Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Og du dør så langsomt
at du tror du lever
Og du dør så langsomt
at du tror du lever
skoene er fortsatt varme
av morgenturens skritt
utenfor flyr en ravn, ennå
med den forlatte greinens tykkelse
i sine krumme klør
om du kunne bevege deg som den
for du beveger deg i sirkel
men fortere framover
slik to sykkelpedaler
langsomt dreier framover
i lufta like over asfalten
du har lenge kjent hvordan ravnen
hvesser sitt nebb mot kulden
og du dør så langsomt
at du tror du lever
Bertrand Besigye
Og du dør så langsomt
at du tror du lever
Og du dør så langsomt
at du tror du lever
skoene er fortsatt varme
av morgenturens skritt
utenfor flyr en ravn, ennå
med den forlatte greinens tykkelse
i sine krumme klør
om du kunne bevege deg som den
for du beveger deg i sirkel
men fortere framover
slik to sykkelpedaler
langsomt dreier framover
i lufta like over asfalten
du har lenge kjent hvordan ravnen
hvesser sitt nebb mot kulden
og du dør så langsomt
at du tror du lever
Bertrand Besigye
Lesarar av denne spalta etterlyser meir nærlesing av dikt. Ein lesar har òg spurt etter ein analyse av det mest kjende diktet til Bertrand Besigye, diktaren eg presenterte sist: «Og du dør så langsomt at du tror du lever» frå 1993.
Eg har to stikkord til ein analyse av diktet. Det fyrste er «memento mori». Mottoet er alt tydeleg i dei fyrste to verslinene. «Når livet blir skapt, blir dauden fødd», heiter eit ordtøke. Livet du lever, er såleis «ein langsam daude». Ramnen i diktet er i mange kulturar ein døds- og åtselfugl. Når han flyg med krumme klør, er det beina dine han er klar til å hente – menneskeknoklar er om lag like tjukke som den greina ramnen har hatt mellom klørne.
Det andre stikkordet er imagisme, ei retning innan anglo-amerikansk poesi tidleg på 1900-talet. Imagismen krev direkte handsaming av «ting» og ei avskrelling av overflødige ord. Eit godt døme er «Beachcomber», «Loffar på stranda», av Orknøy-diktaren George Mackay Brown: «Friday I held a seaman’s skull, / Sand spilling from it», «Fredag heldt eg ein sjømanns hovudskalle/ sand rann ned frå han» (gjendikting ved Åse Lilleskaret Faugstad). Symbolikken til timeglas og daudingskalle blir meisterleg uttrykt heilt konkret.
Slik er det med sykkelen i diktet. Sykkelpedalane er ei konkretisering av tidshjulet – eit anna symbol for det forgjengelege. Du sjølv driv tidshjulet framover med føtene. Ja, alle rørsle du utfører, er ei konkretisering av tidshjulet, for «du beveger deg i sirkel».
Det er òg tale om eit taktskifte i diktet. Fyrst ruslar du morgontur, så rører du deg snøggare framover på sykkel. Det siste kan vise til eit auka dødsmedvit i høg alder. Du vil leva livet meir intenst, men då nærmar du deg berre ramnen i avstand. Det blir konkret uttrykt i overgangen frå sko mot bakken til pedalar i lufta. «Varmen» i versline tre har sitt motstykke i «kulden» sist i diktet.
Og kva med det kvasse nebbet til ramnen? Det spelar på mannen med ljåen. Like visst som at du lever, like visst er det at han kvesser ljåen i vente på din daude.
Ronny Spaans
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida