Det forferdelege skiljet
I essaysamlinga Kvinne ser på menn som ser på kvinner vil Siri Hustvedt finne ut kva eit menneske verkeleg er. I kjend Hustvedt-stil får feminismen vere bakteppe.
Siri Hustvedt las Freud som 16-åring, og tek opp psykoanalysen fleire gonger i essayboka.
Foto: Eddy Risch / AP / NTB scanpix
Bakgrunn:
Fødd i Northfield, Minnesota i 1955.
Tok artium ved Katedralskolen i Bergen.
Har doktorgrad i litteratur frå Columbia University i New York.
Alle dei seks romanane hennar og tre essaysamlingar er oversette til norsk.
Bur i Brooklyn i New York i lag med ektemann og forfattar Paul Auster.
Heldt det 39. årlege Sigmund Freud-foredraget i Wien i 2011, og mottok The International Gabarron Award for Thought and Humanities i 2012.

Litteratur
mone@dagogtid.no
– Den vesle boka du har, er den mest lesarvennlege, seier Siri Hustvedt gjennom telefonen. Kvinne ser på menn som ser på kvinner utgjer berre ein tredel av «den store boka», som ho kallar A Woman Looking at Men Looking at Women: Essays on Art, Sex, and the Mind, som kom ut på engelsk i 2016.
Den 52 år gamle amerikanske forfattaren med norsk morsmål les sjølv fire timar kvar dag. Same året som ho vart æresdoktor ved Universitetet i Oslo, vart ho kåra til ein av verdas 15 mest intellektuelle kvinner.
– Rytmane i det norske språket har utan tvil påverka prosaen min, seier ho.
Av hundrevis av forfattarar les ho gjerne Olav H. Hauge, Emily Brontë, Aristoteles, Franz Kafka og Emily Dickinson gong på gong.
Eit falsk skilje
I Kvinne ser på menn som ser på kvinner tek Hustvedt eit oppgjer med Aristoteles og oppfatninga om mannen som intellektet i samfunnet og kvinna som kroppen, det emosjonelle og skapande.
– Denne førestellinga har sett svært djupe spor i den vestlege kulturen, og held fram med å spøkje for oss. Vi kan ikkje verte verande i denne forferdelege oppdelinga, seier ho. – Det er eit falsk skilje.
– Tittelessayet utforskar kulturmennesket i eit kjønnsperspektiv. Du tek for deg kvinnas rolle i kunsten og mannens påverknad på henne: I klassisk kunst vert kvinna sett gjennom auga til den mannlege kunstnaren. Men er det så enkelt som «mannens feil»?
– Nei, og eg skriv ikkje overforenkla om kjønn og diskriminering. Kvinner har òg kjønnsdiskriminerande haldningar. Men menn har mykje å hente i feminismen. Feminismen kan løyse banda som hindrar dei i å akseptere eigne feminine sider. Han skaper fridom for mennesket, frå kulturelt fastsette roller. Men det er perverst å gi kvinner skulda for misogynien, det er som å gi svarte skulda for rasismen. I vesten ligg mykje av sexismen i undermedvitet, og infiserer måten vi ser og oppfattar kunst og litteratur på. Vi veit at mange menn rett og slett ikkje les bøker som er skrivne av kvinner. Å setje seg sjølv i ein passiv posisjon til ei kvinne, til og med ei bok skriven av ei kvinne, gjer at dei kjenner seg kastrerte. Heteroseksuelle menn finn ikkje sjølvverdet sitt i kvinner, dei finn det i andre menn, fortel Hustvedt.
– Når eg les, kjem eg stadig over formidable kvinner som har gjort store ting. Den fantastiske tyske matematikaren Emmy Noether endra retninga i fysikken. Og vi veit ikkje kven ho er! Det er nesten konspirasjon over dette. I litteraturen og kunsten er det i stor grad menn som vert kanoniserte.
I tittelessayet står Siri Hustvedt på ei Picasso-utstilling og ser på eit portrett av ei gråtande kvinne. Det forvridde uttrykket i andletet til kvinna får henne nesten til å le. Den blå og svartmåla kvinna symboliserer ei heilt utovervend sorg, og medverkar til den kulturelle oppfatninga om at kvinna utelukkande er basert på kropp og kjensler.
