Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Den kvite løgna

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Moses med dei ti boda slik Rembrandt Harmenszoon van Rijn (1606–1669) tolka han.

3692
20210514
3692
20210514

Løgna har dårleg omdømme. Motpolen hennar, sanninga, står og skin gjennom historia, med lysande martyrar, som Sokrates og Kristus, med uendelege lovsongar frå diktarane, som Wergeland og Ibsen og mange fleire. Sanninga skal frigjere dykk, seier Skrifta.

Noko slikt har ingen sagt om løgna. Ho får ingen lovtale. Ho er berre eit sleipt, lurvete krek som øydelegg forholdet mellom menneske og statar.

Alt på Sinai fekk Moses eit eige bod, det åttande, som åtvara mot å tale usant om nesten. I staden skal vi, som Luther seier i si forklaring, «orsake han, tale vel om han og ta alt i beste meining».

I Johannesevangeliet er Jesus sjølv kort og bastant om løgna. Djevelen sjølv er den store løgnaren og far til løgna, slår han fast.

Bastante moralreglar er lette å formulere, for gudar og andre. Dei er ikkje like lette å leve etter. I vår kulturkrins har menneska, med vekslande hell, slite med dei bastante boda i Moselova. Både det eine og det andre bodordet kolliderer med ein ugrei og ustyrleg røyndom. Det har vore nødvendig å finne smugvegar rundt desse boda, for å kunne føre krig, for å sleppe fram den havesjuka som er nødvendig i handel og næring, for å gjere nødvendig arbeid på søndag og for å gje seksualiteten eit lite frirom.

Det bastante forbodet mot løgn vart for firkanta for den uoversiktlege verda menneska måtte leve i.

Det måtte finnast ein smugveg.

Og han vart funnen. Det var den kvite løgna, den nødvendige naudløgna.

Namnet skal kome frå engelsk, white lie. Og det skal vere knytt til omgrepet kvit magi, den lovlege magien, magien retta mot gudane. Motstykket var svart magi, trolldom, svartekunst, retta mot vonde makter.

Kvit magi er kjend som lovleg praksis alt frå oldtida. Svart magi var trollskap, synd i kristen språkbruk.

Så vart løgna innlemma i det gode selskapet, som kvit løgn, nødvendig naudløgn.

Og ho dukkar stendig opp, også i dagleglivet. Kor mykje skal ein dødssjuk få vite om sjukdommen sin? Kor mykje skal vi lyge? Om ein ungdom ber på ein alvorleg arveleg sjukdom, bør han få vite det når han/ho ser ut til å vere på veg inn i eit ekteskap?

Om det byrjar å gå rykte om devaluering av valutaen, kva skal finansministeren svare media? Ei devaluering bør kome brått og uventa om ikkje store verdiar urettmessig skal bytte eigar. Rådande lære er at finansministeren ikkje berre bør blånekte. Han må også. Sanninga må ofrast for å sikre økonomisk rettvise.

Det finst folk i vårt land, i forsvar og overvaking, som sit på store kunnskapsmengder få skal kjenne til. Dette er eksklusiv og verdfull kunnskap som mange gjerne vil ha tak i, media og framande makter til dømes. Dei som sit på denne kunnskapen, dekker han gjerne med ei løgn om det er nødvendig. Det hemmelege skal vere hemmeleg. Omsynet til rikets tryggleik veg tyngre enn omsynet til sanninga. Dette blir dramatisk demonstret om det bryt ut krig. Eit gammalt ord seier at sanninga er det første offeret i ein krig.

Dette er eit heitt politisk konfliktfelt. Ferske krigar som krigane i Afghanistan, Irak og Libya har vist kor skitne dei kvite løgnene kan vere.

Noreg var okkupert av ei framand makt i fem år. Då var det lov å lyge for okkupanten. Ein maidag under krigen hadde mor og eg funne dei to første egga i hønsehuset. Hønsa hadde byrja verpe etter den lange, mørke og eggfrie vinteren.

Ein tysk soldat banka på heime og ville kjøpe egg. Niks egg, sa mor. Eg var fem år og visste at det var løgn. Dei to egga låg på ei hylle i spiskammeret.

Då soldaten var gått, såg eg glad på mor: «Vent til det blir meir sol! Då vil hønsa verpe mykje meir. Då skal vi lyge skikkeleg for dei!»

Eg var stolt av ei mor som kunne lyge når det var nødvendig.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis