Eit liv for kunst og poesi – og for gamalost
Bodil Cappelen fyller 90 år. Mange kjenner henne som kona til diktaren Olav H. Hauge, men ho har mykje meir å by på: Ein allsidig kunstnarkarriere og inngåande kjennskap til gamalost.
Bodil Cappelen heime i si eiga stove.
Foto: Linn Cathrin Olsen / VG / NTB scanpix
Kunst
rgspaans@gmail.com
«Jeg stod opp i morges og tenkte på et rom møblert med bøker fra gulv til tak.» Slik lyder opninga av det fyrste brevet Bodil skreiv til Olav. H. Hauge i 1970. Mange kjenner Bodil Cappelen som kona til Olav H. Hauge. Og det verket mange knyter namnet hennar til, er brevskiftet mellom dei som ho gav ut i 1996: Brev. 1970–1975.
Kjærleiken deira fekk i desse breva eit evig uttrykk i Hauges kjende dikt «Vev meg eit teppe, Bodil». Men kjærleiken deira vart òg ytra gjennom det mange vil kalle underlege boktilrådingar. Ein stad i brevskiftet fortel Bodil at ho driv og les Kulten av Kristofer Uppdal – ei verk på nærast esoterisk inntrøndsk. Nei, seier Hauge, «du må lesa Galgeberget og Hagemannen av Kristofer Uppdal». Eit par år seinare råder han henne til lesa Kongsspegelen – for «ho er den fyrste handboki i Skikk og bruk som me har, og er framleis den beste», skriv Hauge.
Kva ville litterære forståsegpåarar sagt om dette i dag? Kor langt er det mogeleg å koma literacy og tekstkompetanse, som er slagorda i norskfaget i dag. Og korleis skal ein svara Hauges kjærleikserklæringar fordekte som tilrådingar av eldgamle bøker. Jau, Bodil hadde svar på lur:
«Jeg er fanatisk tilhenger av gamalost», skriv ho i 1972.
26. april fylte Bodil Cappelen 90 år. Og det er her på sin plass med ein samtale med henne. Det er sjølvsagt naturleg å byrja med diktaren i Ulvik. Men ho har òg løyndomar for mange lesarar.Himmelske køyrety
Bodil Cappelen var 44 då ho flytta inn til den 22 år eldre Olav H. Hauge. Og det er takk vere henne at den største verket til Hauge såg dagsens ljos: Dagbokverket på over 4000 sider – eit eineståande verk i norsk litteratur. Dagbok er vanlegvis noko svært privat, men slik var det ikkje hjå Hauge:
– Før eg flytta inn, hadde Olav tenkt på kva han skulle gjera med dagbøkene. Skulle han halde skrivinga for seg sjølv, eller skulle han halde fram med å skrive som før og la skrivehefta liggje snart her og snart der? Han valde å halde det ope og brydde seg ikkje om eg las det han skreiv. Snarare tvert om, ein gong eg spurde om noko, sa han: «Har du ikkje lese det i dagboka?»
Denne opne haldninga gjorde det lett for Cappelen å tilrå utgjevinga av verket på Det Norske Samlaget for tjue år sidan. Og dagbøkene har halde henne engasjert også no i høg alder. Cappelen ramsar opp namn etter namn på forleggjarar og forfattarar i utlandet som har gjeve ut eller er i gang med utval av Hauges dagbøker.
– Eg har vore i kontakt med Sunandan Roy Chowdhury, sjefen for Indias største forlag, Sampark, som neste år gjev ut utvalet på bengali.
Utgangspunktet for desse omsetjingane er eit utval av dagbøkene Cappelen sjølv laga, Tanke og draum er himmelske køyrety frå 2016. Ho dreg særskilt fram to utanlandske omsetjarar:
– Den engelske omsetjinga av både dikt og dagbøker, Luminous Spaces av Olav Grinde, har vore viktig formidling av Hauge til omsetjarar som ikkje kan norsk, som den kinesiske omsetjaren. Og ikkje minst omsetjingane til den tyske diktaren Klaus Anders. Når han går i gang, gjendiktar han alt til morsmålet sitt. Kva gjendiktarar brukar titlar som «dikt i samling» i dag?
Diktarar på Sørlandet
Bodil Cappelen blir ofte nemnd saman med Olav H. Hauge, men gjennom heile livet har ho vore ein ven av poetar. Vi skal sjølvsagt ikkje gløyme at ho i mange år var gift med den sørlandske diktaren og målaren Finn Strømsted – og gjennom han vart ho nær ven med andre diktarar.
Ein diktar ho fekk eit nært tilhøve til, var Gunnar Reiss-Andersen. Og takk vere denne venskapen vart eit dikt til som har fått klassikarstatus i norsk litteratur.
