Hans Henrik Hom er ein diktar ikkje mange les i dag. Men for eit halv hundre år sidan var han eit heitt namn. Min gamle professor i nederlandsk ved universitetet i Oslo, Kåre Langvik-Johannessen, som var god ven med Holm, skriv dette i Norsk biografisk leksikon: «mottakelsen av diktningen svingte i begynnelsen mellom de dypeste dyp og de høyeste tinder».
Holm provoserte lesarar. Midt i gjennombrotet til modernistisk litteratur i Noreg lanserte Holm diktverk kritikarar meinte kom hundre år forseinka: lange epos med stoff frå folketradisjonane. Holm hadde nemleg i tiår forska på folkekultur i Telemark og Setesdal. Tjukke manus med folklore ville fått forlagsfolk til å himle med augo i dag, for å ikkje tala om den arkaiske språkføringa, på eit mål som nærast ikkje kunne lesast utan ordtydingar. Men den gong var det faktisk Gyldendal som gav ut Holms verk. Fyrst kom det såkalla Folkeeposet i sju band (1933–1972) ut, deretter seksbindsyklusen Bygdir i solrøyk (1949–1951).
Overraskande nok kom kritikken mot denne overvintra folkloremammuten frå den litteraturpolitiske høgresida: Aasmund Brynildsen kalla diktinga hans «pornografi for professorer» – då sikta han til bruken av sjeldsynte filologiske gloser – medan litteraturvitarar på venstresida kunne vera meir velviljuge. Willy Dahl skreiv at om ein slit seg gjennom det ytre, finn ein «poetisk sølv både her og der».
«Kvite fivrild på ei stjørne-eng» er slikt poetisk sylv. I diktet er stjernene sjelene («sålene») våre, dei står midt i ein kamp mellom vonde og gode krefter. Innhaldet er ikkje så originalt, men dei språklege bileta er slåande: Englar som går «manngard» og Gud («Styraren») som pløyer himmelen «med englevengjer». Holm er ein poesiens Nikolai Astrup; som målaren teiknar han med naivistiske, folkoristiske penselstrok. «Stor dikting skaper du ikkje av deg sjølv, men ved at du gjeng inn og fører tradisjonen vidare», skreiv Olav H. Hauge.
Holm gjekk inn i folketradisjonen, midt i det modernes frambrot, og vart den siste diktaren som gjorde det til si livsoppgåve å leva i eitt med «draugar og trolli» «bak fjølli».
Ronny Spaans
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida