Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Marcus Thrane: Kva ville han med livet?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit portrett av Marcus Thrane til eit visittkort, frå Chicago i 1875.

Foto: Ukjend / Nasjonalbiblioteket

4311
20180413

I denne spalta stiller vi dei store spørsmåla om dei største

Arbeidarrørslemannen

Marcus Thrane (1817­–1890) starta dei såkalla Arbeiderforeningene på midten av 1800-talet, og med dei ønskte han å gje dei stemmelause ei stemme – dei som ikkje hadde stemmerett ved stortingsvala skulle bli myndiggjorde ved å skrive i blad, delta i møte og jobbe for felles velstand. Han blei møtt med begeistring – og fengsel.

Kva var den viktigaste politiske saka hans?

Den viktigaste politiske saka var ålmenn stemmerett for menn – på lang sikt. I mellomtida skulle dei som trong betre kår i livet, danne foreiningar og drive sjølvhjelp i form av ulike forsikringskassar, og dei skulle bli danna til borgarar, mellom anna ved å organisere undervisning på den einaste fridagen i veka – søndagen – og ved å delta i leseselskap, få tilgang til bibliotek, delta i korsong og teater.

Kva meinte han om samtida?

Marcus Thrane meinte at styreforma i hans tid i praksis var udemokratisk – og difor i strid med Grunnlova. Embetsmannsstaten heldt dei eigedomslause i fattigdom ved å nekte dei å tale saka si. Den grunnlovsfesta ytringsfridomen såg nemleg ikkje ut til å gjelde dei. Derfor starta han mellom anna Arbeiderforningernes Blad, der ein kunne påpeike feil, manglar og urettvise i det norske samfunnet.

Kva innverknad hadde han på ettertida?

Marcus Thranes innverknad på ettertida er tvitydig. Då demokratikampen hans blei møtt med fengselsstraff, passar han ikkje inn i kjende framstillingar av 1800-talet som stadig meir demokratisk. Thrane har likevel alltid vore anerkjent som ein forløpar for arbeidarrørsla, og det var krefter i Arbeidarpartiet som fekk henta leivningane hans frå USA og gravlagd dei på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Var han lukkeleg?

Marcus Thrane verka å vere vært levande, ein livsnytar med temperament, humor og empati. Han var svært lukkeleg saman med kona, Josefine, særleg i tida då dei etablerte seg på Lillehammer og dreiv skule saman. Fengselsopphaldet formørka Marcus Thranes sinn, som fekk ein ny knekk då Josefine døydde få år etter at han slapp ut av fengselet, men dei gjenlevande borna gav han framleis lyse augneblinkar.

Var han eit godt menneske?

Marcus Thrane ser ut til å ha vore styrt av empati og rettferdstrong, og han må karakteriserast som eit godt menneske – som rettnok kunne vere svært irriterande, særleg fordi han ofte lét det djupaste alvoret avløysast av tøys og tull. Dermed blei han lett misforstått, men det var aldri mogleg å misforstå at han ønskte det beste for dei som leid – dei andre kunne saktens tole ein spøk og ein støyt.

Kven var han i strid med?

Marcus Thrane var i strid med dei norske styresmaktene, dei som forvalta makta i landet, utan å gje folket den tilmålte delen deira – slik Grunnlova hadde bestemt. Men han hadde også vener i dei øvre samfunnslaga, og han kom sjølv opphavleg frå ein deklassert handelselite. Styresmaktene kunne ikkje forstå kvifor han ville jobbe for dei fattige, og mange blei provoserte av den fritalande og provokative humoren hans.

Trudde han på Gud?

Marcus Thrane trudde på Gud, og han var særleg opptatt av Jesus, som han såg på som eit førebilete i kampen mot fattigdom og urettvise. Marcus Thrane blei ein gong tiltala for blasfemi på grunn av ein tekst han skreiv i Arbeiderforeningernes Blad – men han blei frikjend, med god grunn. Marcus Thranes tekst var ein kritikk av makta og dobbeltmoralen til kyrkja, ikkje av religion og gudstru.

Kva ville han med livet?

Lenge såg det ut til at Marcus Thrane eigentleg berre ville ha det moro, leike trubadur og treffe folk. Så er det som om han ganske plutseleg oppdaga dei sosiale og politiske skilnadene i landet, og vigde deretter livet sitt til å kjempe mot urett, for ei framtid der den fattige ikkje svalt, men kunne nyte frukta av arbeidet og bygge livet sitt, stein for stein.

Typisk sitat?

Og nu vi klarligen forstaa,

At aldri vil vor Nød ophøre,

Om intet selv vi vilde gjøre:

Næst Gud, du selv deg hjelpe maa!

Ei Suk og Haab kan flytte Stene,

Men Enighed og Daad alene:

Og derfor i vort Frelsens Verk

Vi synge: Enighed gjør sterk!

(Frå Arbeiderforeningenes sanger)

Mona Ringvej

Mona Ringvej er historikar, redaktør i Pax Forlag og forfattar. Ho har skrive boka «Marcus Thrane. Forbrytelse og straff» (2014).

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis