Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Gertrude Stein:

Kva ville ho med livet?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Portrettfotografi av Gertrude Stein, teke i 1934 av Carl Van Vechten.

Foto: Carl Van Vechten

4583
20180323
4583
20180323

Gertrude Stein (1874–1946) var ein amerikansk-jødisk forfattar og kunstsamlar, busett i Paris mesteparten av sitt vaksne liv. Ho er mest kjend for den modernistiske litteraturen og den litterære salongen hennar i Rue de Fleurus. Stein er rekna som ei drivkraft for utviklinga av moderne kunst og litteratur i byrjinga av 1900-talet, og ho hadde stor innverknad på ei rekke amerikanske forfattarar, som Ezra Pound, Scott Fitzgerald og Ernest Hemingway.

Den viktigaste boka hennar?

The Autobiography of Alice B. Toklas (sjølvbiografien til Alice B. Toklas, 1933) gjorde namnet hennar kjent utover dei smale krinsane ho vanlegvis gjekk i. I «sjølvbiografien» fortel Stein om opplevingane sine i den fargerike kunstverda i Paris mellom verdskrigane. Boka er regelrett ein hyllest til henne sjølv, sjølv om orda er lagde i munnen til veninna og livspartnaren hennar, Alice B. Toklas. Trass i sjølvskrytet fall lesarane for boka som gav eit vittig portrett av eit kreativt miljø med mange spennande personlegdommar. Boka blei ein kommersiell suksess, og er den einaste ho skreiv i konvensjonell form, med andre ord ­– i ein heilt annan stil enn den modernistiske som ho var talskvinne for.

Kva meinte ho om samtida?

Stein bidrog til å skape ei kunstnarleg rørsle som kravde ei ny uttrykksform og eit brot med fortida. Ho avviste kompromisslaust den lineære, tidsorienterte skrivemåten som tilhøyrde det nittande hundreåret til fordel for ein eksperimentell, prosessorientert skrivestil, karakteristisk for det tjuande hundreåret. Stein likte ikkje substantiv og adjektiv, men ho var glad i verb og adverb fordi «verb og adverb og artiklar har liv i seg fordi dei alle gjer noko, og så lenge noko gjer noko, held det seg i live». Det ho skreiv, bar preg av repetitive rytmiske forenklingar, og ho søkte eit språk som tilsvarar augeblikksbildet i filmen.

Kva innverknad hadde ho på ettertida?

I ettertida har Stein hatt mindre påverknad som forfattar enn ho har som katalysator for utviklinga av moderne kunst. Salongen hennar i 27 rue de Fleurus som ho delte med Alice B. Toklas, blei ein samlingsstad for avantgardistar som støtta kunstsynet hennar. I åra mellom første og andre verdskrig fann ein jamn straum av amerikanske og engelske forfattarar vegen til salongen hennar. Ho kalla desse «The Lost Generation» («Den fortapte generasjon») fordi dei var modna under den første verdskrigen og såleis merkte av han. Ernest Hemingway, F. Scott Fitzgerald og Sherwood Anderson var blant dei.

Var ho lukkeleg?

Stein blomstra då ho møtte amerikansk-jødiske Alice B. Toklas i Paris i 1907. Toklas blei livsfølgjet hennar, redaktør, sekretær, kokk og muse gjennom 39 år, fram til ho døydde i 1946. Toklas er mest kjent for kokeboka Alice. B Toklas’ kokebok. Dei to hadde eit rikt og spennande samliv, og dei klarte seg gjennom okkupasjonen av Frankrike på grunn av venskapen med Bernard Faÿ, ein kollaboratør frå Vichyregimet, som hadde band til Gestapo.

Var ho eit godt menneske?

«Et forferdelig usympatisk menneske, drittbortskjemt, hovmodig og frekk, men med en eventyrlig biografi og stinn av kapital.» Slik har poeten Cecilie Løveid karakterisert Stein, som kom frå ein rik familie. Når det kom besøk til salongen, sette Stein i gang med å underhalde mennene, mens Toklas gjerne blei plassert på kjøkenet for å drikke te med konene til genia. «Den største mannssjåvinisten av dei alle var Gertrude Stein», skal Brit Bildøen ha uttala. Samstundes var ho svært sjarmerande, veltalande og støttande overfor dei som blei tekne under «vengene» hennar.

Kven var ho i strid med?

Stein var sær og støytte frå seg fleire av venene sine. I sjølvbiografien til Alice B. Toklas fornærma ho mange. Mellom anna hadde ho samanlikna hustrua til målaren Matisses med ein hest. Etter som åra gjekk, levde ho og Alice meir isolert og tilbaketrekt. Men dei heldt fram den kreative verksemda i lag, livet ut.

Trudde ho på Gud?

Nei.

Kva ville ho med livet?

Stein var ein eigenrådig livsnytar som ønskte lovprising. «Jeg ville alltid bli historisk», sa ho like før ho døydde, «helt fra barnsben, følte jeg det slik..." Ho var smart og kunne fått ei akademisk løpebane. Som ung gjekk ho to år på Johns Hopkins Medical School men forlét universitetet utan eksamen. Då ho blei spurt om kvifor, svarte ho: «Eksamenar keiar meg.»

Typisk sitat

«En rose er en rose er en rose» er ei av dei mest kjente setningane hennar. Sitatet blir òg av mange sett på som representativt for den litterære modernismen.

Anne Simensen

Anne Simensen er filolog (cand.philol.).

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis