Gene Simmons viser «djevlehornet», eller kanskje teiknet for «eg elskar deg»?
Foto: Jonathan Hayward / NTB scanpix
Kva gøymer gravhaugen?
Køyrer du framom Vangsvegen ut av Hamar og passerer Jula, ligg det ein haug til venstre. Det er ein gravhaug frå mellomalderen. Ligg det eit vikingskip i gravhaugen på Elvsholmen i Åkersvika, har mange spurt seg. No skal gravhaugen undersøkjast for å finne svar på spørsmålet, melder Hamar Arbeiderblad.
Takk vere eit spleiselag mellom kommune, fylkeskommune og Sparebanken Hedmark har ei gruppe initiativtakarar pengar til å gå ei gang med ei radarundersøking. Finn dei noko spanande, blir kjerneboring neste steg i prosessen.
Norrøn humor
Det heiter at humor i mellomalderen var ukontrollert og merkt av primitiv skadeglede. Det er feil, hevdar Beate Albrigtsen Pedersen. Ho doktorerer på ei avhandling om humoren i det norrøne samfunnet ved Universitetet i Oslo i dag. Tittelen er Humor i det norrøne samfunnet. En studie av humorens funksjon i kongesagaer og islendingesagaer. Sagalitteraturen inneheld alt frå avanserte ordspel og satiriske kommentarar til surrealistisk galgenhumor, skriv ho, og held fram: Det er ikkje type humor som skil mellomalderens humor frå vår eigen, det er dei sosiale reglane for kven det er lov å gjera narr av, og når, som har endra seg.
Walcotts museum stengt
Nobelprisvinnar i litteratur Derek Walcott døydde i mars i år. Men før han gjekk bort, fekk han gleda av å vera med på opninga av eit museum, Walcott Place, til ære for han. I fjor opna ein rekonstruksjon av barndomsheimen til Walcott i Castries, hovudstaden på Saint Lucia i Karibia. Men alt no har museet måtta stengje grunna budsjettkutt, ifylgje Saint Lucia National Trust, som har ansvar for huset. Kvifor er det budsjettkutt? Organisasjonen har kritisert ville planar om ein veddeløpsbane som vil truge naturreservat på øya. Det lika ikkje Saint Lucias regjering; i hemn fjerna dei det årlege tilskotet til Saint Lucia National Trust.
«Djevelhorn»
Vokalisten i Kiss, Gene Simmons, har sendt ein søknad til patentkontoret i USA. Saka gjeld ein handgest han har bruka gjennom musikkarrieren, ein gest som har kallenamn «djevelhorn» eller «bukkens helsing». Simmons meiner han har einerett på bruk av gesten, fordi han var fyrst ute med å bruke han; det tidfestar han til 14. september 1974. Men søknaden har skapt ein storm av protestar. Andre seier at gesten tyder «eg elskar deg» på teiknspråk. Det uvisst om Simmons bruka gesten då han kurtiserte Liv Ullmann.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida