JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKunnskap
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Ukjent / NTB

Foto: Ukjent / NTB

2699
20240126
2699
20240126

Denne gongen omtalar eg ei attdikting Olav Nygard gjorde av poesien til Robert Burns – «Sonnet Written On The Author’s Birthday» frå 1793. Eg gjev att dei to siste verslinene i fyrste strofe i originalen: «See aged Winter, ‘mid his surly reign,/ At thy blythe carol, clears his furrowed brow». Av språkforma ser vi at det ikkje dreier seg om engelsk, men skotsk – eit språk som enno blir tala og skrive i Skottland og Nord-Irland og på Orknøyane og Shetlandsøyane.

Det er ikkje tilfeldig at eg valde nett dette diktet. Vinteren er kanskje enno ikkje «aldrug», men den sterke kuldeperioden har gjeve seg, og mange stader kan vi høyre småfuglar syngje i trea. Og ikkje minst: I går var det åremålsdagen hans Robert Burns, som vart feira med det tradisjonsrike Burns Night, med «Burns supper» – klassisk skotsk haggis – fleire stader i verda.

Ei attdikting blir rekna som åndsverket til attdiktaren, så difor har vi eit foto av Olav Nygard attmed, og det er heller ikkje utan grunn eg nemner nett han. I år er det hundre år sidan denne særeigne nynorskskalden døydde. Det blir markert med tilstellingar gjennom året, mellom anna på heimstaden til Nygard, Modalen. Det er ikkje mange nynorskdiktarar frå mellomkrigstida som enno kveikjer unge forfattarar – men det gjer Nygard. I fjor kom Olav Nygards seng av Erlend O. Nødtvedt ut, og i februar kjem Liv, eg har drukke av Dag og Tids Erlend Skjetne.

Diktet er prenta i Dikt av Robert Burns (1923). Det er den einaste samlinga attdiktingar Nygard gav ut. Nygard må ha kjent seg att i livslagnaden hans – med bakgrunn i ein fattig bondestand, dei døydde òg om lag like gamle, Burns vart 37 og Nygard 39. Interessa for folkekultur stod òg sterk hjå begge, liksom hjå andre som har sett om dikt av Burns til norsk, som Johannes Gjerdåker.

Men likevel er Nygard i sine beste dikt ulik Burns, ja, mindre «folkeleg», meir intrikat, men med ein stor himmel over seg. Det vil eg skrive om i denne avisa til dagen han gjekk bort, 11. februar.

Ronny Spaans

Sonnett

Skriven paa fødedagen til skalden; han høyrde ei maaltrast syngje med han gjekk tidleg ein morgon.

Syng, blide maaltrast, paa di nakne grein,

syng, blide fugl, du fangar hugen min.

Sjaa regnsur aldrug Vinter fær ein glein

av smil ved kvike lovsongstonen din.

Slik sit paa einsleg Armods aude strand

den milde Nøgd med hjarta ljost og lett,

tek augneblinken blidt som solarsprett,

spør ei kva von eller misvon d’er fyr hand.

Takk, du som skaper denne unge dag,

som gyller austanhimlen med di sol!

Um ikkje eg fekk rom i rikdoms stol –

Di gaave gjev ei frygd av reinar slag.

So kom, du armodsbarn, me set kje krav,

men skifter skjerven høge himlen gav.

Robert Burns

Attdikting ved Olav Nygard

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis