Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Den første togreisa

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
William Huskisson vart det første dødsofferet i jernbanehistoria.

4476
20170915
4476
20170915

I 1830 var den teknologiske utviklinga komen så langt at det var tid for toget å dukke opp. Skjener fanst, der hestar drog vogner. No var dampmaskina komen. Ho kunne produsere energi kvar som helst, også på ei rullande vogn. Georg Stephenson hadde vunne ein konkurranse om det første lokomotivet. No skulle det prøvast. Ein liten flokk fekk bli med på prøveturen

Samtida reagerte med skepsis. Lokomotivet var «eit uhyrleg monster i dødskamp, med innvolar som brennande kol», var det ein som skreiv. Ein prest fortalde om tenaren sin, som han hadde tatt med for å sjå eit tog passere. Då toget for forbi, «spyande søyler av svovelrik røyk (…) fall tenaren nasegrus ned på bakken som om han skulle vore slått av lynet». Då han omsider kom seg på beina igjen, gjekk det framleis rundt for han. Etter fem minutt fekk han talens bruk tilbake, «Kor lenge skal kunnskapen ha lov til å vekse og vekse på denne måten?» sa den forvirra tenaren.

Så kom den offisielle opninga av den første jernbaneruta: Liverpool–Manchester. 400.000 menneske stod langs ruta denne våte septemberdagen i 1830. Lord Wellington, helten frå Waterloo 15 år før, var no statsminister og såleis heidersgjest på den første turen. Han var skeptisk til heile prosjektet, og meinte det var dødfødt.

Det var mykje fint folk med: 700 inviterte gjester fordelte på sju tog. Midtvegs stoppa toget for å fylle vatn, og det vart høve til å lufte seg. Huskisson, parlamentsmedlem frå Liverpool og jernbaneentusiast, helsa på statsministeren i pausen. Medan dei stod og prata, kom eit av dei andre toga farande på eit parallellspor. Det vart mykje roping og skriking, og ambassadørar, grevar og lordar sprang i alle retningar. Huskisson vart forvirra av denne dramatiske situasjonen, og vart ståande. Ein av dei andre på toget fortel: «Huskisson miste fatninga og såg seg hjelpelaust om til alle kantar, før han vart lagt i bakken av denne livsfarlege maskina, som slo ned på han som eit lynnedslag og knuste foten hans.»

George Stephenson hadde ført toget med statsministeren om bord. Han greip no inn, og fekk Huskisson lagt på ei vogn med eige lokomotiv. Med dette vesle toget rasa dei mot næraste by for at Huskisson skulle få førstehjelp. Det vart sett fartsrekord, 60 kilometer i timen.

Det enda ille. Huskisson kom til å bli det første dødsofferet i jernbanehistoria.

Til Manchester kom dei då fleire timar for seint. Ei stor og utålmodig folkemengd stod og venta. Mange av dei var arge på statsministeren frå før, fordi han ikkje ville gå med på endringar i valordningane, slik at parlamentet fekk ein breiare base i folket. Parlamentsreform var det mest brennande politiske spørsmålet i 1830. Og no slo dei tilbake. Toget til lord Wellington vart steina, og helten frå Waterloo måtte rømme byen med toget sitt.

Lorden drog sine eigne konklusjonar av det som hende. Underklassane var rotne inn i mergen, og revolusjonen stod for døra. Å utvide røysteretten og såleis endre samansettinga av parlamentet, var vettlaus ferd, sa lorden og statsministeren.

Snart var hans tid ute. Wellington var tory, konservativ. På dagen to månader etter hendinga i Manchester braut regjeringa hans saman. Ei meir reformvenleg regjering, liberal, med lord Grey som statsminister, tok over. Og valordninga vart endra.

Premieren for toget vart dramatisk, men det var ikkje så farleg. Toget rulla vidare, utan både Huskisson og Wellington.

Den første togturen signaliserte at industrialiseringa skaut fart. Og det såg ut til at det teknologiske framsteget ikkje lét seg stogge, slik tenaren til presten hadde ønskt då han hadde sett det første toget.

I 1845, 15 år seinare, var det lagt ut 3600 kilometer med jernbanespor i England. Sju år seinare, i 1852, var talet tredobla.

Mange meinte at toget ville skape ei betre verd, der nasjonane vart samla under fanene til vitskap, harmoni og rikdom, «ein stor, varig og bortimot evig siger over naturkreftene», som ein engelsk lord – en kollega av lord Wellington – sa det.

Det er snart 200 år sidan den første dramatiske togturen frå Liverpool til Manchester. Sidan då har både bilen og flyet dukka opp og forsynt seg grovt av dei reisande.

Men toget har ikkje gitt opp. Kolet og røyken er borte. Energien er rein. Både flyet og bilen slit med energien sin, slik toget eingong gjorde. Kampen om framtida er open. Og toget er med.

Den største investeringa i Oslo i nær framtid er den nye togtunellen under byen, ved sida av tunellen som alt ligg der.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis