Margrethe Munthe: Kva ville ho med livet?
Margrethe Munthe (1860–1931).
Foto: Wikipedia
Pedagogen
I denne spalta stiller vi dei store spørsmåla om dei største.

Margrethe Aabel Munthe (1860–1931) er blant dei norske pedagogane frå 1900-talet som har hatt mest å seie for songgleda til barn i heim og skole. Den fyrste samlinga, med 20 songar, vart utgjeven i mars 1905, og boka blei ein stor suksess. Den mest kjende av desse songane er «Tulla» («Vi har en tulle med øyne blå»). Melodien ho skreiv teksten etter, var den same som blei komponert til folkeopplysningsmannen Ole Vigs tekst «Blant alle lande» 50 år tidlegare. Ho skapa på det viset ein tydeleg samanheng mellom barnet, det heimlege, skolen og nasjonen i ei tid då Nansen var i England for å få forståing for Noregs ønske om å bryte ut av unionen med Sverige.
Kva var det viktigaste verket hennar?
Det må vere boka Så leker vi litt: sang og gymnastikkleker, utgjeven i 1911, der vi mellom anna finn «Hurra for deg som fyller ditt år», «Syver står og sager ved» og «På låven sitter nissen med sin julegrøt». Med denne samlinga gjev ho eit viktig bidrag frå dei praktisk-estetiske faga til den såkalla arbeids- og aktivitetspedagogikken i skolen, der barna skulle vere meir aktive og medskapande og mindre passivt mottakande. Reformpedagogen Anna Sethne som hadde barn på skolen der Margrethe Munthe arbeidde, understreka den viktige rolla hennar med å «gjenopplive» songen i folkeskolen. Då Sethne gav ut ei bok om heimstadlære i 1928, nytta ho 14 av songane til Munthe som døme på korleis dei kunne brukast til å illustrere hendingar i heim og nærmiljø.
Kva meinte ho om samtida?
Ho ville at barna skulle synge om noko dei kjende seg att i, om dyra dei var glade i, om årstidene, kjærleiken mellom sysken og om leik, arbeid og fellesskap til kvardag og fest.
Kva innverknad hadde ho på ettertida?
Gjennom å skrive meir enn 140 songtekstar skapa ho ein slitesterk songskatt som batt saman gode melodiar frå 1800-talet i ulike sjangrar med fine og rytmisk presise tekster.
Var ho lukkeleg?
Ho skreiv ein stad at ho «fik trave landeveien med et læss som tit var tungt at trække paa», men var nok på det lukkelegaste når ho fekk skoleungane til å synge, spele teater eller utfalda seg med teiknestiftar på tavla eller i boka. Ho hadde glede av mykje av kulturtilbodet i hovudstaden, men kjende på same tid ei nostalgisk dragning mot naturen frå heimtraktene utanfor Elverum. Sjølv om ho budde i Kristiania/Oslo i 45 år, treivst ho ikkje alltid med å sjå «paa mørke gater, paa en himmelbete bak et sotet tak». Som pensjonist reiste ho til Italia og nytta tida der til mellom anna å lage den fyrste norske omsetjinga av Pinocchio. Brev ho sende heim frå Italia, tyder på at ho hadde stor glede av dette arbeidet. Noko ho derimot blei lei seg for, var at det aldri lukkast henne å få sett opp syngjespela sine på nokre av dei etablerte teaterscenene i hovudstaden.
Var ho eit godt menneske?
Eit konkret døme på godheita hennar kan vere at ho friviljug på kveldstid på Bolteløkka skole sette opp eit syngespel ho hadde skrive, med ein trupp med sjuandeklassingar som skodespelarar og songarar. All inntekt frå desse framsyningane gjekk til feriekolonisaka.
Kven var ho i strid med?
Margrethe Munthe var ikkje fyrst og fremst eit stridande menneske. Ho vart aldri ein del av kvinnerørsla, men ho markerte seg som ei tydeleg talskvinne for å gje barnet eit større rom for utfalding i skolen. Barna skulle teikne etter sin eigen fantasi. Kroppsøvingsfaget skulle gje mykje større rom for dans, leik og rørsle enn det som var vanleg i samtida. Ho kan sjåast som ein forløpar for å nytte drama i samband med morsmålsundervisninga.
Trudde ho på Gud?
Ho heldt barnetrua ved lag, men songane hennar har få spor av religiøsitet i seg. Såleis kan ein seie at ho medverka til ein kvardagsleggjering og sekularisering av barnesongkulturen.
Kva ville ho med livet?
Ho ville at songane og eventyra ho skreiv, skulle skape glede og livsutfalding for barna.
Typisk sitat?
«Vi vil alle sammen svinge oss så glad, for en av oss skal bli den neste!»
Willy Aagre
Willy Aagre er forfattar og professor i pedagogikk ved Høgskolen i Vestfold.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida