Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Blir Hanna Geiran ny riksantikvar?

Blir Hanna Geiran ny riksantikvar?

Foto: RIksantikvaren

Blir Hanna Geiran ny riksantikvar?

Blir Hanna Geiran ny riksantikvar?

Foto: RIksantikvaren

2216
20180928
2216
20180928

No må TV 2 også skrive nynorsk

«Vi er glade for at den nye TV 2-avtalen seier tydeleg at TV 2 må nytte begge dei to offisielle målformene», seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding frå Noregs Mållag, om den nye konsesjonsavtalen mellom staten og TV 2.

Torsdag signerte TV 2 og Kulturdepartementet ei konsesjonsavtale om at TV 2 får halde fram som allmennkringkastar også dei neste fem åra. Per år skal TV 2 motta 135 millionar kroner i stønad, men då må kanalen også oppfylle visse krav. Eit av desse er at hovudredaksjonen må ligge minst 100 kilometer frå Oslo, eit anna er at begge målformene skal nyttast. I søknaden har TV 2 vist til at dei har mange nynorsktalande medarbeidarar, og skal dei fylgje avtalen, må dei heretter også sleppe nynorsken til i eigen tekstproduksjon. Dette gjeld skjermvignettar, teksting av film og nettsida TV2.no.

«Det er bra at prinsippet om hovudkontor langt unna Oslo-gryta ligg fast. Det gir betre journalistikk at nyhende blir formidla med ulike perspektiv som ein får ved å vere og ha sitt virke i ulike delar av landet. Det er dessutan viktig for rekruttering av nynorskjournalistar på Vestlandet at dei kan ta seg arbeid også i TV 2, men bu og arbeide på Vestlandet», heiter det vidare i pressemeldinga.

Kven blir ny riksantikvar?

Fristen for å søkje på stillinga som riksantikvar er ute. Lista over søkjarar er offentleg, og Dag og Tid har kika på henne. Det er ti søkjarar, og som vanleg ved slike stillingar er to eller tre ikkje er kvalifiserte. Elles finn vi namn som Audun Eckhoff, tidlegare direktør for Nasjonalmuseet. Åremålet hans gjekk ut i fjor, og då fekk han etterløn på tre millionar utan arbeidsplikt. Det vekte kritiske innlegg i avisene. Terje Gansum som er seksjonssjef for Kulturarv ved Vestfold fylkeskommune, søkjer òg. Så finn vi Nina Berre, tidlegare direktør i Norsk Form, Nina E. Eidem, direktør i Forsvarsbygg Nasjonale festningverk, Per Morten Ekerhovd, direktør for kultur og idrett ved Hordaland fylkeskommune. Og sist er det to interne søkjarar: Leidulf Mydland og Hanna Geiran, begge avdelingsleiarar hjå Riksantikvaren. Mange ynskjer seg ein kvinneleg riksantikvar. Då er det eit par namn å taka av.

ronny@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis