Neptun sildeoljefabrikk på Melbu i Vesterålen.
Foto: Ulf I. Gustafsson / Riksantikvaren
Freding av industrielle kulturminne
Stortinget har vedteke ei liste på femten tekniske og industrielle anlegg som Riksantikvaren ynskjer å frede. Fem av desse anlegga er alt freda. No går Riksantikvaren i gang med fredingssaker for dei resterande ti anlegga, står det å lesa på nettsidene til etaten.
Dei ti anlegga er svært ulike både i omfang og type, heiter det vidare, men dei skriv seg alle frå framvoksteren av det moderne Noreg, i ei tid då det handla om å temja naturen, få i gang ein storstilt vareproduksjon og effektivisere arbeidet. Mellom dei ti anlegga finn vi Neptun Sildoljefabrikk i Hadsel, Klevfos Cellulose og Papirfabrik i Løten, Salhus Tricotagefabrik i Bergen og Spillum Dampsag og Høvleri i Namsos.
Dobbeltgjengar-app
Google har lansert ein ny app for dei kunstinteresserte: Arts and Culture. Ein underdel av denne appen har ein hugtakande funksjon for dei som aldri rakk å sitja modell for ein kjend kunstnar, anten det no var Edvard Munch eller Odd Nerdrum. Med appen kan du nemleg laga sjølvi og finne din dobbeltgjengar. Google har titusenvis av kunstverk til rådvelde for denne appen. Det er kunstverk Google har gjort tilgjengelege i samarbeid med 650 partnarar i kunstverda. Appen er enno ikkje introdusert i europeiske land, men Google melder at det alt er lasta ned 78 millionar kunstsjølviar i USA. Appen har òg andre fine funksjonar, som virtuell guiding i kunstmuseum.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Freding av industrielle kulturminne
Stortinget har vedteke ei liste på femten tekniske og industrielle anlegg som Riksantikvaren ynskjer å frede. Fem av desse anlegga er alt freda. No går Riksantikvaren i gang med fredingssaker for dei resterande ti anlegga, står det å lesa på nettsidene til etaten.
Dei ti anlegga er svært ulike både i omfang og type, heiter det vidare, men dei skriv seg alle frå framvoksteren av det moderne Noreg, i ei tid då det handla om å temja naturen, få i gang ein storstilt vareproduksjon og effektivisere arbeidet. Mellom dei ti anlegga finn vi Neptun Sildoljefabrikk i Hadsel, Klevfos Cellulose og Papirfabrik i Løten, Salhus Tricotagefabrik i Bergen og Spillum Dampsag og Høvleri i Namsos.
Dobbeltgjengar-app
Google har lansert ein ny app for dei kunstinteresserte: Arts and Culture. Ein underdel av denne appen har ein hugtakande funksjon for dei som aldri rakk å sitja modell for ein kjend kunstnar, anten det no var Edvard Munch eller Odd Nerdrum. Med appen kan du nemleg laga sjølvi og finne din dobbeltgjengar. Google har titusenvis av kunstverk til rådvelde for denne appen. Det er kunstverk Google har gjort tilgjengelege i samarbeid med 650 partnarar i kunstverda. Appen er enno ikkje introdusert i europeiske land, men Google melder at det alt er lasta ned 78 millionar kunstsjølviar i USA. Appen har òg andre fine funksjonar, som virtuell guiding i kunstmuseum.
ronny@dagogtid.no
Fleire artiklar
Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.
Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB
Å møte seg sjølv i døra
Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.
President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.
Foto: Andrew Harnik / AP / NTB
Dufta av kvantekaffi
«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.