Knausgård og hår
Hustvedt skriv òg om å bruke skrivekunst som terapi for psykisk sjuke og om kvinnehårets kulturelle meining. I essayet «Ingen konkurranse» stiller ho Karl Ove Knausgård til veggs: «Mot slutten av samtalen spurte jeg ham hvorfor det i en bok (Min kamp journ. anm.) som inneholdt hundrevis av referanser til forfattere, bare var én kvinne som var nevnt: Julia Kristeva. (...) Svaret kom raskt: – Ingen konkurranse.»
– Du skriv at dette essayet berre måtte ut. Kva hende?
– Det var ein reaksjon på det Knausgård sa då eg intervjua han i eit bokbad i New York. Eg er ein stor tilhengjar av Knausgårds verk, og han er svært open og ærleg. Med «ingen konkurranse» trur eg han sa noko mange menn ikkje vågar å seie. I ettertid har han fortalt journalistar at han ikkje hugsar hendinga. Eg trur på han, eg trur det var ein refleksjon der og då. For meg var det skakande. Vi skal vere varsame med stereotypar; menneske er ulike og komplekse. Men dei kjønnsbaserte fordommane held vatn. Det er interessant: Når eg snakkar framfor nevrologar og filosofar, er eg per definisjon uinnvigd. Og fantastiske menneske har bede meg kome fordi eg har eit utanfrå-perspektiv. Men eg kjem over menn som verkeleg vert sinte fordi eg er ei kvinne og kan mykje, seier Hustvedt og ler.
– Det har teke år å lære å handtere dette. Eg har ein utopisk visjon om eit intellektuelt liv utan kjønnsbarrierar. At den intellektuelle kvinna framleis blir oppfatta som ein trussel mot mannen, fascinerer meg.
– Det blir meir og meir akseptert å skifte kjønn, og omgrepet kjønn vert meir og meir flytande. Trur du vi kan verte kvitt førestellinga om at kvinna «er» kjensler og mannen vitskap?
– Det betrar seg, men framgang er ein positivistisk idé frå 1900-talet. Det finst ikkje prov for at verda vert betre og betre, der er sprang fram og steg attende. Vi må vere årvakne og halde fram samtalen om undermedviten sexisme. Då kan vi handtere problemet, seier Hustvedt og informerer om at ho snart må leggje på.
– Det interessante er at der framleis er ein grunnleggjande biologisk ulikskap mellom mann og kvinne. Vi er fødde av kvinnekroppen. Du kan endre kjønnet ditt, den seksuelle identiteten din, kirurgisk, men det er framleis ikkje mogleg for menn å føde barn. Vi er langt frå å skape ei kunstig livmor, for embryologien har ikkje kome dit. Denne ulikskapen står ved, seier ho.
– Kvifor er det så vanskeleg å oppnå framgang?
– Eg har lenge tenkt at misogynien stikk så djupt fordi han kjem av ei nekt for opphavet. Menneskespedbarnet er avhengig av mor si for å overleve, ikkje berre i nokre veker, slik som andre pattedyr, men i mange år. Denne mangelen på sjølvstende er ei av røtene til misogynien. Skrekken vert akutt i kulturar som framhevar det maskuline sjølvstendet og eigenrådet. Machomannen kan ikkje vere avhengig av kvinna.
Eit menneske
– Du skriv altså om kunst, kvinneroller, skjønnlitteratur, hjerneforsking, psykoanalyse, om Karl Ove Knausgård og hår. Korleis heng dette saman?
– Desse pågåande intellektuelle problemstillingane har eg alltid vore interessert i, og dei definerer spørsmålet «Kva er mennesket?» Skal du forstå dette spørsmålet, må du ha fleire perspektiv. Om du berre studerer det biologiske, og ikkje det sosiologiske, mistar du noko.
– Fann du svar på spørsmålet om kva mennesket er?
– Sjølvsagt har eg ikkje løyst problemet med å vere menneske. Det er eit spørsmål utan svar, eit spørsmål drøfta av kunstnarar, filosofar og forskarar gjennom hundreår. Eg er interessert i å halde fram med å supplere til diskusjonen, seier Hustvedt.
– Men no må eg avbryte deg, seier ho vennleg og småler.
– Eg har ein bil som ventar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er perverst å gi
kvinner skulda for
misogynien, det er som
å gi svarte skulda for
rasismen.
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida