For fyrste gong i historia er to høgsterettsdomarar nynorskbrukarar.
Borgar Høgetveit Berg er den andre nynorsk høgsterettsdomaren i historia.
Rettsmål
ronny@dagogtid.no
Den som var stades i Noregs Høgsterett denne veka, var vitne til denne domsavseiinga: «Dommer Bull: ’Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.’ Dommar Høgetveit Berg: ’Det same.’ Dommer Ringnes: ’Likeså.’ Dommar Utgård: ’Det same.’»
«Likeså» er den bokmålske termen for «eg er samd», medan «det same» er den nynorske. Dette vitnar om ein unik situasjon i Noregs Høgsterett: To av tjue høgsterettsdomarar er nynorskbrukarar. (Då er justitiarius medrekna.)
Dette skjedde med at Borgar Høgetveit Berg vart utnemnd til ny dommar i Høgsterett. Høgetveit Berg har vore advokat hjå mellom anna Regjeringsadvokaten, og nynorsk har fylgt han gjennom karrieren. Karl Arne Utgård, som tidlegare har vunne prisen «Årets nynorskbrukar», vart utnemnd i 1999. Er ein fyrst utnemnd, kan ein ha posisjonen som høgsterettsdomar til ein fyller sytti år. Difor er dagens situasjon spesiell.
Nynorsk har vorte bruka i Høgsterett tidlegare, men då av nynorske jusprofessorar som har vore henta inn som konstituerte domarar, som Knut Robberstad i 1950-åra. Karl Arne Utgård er den fyrste nynorskbrukande juristen som vart tilsett som høgsterettsdomar.
Og kva galdt domen? To menn vart mellom anna dømde for å ha utnytta indiske sesongarbeidarar til tvangsarbeid i to gartneri på Austlandet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Rettsmål
ronny@dagogtid.no
Den som var stades i Noregs Høgsterett denne veka, var vitne til denne domsavseiinga: «Dommer Bull: ’Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.’ Dommar Høgetveit Berg: ’Det same.’ Dommer Ringnes: ’Likeså.’ Dommar Utgård: ’Det same.’»
«Likeså» er den bokmålske termen for «eg er samd», medan «det same» er den nynorske. Dette vitnar om ein unik situasjon i Noregs Høgsterett: To av tjue høgsterettsdomarar er nynorskbrukarar. (Då er justitiarius medrekna.)
Dette skjedde med at Borgar Høgetveit Berg vart utnemnd til ny dommar i Høgsterett. Høgetveit Berg har vore advokat hjå mellom anna Regjeringsadvokaten, og nynorsk har fylgt han gjennom karrieren. Karl Arne Utgård, som tidlegare har vunne prisen «Årets nynorskbrukar», vart utnemnd i 1999. Er ein fyrst utnemnd, kan ein ha posisjonen som høgsterettsdomar til ein fyller sytti år. Difor er dagens situasjon spesiell.
Nynorsk har vorte bruka i Høgsterett tidlegare, men då av nynorske jusprofessorar som har vore henta inn som konstituerte domarar, som Knut Robberstad i 1950-åra. Karl Arne Utgård er den fyrste nynorskbrukande juristen som vart tilsett som høgsterettsdomar.
Og kva galdt domen? To menn vart mellom anna dømde for å ha utnytta indiske sesongarbeidarar til tvangsarbeid i to gartneri på Austlandet.
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida