Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2120
20170623
2120
20170623

I 70- og 80-åra steig nyromantikken fram i europeisk poesi. Han kom som ein reaksjon på både ein mørk, eksistensiell poesi i 50-åra og ei nyenkel dikting i tiåret etter, og han oppnådde stor popularitet mellom diktlesarar. Eg har budd i Belgia og studert diktarar som tok del i dette straumdraget, som flamlendaren Luuk Gruwez.

Norsk poesi fekk ei anna utvikling. 80-åra var merkt av Tor Ulvens stil: ein mørk, minimalistisk tone. Difor fekk nyromantikken ikkje same gjennomslagskrafta her. Det er synd, for det finst norske lyrikarar som har mykje til felles med kontinentale nyromantikarar. Ein av dei er Per Olav Kaldestad.

«Nixon-sonetten» er frå Det er framleis sol (1975), ei samling som struttar av litterært overskot og skaparlyst. Og her stig Per Olav Kaldestad fram som meisteren av sonettforma, slik mange lesarar kjenner han. Sonetten er ei diktform inndelt i to strofer på fire versliner og to på tre versliner – dei siste seks linene kallast ein «tersett». Nyromantikarane dyrka – og leika med – sonettforma. Det same gjer Kaldestad i dette diktet: Medan han skriv, diskuterer han om det finst rimord på Nixon på norsk og kor langt han er komen i skrivinga – «berre ein snau sestett står igjen!»

Det finst dei som trur at litterære eksperiment berre er mogeleg innan frie vers. Kaldestad gjer slike oppfatningar til skamme. Same samlinga og neste bok, Skuggelandet (1977), inneheld også andre sonettar med snerten omgang med den klassiske tradisjonen, som «Min song om kvelden», som inneheld allusjonar til både Wergeland og T.S. Eliot. Kaldestad har mykje sams med den store fornyaren av klassisk versekunst i førre hundreåret: W.H. Auden, ein diktar han sjølv har gjendikta til norsk. Men leikelysta står ikkje i vegen for alvorlege bodskapar. Byt ut «Nixon» med «Trump», og diktet har relevans for den politiske situasjonen i dag òg.

Kaldestad er ikkje teken med i diktantologien som har hatt status som norsk kanon, Ivar Havneviks Den store norske diktboken. Det fortel mykje om klimaet som har rådd i norsk poesi. 26. juni fyller Per Olav Kaldestad 70 år. Vi gratulerer han med dagen!

RONNY SPAANS

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis