Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Når arbeids- hender skriv dikt

– Ser eg ei utskoren vindaugsramme, kjenner eg i hendene korleis arbeidet er utført, fortel lyrikar Margrethe Aas, som har overført røynslene til arket.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Byplanleggjar og lyrikar Margrethe Aas er aktuell med den andre lyrikksamlinga si.

Foto: Vigdis Haugtrø

5510
20170526
5510
20170526

Litteratur

ronny@dagogtid.no

– Skulle eg byrja på vidaregåande skule i dag, ville eg ha valt handverkslina. Den tanken eksisterte ikkje den gongen eg var ferdig med ungdomsskulen. Handverk var eit lågstatusfag. Ein person med gode karakterar skulle ikkje gå der. Men det er jo heilt feil å tenkje slik, fortel lyrikar Margrethe Aas, som er aktuell med den andre boka si, diktsamlinga Eim.

Les ein presentasjonar av henne, skulle ein ikkje tru at ho var opphavet til desse orda. Aas er forfattar og høgt utdana byplanleggjar. Ho har femårig mastergrad frå Arkitektskolen Aarhus, ved Institut for by og landskab. I dag arbeider ho som byplanleggjar ved Byplankontoret i Trondheim kommune. Men les ein i den siste diktsamlinga hennar, ser ein at dette er ein forfattar som verkeleg interesserer seg for handverksfag.

Slik lyder fyrste strofe i eit av dikta i boka. «høvel med sole av kirsebærtre/ spor i søkk etter tomlar og tolmod/ stålet kvessa og blankt/ vil seg igjennom alt det møter».

– Ved sida av jobben som byplanleggjar restaurerer eg og kjærasten min eit småbruk på Fosen, ei klassisk trønderlån. Vi har gjort ein del, men mykje ligg enno framfor oss. Vi har ikkje hastverk med å bli ferdige, det er eit langtidsprosjekt vi driv med, seier Aas og held fram:

– Dikta i denne boka er frå dette arbeidet. Det er opplevingane mine av arbeid med materialitet eg skriv om. Som akademikar er det frigjerande å kunne arbeide med hus og bygg gjennom eit poetisk språk. Det opnar opp for andre perspektiv enn meir lukka fagtermar. Om det er tale om personlege erfaringar, er det også opplevingar som fleire vil kunne kjenne seg att i.

Olav H. Hauge

Om Aas debuterte fyrst etter den lange utdanninga, hadde ho tidleg ambisjonar i kunstnarleg lei. Før ho fór til Danmark, studerte Aas på Nordland kunst- og filmfagskole i Kabelvåg.

Når ein person med denne bakgrunnen i visuell og romleg kunst – bilet- og filmkunst på den eine sida og byggjekunst på hi sida – vender til ordet, kjem det ikkje som ei overrasking at det sanselege inntrykket står i sentrum.

Det ser vi alt i fyrste boka hennar, Vy. Tittelen vitnar alt om dette: Det franske ordet «voir» tyder «sjå», men det kan óg tyde utsyn, overblikk og perspektiv.

Men det sanselege er i større grad til stades i den siste samlinga. I litteraturteorien talar ein om det taktile – ting vi opplever gjennom kjenslesansen, direkte mot huda. «I møte med ein kvist/ kan det bli harde kjevespenn/ det luggar i kvisten/ det stoggar som i stein», heiter det til dømes i fyrste strofe i eit dikt. Andre strofe og siste strofe går slik: «men snakk til kvisten/ når du kvesser øksa/ og pust med han/ når du høgg».

– Er det Olav H. Hauge og «Katten» som gøymer seg attom desse linene? «Snakk til katten», seier Hauge.

– Hauge er ein diktar eg set høgt. Eg fekk besøkje heimbygda hans, Ulvik, i samband med ein debatt om stadutvikling ved Haugesenteret. Diktet vart til etter dette opphaldet. Hauge må ha hatt langtidsverknad på meg.

Sanseleg kunnskap

Men det er ikkje berre diktarar som har lært henne å skrive. Og det er heller ikkje naturleg for ein person utdanna i byplanlegging å arbeide så nært med materiale. Byplanen gjeld det overordna perspektivet ved teiknebrettet, ikkje nærkontakt med plankar og fjøler:

– Difor har eg gått på snikkarkurs, fortel Aas.

– Eg deltok på eit kurs i snikring av gamle dører i Røros. Og her må eg trekkje fram handverkarane som heldt kurset. Dei tala om snikring og trevyrke på ein måte som fascinerte meg. Det var like mykje poesi som formidling.

– Det er det eg vil få fram i diktinga mi: ressursane vi har i naturen, og kva hendene kan gjera. I dag er bygningar samansette av standardiserte modular. Det er ikkje handverkarar, men ingeniørar som byggjer hus. Det er viktig ikkje å misse den kunnskapen. Erfaringa med handverk har auka denne forståinga: Når eg går forbi ei utskoren vindaugsramme, kjenner eg i hendene korleis arbeidet er utført. Det er kunnskap som meir sit i sansane enn i hovudet.

Lærdom frå Japan

Men Aas legg vekt på at ein ikkje skal bli romantisk andsynes handverkarar. Haldninga deira andsynes trearbeid skil seg frå person til person.

– Eg har møtt handverkarar som ikkje ser poenget med store restaureringstiltak. Dei meiner riving er eit betre alternativ. Samtidig har eg møtt handverkarar med stor respekt for det som for andre kan verke gamalt og riveferdig: Ein av kurshaldarane i Røros drog fram korleis ei ruskete bordkleding kan vera god nok. Borda er ikkje pynt; dei skal verne tømmeret innanfor. Funksjonen er det viktige, og slitasje har òg sin estetikk.

Samtidig viser Aas til observasjonar ho har gjort i andre land:

– Eg har hatt stipend til å jobbe i det høgteknologiske Japan; det er fascinerande å sjå at dei sender lange fjernsynsprogram med fordjuping i gamle japanske handverktradisjonar, som detaljar ved gamle tempelbygningar av tre. Der er byrgskap knytt til handverk ein sjølvsagt ting.

Det var dette lyrikkmeldaren i Dag og Tid, Sindre Ekrheim, sette fingeren på då han melde boka i førre utgåve av avisa: «Det må òg seiast at i ei tid da det kroppslege, manuelle arbeidet er gjort usynleg, som om det ligg ei skam der, er det likevel forfriskande at poeten gjer det til hovudsak i ei diktbok.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Funksjonen er det viktige, og slitasje har òg sin

estetikk.

Margrethe Aas, lyrikar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis