Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Aage Storløkken / NTB scanpix

Foto: Aage Storløkken / NTB scanpix

2578
20180914

Til Olaf Bull

DU er av disse store katedraler

som står ved enden av de trange streder

med tusen hellige, forborgne steder,

og rager over husenes kvartaler.

Og inn til deg går hundrede portaler,

og opp til tårnets himmelhøye gleder

– opp til de tonesvangre klokker – leder

den smale trapp i mørke stenspiraler.

Og mellem dine lange horisonter

går livets bittersøte billed-elv

og blir til skum mot dine kvaderblokker.

Du gir det navn i dine døpefonter,

og tar det opp i dine klingre hvelv

til det blir ditt – i dine svære klokker!

Jens Bjørneboe

Olaf Bull er det store namnet i norsk poesi. Han har særleg sunge om Oslo i versa sine. «Verlaine som Viking», sa den danske kritikaren Kai Friis Møller, og heldt fram: «en av de alle tiders største poeter i alle land». Jamvel om det i dag er heller stilt kring diktaren, var Olaf Bull lenge eit ideal mellom lyrikarar. Gunnar Reiss-Andersen, Jens Bjørneboe og jamvel færøyingen Christian Matras har hylla han i vers. Bull er òg nemnd i dikta hjå ei rad andre lyrikarar, som Gunnar Larsen og Gunvor Hofmo. Og Georg Johannesen byrja karrieren sin med ei magistergradsavhandling om Olaf Bull.

Ved sida av ser vi Jens Bjørneboes hyllest. Det er eit patosfylt dikt, slikt som diktarspirer gjerne skriv i unge år, for verset kom med i debuten Dikt frå 1951. Denne sonetten jamfører Bull med den mest majestetiske bygningen i eit byrom, katedralen. Det er sjølvsagt Bulls dikting det handlar om. Det er hundre portalar inn i dei rikhaldige dikta hans, og dei gjev lesaren «himmelhøye gleder». Samtidig inneheld versa «bittersøte» livsrøynsler, som Bull hentar frå «biletelva» i den vide horisonten. Dei slår som «skum» inn mot steinbygningen. Røynslene blir til malmfull kunst hjå Bull, som klokkesongen i katedralen.

Det er store ord, og mange kjenner nok ikkje att mennesket Bull i dei, men jamføringa med stein og monument er likevel råkande. Bull jamfører seg med ein murar i eit notat når han skildrar diktargjerninga si: «Jeg tænker paa hvad han bygger op med sin hvite kalk og jeg med mit svarte støv». I «Metope» heiter det som kjent «diktets evige unge alabast».

Denne veka har det falle litt «svart støv» på vegner av Olaf Bull. Så heilt stilt kring diktaren er det ikkje. Joseph Grimedals svarte bronsestatue av diktaren er flytta frå det gråe tilværet sitt ved SAS-hotellet til den nye frodige Olaf Bulls plass ved Drammensveien 60. Plassen heitte lenge Skillebekkparken, men har no fått attende det gamle namnet sitt. Lesarar er velkomne hit fredag kl. 20.00, då blir det avduking med diktopplesing og musikk.

Ronny Spaans

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.

Foto: Michal Walusza / Fide

KommentarSamfunn

Ingen vaksne heime

Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.

Atle Grønn

Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.

Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Astrid Sverresdotter Dypvik

Å møte seg sjølv i døra

Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.

President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.

Foto: Andrew Harnik / AP / NTB

Ordskifte
SølveSelstø

Dufta av kvantekaffi

«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»

2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

MiljøSamfunn
Per Anders Todal

Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.

Eit militærkøyretøy passerer Pokvrosk- skiltet under eit russisk åtak på byen, nær frontlina i Donetsk 19. desember 2024.

Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Himmel på jord

Også ukrainarane har feira jul og nyttår, med songar, pynt og god mat. Men det nye året byr på nye vanskar.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis