Foto: NTB scanpix
Sonett nummer 33
(Til Kirsten Flagstad)
Sitt fedrelands basillbefengte støv
fikk hun til slutt av sine føtter ristet,
trakk pusten fritt – og stemmen var ei bristet
i tåkeheimens luft, helt tett av tøv.
Men Norge freste efter henne: «Prøv
å synge! – verdens goodwill har du mistet:
med våre gnavertenner har vi kvistet
din laure, – aldri grønnes mer dens løv.»
Hun sang. Og lauren hadde friske røtter,
den grønnedes som før. Hun sang. Og hele
den store verden lå for hennes føtter.
Og scenen bugnet av slikt rosenflor
at ingen så at hennes sko bar spor
av norske lemens bitt i sine hæle.
Kristen Gundelach

Kristen Gundelach er ein av dei norske diktarane som valde feil side under krigen. Fascinert av Mussolini melde han seg inn i Nasjonal Samling (NS) i 1940. Han fekk diktargasje i åra 1942–45. Så kom oppgjeret: Landssvikaren fekk fengselsstraff. Det hjelpte lite at han i 1944 hadde stempla NS’ kulturfront som «avgrunnsdyp talentløshet».
I fengsel skreiv han i sinne Den rå fred. Sonetter i harnisk, som han gav ut sjølv, på stensilerte ark. Den sjølvrettferdige tonen i dikta hans kan ikkje forsvarast etisk, men her finst likevel eitt vers der vi må gje diktaren medhald. Det gjeld eit blindt, fanatisk tildriv i landssvikoppgjeret. Diktet ved sida av er tileigna Kirsten Flagstad.
Den verdskjende sopranen vart som kjent urettvist skulda for å vera nazist etter krigen. Den norske ambassaden i New York betalte til dømes «demonstrantar» for å gå med plakatar mot «nazisten» Flagstad då ho skulle halde den fyrste konserten sin i Carnegie Hall etter krigen. Og under Festspela i Bergen i 1953 nekta kong Haakon VII å vera til stades dersom Flagstad vart invitert.
Sonetten er oppbygd som ei forteljing, om ei heltinnes kamp mot eit slag utyske – det «basillbefengte støvet» i heimlandet, nordmennene, som med sine «gnavertenner» hadde kvista laurbærtreet hennar («lauren»), som her fungerer som eit symbol på den kunstnarlege skaparkrafta hennar.
Nordmennene tek for gjeve at den sneversynte domen deira blir delt av folk i andre land, men der tek dei feil, skriv Gundelach: Så snart ho vart fri «tåkeheimen» i Noreg, og fekk høve til å syngje for eit utanlandsk publikum, vart kunstnartalentet hennar heidra, for «scenen bugnet av slikt rosenflor».
Den rå fred. Sonetter i harnisk er eit poetisk sidestykke til Hamsuns Paa gjengrodde stier. Når det gjeld råskap og temperament, har boka ein forunderleg litterær kvalitet – særleg når ein jamfører med dei fikse, kraftlause dikta Gundelach skreiv før krigen. Det, saman med diktet til Kristen Flagstad, gjer samlinga verd å lesa i dag.
Eg vil takke Ole Martin Huser-Olsen som tipsa meg om dette diktet.
Ronny Spaans
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida