Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
V&A Dundee under bygging. Denne helga er det opning av museet.

foto: Wikipedia

2122
20180914
2122
20180914

Rådyrt kulturhus i Dundee

Debatten om rådyre kulturhus og signalbygg kjennemerkjer ikkje berre Noreg. I Dundee i Skottland er eit nytt Victoria and Albert Museum reist: V&A Dundee blir opna no laurdag med friluftskonsert, der det skotske rockebandet Primal Scream spelar. Bygningen ser sjølv ut som eit «primal scream», ein svart koloss ved hamnesida.

Byregjeringa vonar kunstmuseet vil ha same effekt som Guggenheim-museet i Bilbao i Spania, altså skapa økonomisk vokster i byen. Om Guggenheim-museet berre har vore til bate, er vel heller usikkert. I Bilbao har den alternative kunstscena og det kommersielle kulturlivet i byen slite. Og ingen andre kriseråka byar har greidd å herme Bilbaos økonomiske vinning av kultursatsinga.

Og som ofte med slike prosjekt har prislappen svulma under bygginga. Den endelege kostnaden på bygget er nesten dobbelt så høg som det opphavlege budsjettet på 45 millionar pund. Rekninga enda på 80 millionar pund – om lag 900 millionar kroner. Men det er ikkje berre byggjekostnadene som skaper bry. For å dekkje driftskostnadene er museet avhengig av ein offentleg stønad på meir enn 1,7 million dollar i året.

Ny historisk vandrerute

Ruta Den Norske Turistforening (DNT) har frå Saraelv til Reisavann får offisiell status som «Historisk vandrerute». Det melder Riksantikvaren. «Dette er en turopplevelse basert på Reisadalens mangfoldige historie, og langs turen kan du blant annet lære om tjærebrenning, lakselorder, reindrift og forhistorisk jakt på villrein», seier generalsekretær i DNT, Nils Øveraas.

Den nye ruta blir feira laurdag 15. september med tur, underhaldning og festmat. Feiringa skjer på besøkssenteret til Ovi Raishiin. Ruta er rydda og nymerkt, og undervegs er det sett opp informasjonspunkt der turgåarar kan lesa om Reisadalens spennande historie. Han skal opne ruta offisielt saman med fungerande riksantikvar Marit Huuse og fylkesråd Willy Ørnebakk.

Ruta som no blir opna, er den tiande ruta som er etablert etter at Riksantikvaren og DNT i Friluftslivets År 2015 sette i gang ei sams satsing for å auke bruken av gamle ferdselsårer som turruter.

ronny@dagotid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.

Foto: Michal Walusza / Fide

KommentarSamfunn

Ingen vaksne heime

Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.

Atle Grønn

Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.

Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Astrid Sverresdotter Dypvik

Å møte seg sjølv i døra

Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.

President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.

Foto: Andrew Harnik / AP / NTB

Ordskifte
SølveSelstø

Dufta av kvantekaffi

«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»

2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

MiljøSamfunn
Per Anders Todal

Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.

Eit militærkøyretøy passerer Pokvrosk- skiltet under eit russisk åtak på byen, nær frontlina i Donetsk 19. desember 2024.

Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Himmel på jord

Også ukrainarane har feira jul og nyttår, med songar, pynt og god mat. Men det nye året byr på nye vanskar.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis