Alt mogleg
Er det mogleg å ha stor formue utan å ha mykje makt? I teorien er det vel mogleg, men vanleg er det ikkje. Det som derimot er vanleg, er å bruka orda mogleg, formue og makt utan å vita at dei er i ætt med kvarandre. Legg til orda måtta, mått og formå, so er nesten heile den norske greina av familien samla.
Verbet måtta (som i norrønt hadde infinitivsforma mega) og substantivet mått (‘makt, styrke’, norr. máttr) har vore lenge i landet. Sistnemnde er tolleg sjeldsynt, men i klassisk nynorsk hender det at både mått, måttug og samansetjingar som måttlaus kikar fram. Fleirtalet av oss nyttar helst makt (av lågtysk macht), og slik har det vore ei stund: I Norsk Ordbog (1873) opplyser Ivar Aasen at makt (landsmål magt) er ei nyare og vanlegare form enn mått. Verbet måtta står like støtt no som før, men tydinga har endra seg noko dei siste hundreåra. I norrønt tydde dette verbet ‘kunna, ha makt til; ha lov til’ (jf. dansk må: «Må jeg få en is?» ‘Kan eg få ein is?’). Me kan framleis bruka ordet slik, jamfør desse seiemåtane frå Nynorskordboka: «Du må so seia.» (‘Du kan so seia.’) «Må eg koma inn?» (‘Kan eg koma inn?’) Men det er endå vanlegare å bruka måtta i den temmeleg nye tydinga ‘vera nøydd til’: «Du må stå opp.» «Eg måtte gjera det.»
Opphavet til alle desse orda er ei indoeuropeisk rot som tyder ‘vera i stand til, ha makt’. Denne rota ligg òg til grunn for det lågtyske verbet vormogen (ihopsett av det forsterkande førefestet vor og verbet mogen ‘kunna’), som i norsk har fått forma formå. Av vormogen kjem substantivet vormoge (eig. ‘det ein formår’), som hjå oss har vorte formue. Ordet mog(e)leg (seint norrønt möguligr) kjem òg av lågtysk mogen (‘kunna’). Dette adjektivet målber mellom anna at noko lèt seg gjennomføra: «Dei vil gjera minst mogleg og ha mest mogleg fri.» «Alt er mogleg!»
Det er umogleg å syna fram alle moglege former av mogleg her, men i norske målføre finst til dømes desse uttalemåtane: mugleg, mógøleg, móleg, muleg, mau(g)leg og møyeleg. Dersom me treng eit substantiv, kan me i nynorsk velja mellom moglegskap, moglegheit og mogleik. Bokmålsordet mulighet har mange andvendelsesmuligheter, men det er fullt mogleg å greia seg utan det. I alle fall om du er ein altmoglegmann – eller kanskje ei altmoglegkvinne?
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida