteri, men samtidig så stort at ho har mista teljinga på kor mange konsertar det er.
Dei to banda hennar, poptrioen Gurls og jazzkvartetten Hanna Paulsberg Concept, er på mange måtar rake motsetningar, sjølv om det er ho som skriv låtane til båe to.
– Gurls er ein fristad og ei motvekt til alt det andre. Det er ikkje stor kunst for meg, og det var ikkje difor eg begynte å spele saksofon. Eg begynte å spele saksofon for å spele skikkeleg jazzmusikk, som eg gjer med Hanna Paulsberg Concept.
Ikkje god nok
Hanna Paulsberg er frå Rygge i Østfold, dotter av ein dansar og ein trommeslagar, som har blitt visesongar. Ho fekk ein fiolin då ho var tre år, og sjonglerte fiolin, pianotimar, ballett og fotball fram til ho var dritlei alt saman som tolvåring. Etter tre år med ingenting tok ho opp saksofonen og fekk undervisning på kulturskulen i Moss.
Faren var musikkmiljøet hennar, ein som både høyrde på og spelte jazz. Det var her ho plukka opp den amerikanske jazztradisjonen og Stan Getz. Musikken hans førte unge Paulsberg til Toneheim Folkehøgskole på Ridabu i Hamar. Då vegen vidare skulle veljast, stod jazzlinja på NTNU i Trondheim øvst på lista. Men var ho flink nok? Hanna var usikker, men bestemte seg då læraren sa ho burde søkje. Ho kom inn.
– Det var forferdeleg i starten. Eg var redd for alle som var der, redd for at dei skulle høyre kor dårleg eg var.
Uventa sol
Vi møtest på Galgeberg i Oslo, der ho bur. Ho er overraska over at det er sol, sjølv om det er det meteorologen har meldt. For ein turnerande musikar er solskin på ein fridag meir som flaks å rekne, men som fotograf er eg kynisk nok til å vilje ha sollys når eg skal fotografere ho som har gitt ut Daugther of the Sun, den kritikarroste fjerde plata til Hanna Paulsberg Concept. Tittelframlegget kom frå trommeslagaren Hans Hulbækmo, som las om den kvinnelege faraoen Hatshepsut. Tittelen passar like godt til Paulsberg sjølv. Sola skin på dottera. Det går godt om dagen.
– For fyrste gong synest eg at plata mi er skikkeleg bra, og eg håpar folk liker henne.
Mange år med hardt arbeid ligg bak.
– Eg må ha tru på det eg gjer, på same tid som eg må finansiere og administrere alt sjølv: booke konsertar, reiser og annan logistikk, skrive søknader, føre rekneskap, sende og svare på førespurnader, oppdatere sosiale medium... I tillegg skal eg komponere musikk og øve mange timar kvar dag.
Så forsnakkar ho seg. Turneen ho kunngjer medan eg satt på ein benk og stira på sola, er med Gurls. Bandet var eigentleg meint som ein spøk, eit avbrekk. Det byrja med ein låt ho skreiv til ein gut. Ei venninne fekk høyre han, og brått blei det både band og album. Gurls spelte òg på utdelinga av Spellemannprisen i beste sendetid med låta «Syngedame», der Hanna Paulsberg speler saksofon og rappar (sic).
Om att og om att
Spennvidda er stor blant norske saksofonistar. Hanna Paulsberg held seg til den amerikanske tradisjonen, som ein rytmisk tenor.
– Eg som er glad i den «ordentlege» jazzen, synest det er kjipt at så mykje blir kalla jazz. Jazz er ein tradisjon som inneheld visse element, og ein kan ikkje plutseleg seie at noko anna er jazz. Kvifor skal ein absolutt bruke merkelappen jazz? Då kan ein heller kalle musikken noko anna.
For to år sidan var Hanna Paulsberg invitert til New York, som ein del av Trondheim Jazzorkester, for å spele på den legendariske jazzklubben Blue Note i bursdagen til den minst like legendariske pianisten Chick Corea – med bursdagsbarnet sjølv bak klaviaturet.
– Det var ei stor oppleving, sjølv om det kjendest urettferdig at eg skulle stå der. Me spelte to konsertar. Den første kvelden var eg så nervøs og sliten at det var meir som ei ut av meg sjølv-oppleving. Den andre kvelden var det kjempegøy.
– Eg blei heilt fjetra av Chick Corea. Han er jazzhistorie, og det er ein grunn til det. For ein pianist og musikar og menneske! Han har eit nærvær som eg knapt har kjent før.
At ein saksofonist frå Østfold dreg til utlandet og speler med dei store, er kanskje uvanleg, men det har hendt før. Den legendariske saksofonisten Jan Garbarek kjem også frå Østfold. Hanna Paulsberg kjenner musikken hans, men ikkje mannen.
Å halde følgje
I tillegg til å spele fleire konsertar enn ho klarer å halde styr på, med fleire band enn berre sine eigne, prøver ho å ta ein master ved Noregs musikkhøgskule i Oslo for å bli flinkare til å spele. Akkurat no er det så mykje speling at masteren er sett på vent.
– Kanskje du er flink likevel?
– Eg vil bli betre til å spele saksofon, og eg vil bli ein betre musikar. Det er drivkrafta bak alt, å kunne uttrykke det eg ønskjer.
– Kan du det?
– Nei, langt ifrå. Akkurat no prøver eg berre å halde følgje med alt som skjer. Eg har lyst til å bli betre, gå djupare og få fleire dimensjonar å spele på. Då må eg øve meir enn eg får gjort no.
Halve fridagen blei til ein arbeidsdag, men kva skal ho gjere no? Anten må ho få lagt lister i leilegheita ho ikkje enno har flytta skikkeleg inn i, eller så må ho til Trondheim og hente den nye saksofonen. Og så skal ho helst øve minst tre timar, sjølv om ho har fri.
Då eg seier takk for praten, har ho enno ikkje bestemt seg. Sola skin vidare nokre timar til.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg som er glad i den «ordentlege» jazzen, synest det er kjipt at så mykje blir kalla jazz.
Hanna Paulsberg, musikar
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.