Først over Atlanterhavet
Harry Hawker poserer med sin Sopwith Atlantic dobbeldekkar før han 18. mai 1919 la i veg over Atlanteren.
Foto: Bain News Service / Wikimedia Commons
Den 20. mai 1919 kunne Norges Handels- og Sjøfartstidende fortelje om kampen om Atlanterhavet, om å bli den første som tok den nye oppfinninga, flyet, heile vegen over havet. Flyet var nytt og ungt. I 1903 var brørne Wright oppe i lufta i 59 sekund med flyet sitt. Det var rekord. To år seinare var rekorden ein halv time.
No var flyet i lufta. Ein gammal draum var realisert. Mennesket kunne fly, som fuglen. Og utfordringane melde seg.
I 1909 vart franskmannen Louis Bleriot verdskjend. Han flaug, som den første, over Den engelske kanalen. Kanalen var overvunnen.
Den 30. juni 1914 landa nordmannen Tryggve Gran på Jæren med eit bleriotfly. Han hadde brukt fire timar og ti minutt frå Skottland til Jæren. Nordsjøen var overvunnen.
Men Atlanterhavet stod att.
Og Sjøfarten, som var det folkelege namnet på avisa, kunne fortelje om eitt av mange forsøk. Harry Hawker, som flygaren heitte, hadde rekna seg fram til at flyturen frå Newfoundland til Irland var på 1900 mil og ville ta 25 timar.
Han greidde det, nesten. 40 mil frå land plaska han i havet. «En glimrende sportsbedrift», slår Sjøfarten fast og skriv vidare: «Hawkers heldige flugt har dog endu mer overbevist os om at Atlanterhavsflugten om ikke længe vil være en kjendsgjering.»
Det skulle ta berre ein månad før neste forsøk kom. Britane John Alcock og Astor Brown greidde det. Dei landa i Irland, og Atlanterhavet var overvunne.
I 1913 hadde avisa Daily Mail sett opp ein stor pengepris til den eller dei som greidde å krysse Atlanterhavet med fly på mindre enn 72 timar. Under krigen var prisen parkert, før han vart aktivisert på nytt i 1918.
Det vart stor festivitas ved prisutdelinga. Flyminister Winston Churchill overleverte prisen.
Alcock og Brown er i dag å sjå ved flyplassen på Heathrow, der dei har fått sine statuar.
Men dei var to på flyturen. Det store karstykket stod att: å overvinne Atlanterhavet åleine.
Den 22. mai 1927 landa svenskamerikanaren Charles Lindbergh utanfor Paris med einmotorsflyet sitt, «Spirit of St. Louis». 25 år gammal, tidlegare postflygar, hadde han åleine floge frå New York til Paris på 33,5 timar, 6000 kilometer.
Hendinga vekte enorm oppsikt. Det amerikanske flyvåpenet gjorde Lindbergh til oberst. Seinare gjorde han karriere i flyindustrien. I 1954 vart han brigadegeneral.
Lindbergh vart ein superkjendis i si tid, men det hadde ein pris: I 1932 vart den to år gamle son hans bortført av ein pengeutpressar. Seinare vart sonen funnen drepen. Pengeutpressaren, ein skreddar, vart avretta i 1936.
Då krigen kom, vart Lindberg isolasjonist og ville halde USA ute av krigen. For det fekk han påpakning av president Roosevelt. Ved Pearl Harbor snudde han og melde seg til teneste for flyvåpenet som sivil ekspert.
Dagens Næringsliv, som Sjøfarten i dag heiter, minner om at det er 100 år sidan Hawkers fly plaska i havet 40 mil frå Irland, som han hadde sett seg som mål.
Men det skulle ikkje ta lang tid før også Atlanterhavet måtte gje tapt for menneskets mot og kløkt.
Ettersom åra gjekk, vart det uendelege Atlanterhavet redusert til ein transportetappe for velståande og reiseglade ferdafolk.
I sine fullsette dreamliners, med romsleg servering, har nok ingen av dei den minste tanke om kor lang den første flyturen var.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida