Leonardo da Vinci: Kva ville han med livet?
Leonardo da Vinci (1452–1519) måla av Cristofano dell’Altissimo.
Renessansemennesket
I denne spalta stiller vi dei store spørsmåla om dei største.

Leonardo (1452–1519) er sjølve lekamleggjeringa av eit renessansemenneske: målar, skulptør, ingeniør, musikar, hoffmann og naturvitskapsmann på ulike område. Det som best samlar dei ulike aspekta ved livsverket hans, er kanskje den intense viljen til å observere for å forstå, kombinert med den nærast unike evna til å skape eit visuelt uttrykk for det han hadde observert. Til fulle nytta han òg denne evna i måleria sine.
Det viktigaste verket hans?
Utan tvil – hos meg, i alle høve – «Nattverden» i Santa Maria delle Grazie-klosteret i Milano. Den realistiske tolkinga av det velkjende motivet og det psykologiske skarpsinnet i skildringa av korleis apostlane tek bodskapen om at «ein av dykk kjem til å svika meg», gjorde han berømt over heile Vest-Europa. (Så får det vere at dei franske romantikarane greidde å gjere portrettet hans av borgarfrua Lisa til eit kultobjekt.)
Kva meinte han om samtida?
Renessansen var ikkje berre ein periode med eksplosjonsarta bløming innanfor kunst og kultur. Det var i tillegg ei tid med mykje krig og vald. Leonardo arbeidde til dømes eit års tid for den brutale krigsherren Cesare Borgia. Desse røynslene gjorde han skeptisk og heller misantropisk med omsyn til framtida for menneskeslekta, noko som syner seg i dei apokalyptiske teikningane og skildringane han produserte mot slutten av livet.
Kva innverknad hadde han på ettertida?
Leonardo rakk aldri å publisere dei tusentals sider han skreiv og teikna med nye idear innanfor teknikk, geologi, anatomi, astronomi og andre fagområde. Etter at han døydde, forsvann desse skriftene inn i private samlingar. Derfor vart innverknaden hans mykje mindre enn han kunne ha vore. I målarkunsten vart han sjølvsagt eit førebilde, særleg gjennom den spesielle sfumatoteknikken (ein mest umerkeleg overgang mellom lys og skugge). Men Leonardo har nok betydd meir for ettertida som inspirerande og eggjande ideal enn som læremeister.
Var han lukkeleg?
Leonardo da Vinci stilte svært høge krav til seg sjølv og den kunstnarlege verksemda si, og vart sjeldan heilt nøgd. Han var tidvis harm over mangel på anerkjenning – korkje hos Medici-familien i heimstaden Firenze eller ved pavehoffet – der konkurrentane Michelangelo og Rafael hadde store oppdrag – fekk han innpass. I tillegg kom problema den homofile legninga hans førte med seg. Men ein får tru at han hadde lukkelege stunder når arbeidet gjekk godt, når han vann nye innsikter på dei ulike fagfelta sine og når han hygga seg med vin og omgjenge med vener og kollegaer.
Var han eit godt menneske?
Han var medviten om sine eigne store evner – og om dei vanskane andre kunne ha med å verdsetje han. Om slike dumme menneske skriv han: «Det finst nokre som ikkje er anna enn eit røyr for mat og produsentar av gjødsel.» Men samstundes var han fylt av respekt for alt levande – han vart til og med vegetarianar på sine eldre dagar.
Kven var han i strid med?
Mange, men mest prinsipiell var striden med dei latinlærde ved fyrstehoffa, som meinte at all sann kunnskap måtte lesast ut av skriftene til dei antikke forfattarane. Leonardo synte til erfaring som grunnlaget, og praktiserte det gjennom eigne undersøkingar av vidt skilde fenomen. Dette var ein strid som handla om både vilkåra for erkjenning og det mest målbare uttrykket for prestisje i samtida: rangen ved eit hoff.
Trudde han på Gud?
Det gjorde han nok, som alle andre i samtida. Men det kan verke som om Leonardos gudsbilete nærast er deistisk: ein tilbaketrekt skapargud som nøyer seg med å halde det store verdsmaskineriet i gang.
Kva ville han med livet?
Han ville undersøkje alt, skjøne alt og syne fram innsiktene sine. Han ville òg skape meisterlege måleri og skulpturar, driven av ein sterk trong for anerkjenning som kanskje hang saman med den noko uklåre statusen han hadde frå barndommen av, sidan han var fødd utanfor ekteskap.
Typisk sitat:
Skap figurane dine på ein slik måte at dei viser kva som fyller sinnet deira, elles er kunsten din ikkje verd å rose.
Atle Næss
Atle Næss er forfattar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.
Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB
Å møte seg sjølv i døra
Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.
President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.
Foto: Andrew Harnik / AP / NTB
Dufta av kvantekaffi
«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.