Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Liv Ulvik frå Eplemøya Songlag debuterer med ei personleg soloplate i haust. I dag kjem første singel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Eg må svare ja på at eg er følsom, seier folkesongar og eplemøy Liv Ulvik.

Foto: Paal Audestad

3445
20170609
3445
20170609

Det var song som galdt då folkesongar Liv Ulvik frå Oslo voks opp. Pianotimane var slitsame, det skulle verte folkesongar av henne. Ho fekk spesialopplegg i folkemusikk av Raulandsakademiet, og tok bachelor- og mastergrad ved Norges Musikkhøgskole. Men debutplata INN VADE måtte stå og godgjere seg før ho i september vert sleppt laus. I dag kjem singelen «Troll i eske», ei av låtane på plata.

INN VADE var masteroppgåva di i 2013, men plata kjem ikkje ut før i september i år. Kva har teke så lang tid?

– Det har hendt gode ting; vi har hatt fleire svangerskap i bandet. Samstundes var vi uheldige og hamna midt i ein influensaepidemi. Eg måtte stå stemmelaus i studio og synge då vi tok til med instrumentopptaka, slik at vi skulle høyre kvar vi var i låtane, seier Ulvik og ler.

– Kva handlar «Troll i eske» om?

– «Troll i eske» handlar om å ta omvegar når ein kjenner seg invadert. Ein kjenner at den som har trengt seg på, dukkar opp over alt, som eit troll i ei øskje. Det er eit norsk fenomen å nytte uklare hint for å kome innpå ein annan, i staden for å vere direkte. For når ingenting er sagt, kva skal ein då seie nei til? Heile plata har denne raude tråden. Det handlar om å kjenne seg så invadert at det vert ei fysisk, kroppsleg oppleving. Å kjenne seg så observert at rommet vert mindre og blikket trenger inn under huda. I vårt sosiale-medium-samfunn du vere synleg. Trykket på å fylle alle krav sit i ryggmergen. Alle greier ikkje trampe hardt og rope nei. Samstundes håpar eg lyttarane finn humor i tekstene, som er tekne frå sjølvopplevde episodar.

– Kan du skildre ein slik episode?

– Nei. Det vert for privat. Det er viktig for meg at lyttarane får leggje sine eigne historier inn i musikken, og desse tekstene var ein meistringsstrategi for meg. Om dei skal få ein slik effekt for andre, må ikkje mine erfaringar liggje i vegen. Eg håpar folk nyttar seg av trassen i låtane. Sjølv om ein ikkje ropte nei, er ein ikkje nøydd til å vere offer. Ein har si eiga stemme.

– Du syng med kvedeliknande lyse tonar, men tekstene høyrer nesten heime i punk: «Blikk som en spikerpistol». Du brukar tradisjonelle slåttar, med instrument frå klassisk musikk. Og så dette marine temaet. Kva er det du har skapt her?

– Det er eit godt spørsmål, seier Ulvik og ler. – Det starta med eit knippe tekster som låg i nattbordskuffa og aldri skulle brukast. Dei tvinga seg ut av meg, og eg måtte skrive dei ned. Men så laga eg musikk til dei. Musikken har mange lyse frekvensar, men det er mykje grotesk og ekkelt i dei musikalske linjene òg. Det marine temaet kjem av vatn som omgjev ein heilt og fullt og trengjer inn i alle holrom. Men det måtte ikkje berre vere grotesk. Ein skal kome inn i musikken utan å måtte senke seg ned i djupna.

– Til slutt: Du har sunge i prisgjevne Eplemøya Songlag. Kva hender etter solodebuten din?

– Anja Eline Skybakmoen har slutta i Eplemøya, og Ingebjørg Loe Bjørnstad har kome inn. Eplemøya er ei gruppe som bruker lang tid, vi er i startgropa på nytt, og treng øving for å verte samsungne nok. Vi dannar ein ny konstellasjon med Ingebjørg. Eg vil gjerne halde fram med soloarbeidet, men eg må få ut albumet først, og det vert godt. Den har vorte ein propp i systemet. Men Eplemøya er i gang med noko nytt no, og vi skal reise på turné i september.

Mone Celin Skrede

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis