SJU BARNEBOKPRISAR
Kulturminister Linda Hofstad Helleland delte nyleg ut Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomslitteratur for 2016. Det er snakk om prisar på til saman 330.000 kroner til forfattarar, omsetjarar, illustratørar og teikneserieskaparar.
– 2016 er eit usedvanleg godt år for den norske barne- og ungdomsboka. Bøkene er både humoristiske og alvorlege. Utgjevingane er prega av forfattarar og illustratørar som stadig løftar seg og fører noko nytt til bøkene, uttalar juryen.
Litteraturprisen: Torun Lian for Alice svømmer ikke.
Biletbokprisen: Gry Moursund for Tre biler og en død katt.
Fagbokprisen: Eldrid Johansen og Steffen Sørum for Skriv genialt!
Illustrasjonsprisen: Øyvind Torseter for Alice svømmer ikke.
Debutantprisen: Gudrun Skretting for Anton og andre uhell.
Omsetjarprisen: Bodil Engen for Morderens ape.
Teikneserieprisen: Anna Fiske for Palle Puddel drar til New York.
INTERNASJONAL SUKSESS
Den norske boka Gleden med skjeden opplever stor internasjonal suksess. På éin månad er boka til Nina Brochmann og Ellen Støkken Dahl selt til tjue land.
– Noko av det finaste har vore å oppleva den personlege begeistringa alle gjev uttrykk for, om dei no er frå Kina, England, Russland, Brasil eller Israel, seier Even Råkil i Oslo Literary Agency.
HERBJØRNSRUDDAGANE
På Herbjørnsruddagane på Notodden skal det handla om novellene til Hans Herbjørnsrud og Laila Stien. Dagane er lagde til 24. og 25. mars. Jan Erik Vold skal halda opningsføredraget, medan Inger Bråtveit byr på Herbjørnsrud-føredraget, før Herbjørnsrud sjølv skal snakka med Elisabeth Berg om å setja om det som ikkje er råd å setja om. Sidan skal Audun Lindholm ta for seg samarbeidet mellom Vegard Tveitan og Hans Herbjørnsrud. Den første dagen vert avslutta med at Herbjørnsrud les novella Gjesterommet til tonefølgje av Vegard Tveitan. Den andre litteraturdagen på Notodden skal handla om Laila Stiens noveller.
STOREGUTPRISEN TIL SØRSDAL
Litteraturdagane i Vinje deler kvart år ut Storegutprisen, og i år går prisen til forfattaren og omsetjaren Kristin Sørsdal, som har sett om den suksessrike Napoli-kvartetten av Elena Ferrante.
– Samlaget og Sørsdal har ikkje berre synt at god litteratur kan verta populær litteratur, men også at nynorsk ikkje er noka hindring for at han kan nå fram til mange lesarar, jamvel om dei ikkje er vane med å lesa nynorsk, skriv juryen.
I august kjem Sørsdal til Edland for å ta imot prisen.
ottar@dagogtid.no
Torun Lian fekk Litteraturprisen på 50.000 kroner for Alice svømmer ikke. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Fleire artiklar
Fekk ikkje plass til alt
– Det er ikkje vår oppgåve å drive med polemikk. Vi har levert eit fagleg arbeid, seier kommunikasjonsdirektør Ola Anders Skauby i Sokkeldirekoratet.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.
Foto: Warner Bros. Discovery
Beetlejuice Beetlejuice: Nesten dødsfestleg
Sjølv om det er eit gledeleg gjensyn, saknar eg snerten.