– Ein gong eg besøkte Gunnar Reiss-Andersen og kona hans, Tordis, der dei budde i Arendal, fortalde Tordis meg at dei heldt på å bli galne, for dei budde andsynes Vinmonopolet i byen. Det var stutt veg til «synda». «Du må finne oss ein ny stad og bu», sa ho. Eg sykla sør for der Finn og eg budde, Kalvøysund, på Narestø, og der fann eg eit staseleg sørlandshus frå byrjinga av 1800-talet. Reiss-Andersen kjøpte det tvert og flytta inn.
Og for dei som er kyndige i norsk poesi, er det dette huset Reiss-Andersen talar om i «Huset på den andre siden»: «Ved en rak, rød feltspatt-klippe/ står mitt eget hus –, spartansk/ med sitt stenk av hvit empire-tid».
– Var det då ikkje ein brå overgang for deg å flytte frå Sørlandet til ei bygd inst inne i Ulvik?
– Nei, slett ikkje! For det fyrste er eg ikkje sørlending, eg er drammensar. Men eg er ikkje heilt det heller, for mor mi var frå Leikanger i Sogn. Då eg kom til Ulvik, kjende eg meg att, for det var same synsranda som i Leikanger.
Biletkunstnar
Og Cappelen kjende seg verkeleg heime i Ulvik. Ho budde der frå 1975 til 1998. I 1998, fire år etter at Hauge var avliden, pakka ho sakene og flytta austafjells, til Son ved Oslofjorden. Dei som besøkte henne der, minnest staffeliet med målarstykke som stod plassert midt i stova. For vi skal ikkje gløyme hovudgjerninga til Cappelen.
«Du fær leva – og veva», skriv Hauge til Cappelen i brevskiftet. Det karakteriserer ein stor del av kunstproduksjonen hennar. Gjennom mange år arbeidde ho som vevkunstnar, og biletvevane hennar heng i dag i mange museum og institusjonar. Men den rastlause Cappelen ville vidare.
– Ved ei utstilling i 1982 kom eg i prat med kunstkritikar i Aftenposten, Erik Egeland. Vi tala om biletvevane mine, men eg sa at det eg eigentleg hadde lyst til, var å teikne. «Kvifor gjer du ikkje det, då», spurde han. Og det tykte eg var godt sagt. Kvifor i alle dagar gå omkring å ha lyst til gjera noko, og ikkje gjera det!
Det gav gneiste til ein karriere Cappelen fylgde i mange år: teikning, deretter oljemålarstykke – kunstverk som har vorte bruka som illustrasjonar i biletbøker, særleg barnebøker. Ho er kjend for Norske barnerim og regler (1984) og ein ABC ho gav ut i samarbeid med Hauge. Det som er mindre kjent, er at ho både har illustrert og skrive tekst til samiske barnebøker, mellom anna om Raudhette og ulven.
– Den norske teksten eg skreiv, vart omsett til samisk. Forlaget heiter Davvi Girji. Dei sel ikkje bøkene sine sør for polarsirkelen, difor fann eg aldri biletbøkene mine på disk i Oslo.
Og slik som med poetane har Cappelen også nytta mykje tid til samvære med andre kunstnarar. Ein av Cappelens vener er animatøren og forfattaren Elin Grimstad. I e-post til underteikna har ho jamvel omtala Cappelen som «min presseagent».
– Eg har alltid trivest best mellom unge kunstnarar og diktarar. Det er viktigare å hjelpe dei fram enn å vise seg fram i fine selskap.
– Driv du sjølv på med biletkunst enno?
– Nei, no er eg for gamal for slikt. Eg driv berre og søtar meg no, slik som gamle gjerne gjer, seier ho og ler.
Men dei som kjenner Cappelen godt, veit at det ikkje berre er søtt på disken når ho serverer mat. Gamalosten har alltid vore eit uunnverleg pålegg på frukostbordet hennar. Han ligg òg framme, der ho bur no. Sidan 2018 har ho budd i Tønsberg – for å koma nærare dei to borna sine, og familien deira.
Ho lokka Hauge til seg med gamalosten i 1972, men kjem med eit trumål til Dag og Tid-lesarane, for hugnaden for gamalosten går mykje lenger attende i tid:
– Eg oppdaga gamalosten i heimtraktene til mor mi, Sogn. I Vik ligg fabrikken som i mannsaldrar har laga gamalost. Eg må seie at dei sel han for moden, ein god gamalost skal vera ljosare i fargen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Då eg kom til Ulvik, kjende eg meg att, for det var same synsranda som i Leikanger.
Bodil Cappelen
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida